Jyväskylä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°14′27.856″N 25°44′17.592″E

Jyväskylä
Horisonten til Jyväskylä
Styresmakter
Län
Landskap
Västra Finlands län
Mellersta Finland
Geografi
Flatevidd 1 466 km²
Innbyggjarar 128 053
Diverse anna
Nettstad: www.jyvaskyla.fi
Plassering
Plassering av  Jyväskylä

Jyväskylä er ein by i Finland som ligg i landskapet Keski-Suomi (Mellersta Finland) i Länsi-Suomen lääni (Västra Finlands län). Byen er mellom anna kjend for å ha fleire bygg teikna av arkitekten Alvar Aalto. Jyväskylä universitet har sju fakultet.

Jyväskylä ligg i den nordlege enden av innsjøen Päijänne. Byen har over 128 000 innbyggjarar (2009). Kring 200 er svenskspråklege.

Området rundt har om lag 143 600 innbyggjarar, av dei rundt 290 svenskspråklege (2005), og omfattar i tillegg til byen Jyväskylä landskommun, Laukas og Muurame.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jyväskylä fekk marknadsrettar i 1801 og bystatus den 22. mars 1837. Same året laga arkitekten Carl Ludvig Engel ein byplan for byen og i 1838 hadde byen 189 innbyggjarar. Finlands fyrste finskspråklege ungdoms- og vidaregående skule vart oppretta i Jyväskylä i 1858. Sjølvstendig kyrkjelyd vart Jyväskylä i 1875, og bykyrkja, teikna av Ludvig Isak Lindqvist, stod ferdig i 1880.

I 1897 kom jarnbana til Jyväskylä frå Haapamäki, han skifte ut dampbåttrafikken over Päijänne til Lahti som det viktigaste transportsambandet i byen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jyväskylä