Akropolis i Aten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akropolis i Athen, sedd frå høgda Pnyx i vest
Akropolis i Athen, sedd frå nord, med den restaurerte Stoa av Attalus i framgrunnen
Den sørlege muren av Akropolis, sedd frå Dionysosteateret
Akropolis sedd frå Zevstempelet i søraust

Akropolis i Aten er den best kjende akropolisen ('høge byen') i Hellas. Sjølv om det finst mange andre akropolisar i Hellas, er Akropolis i Aten vanlegvis det ein meiner når ein snakkar om «Akropolis» utan nærare presisering. Akropolis er eit lite fjell med ein flat topp som ligg 150 meter over havet. Han var òg kjend som Kekropia til minne om den legendariske slangemannen, Kekrops, den første atenske kongen.

Akropolis stig brått opp frå Attika-sletta med bratte klippar på tre sider. Han kan nåast til fots berre frå vest, der han er forbunden av den låge bakkekammen til Areopagus. Han er dermed ei naturleg festning, og er grunnen til at byen Aten eksisterer. Aten begynte som eit jarnalderfort på toppen av Akropolis. Det var ikkje før etter persarkrigane at Akropolis slutta å fungere hovudsakleg som ei festning.

Der er arkeologiske prov for bygg og bruk i Mykene-perioden da eit palass stod der. På den tida var det omringa av ein tjukk mur (mellom 4,5 og 6 meter) som bestod av to gjerde bygde av store steinblokker sementerte saman med jordmørtel. Hovudinngangen var mot vest. Mot nordaust var det ein annan inngang der, som kunne nåast gjennom ei trapp av rundt 15 trappetrinn hogde ut i stein. Denne andre inngangen låg nær det kongelege palasset. Mot nordvest førte ein liten inngang og ei trapp til ei kjelde kjend som «Klepsydra».

Etter den mørke tidsalderen slutta Akropolis å bli bruka som busetjing og vart kultsenteret til Aten, eit sentrum for tilbeding i byen. Etter den doriske invasjonen i det 10. hundreåret fvt., omslutta ein ny bygning kalla Enneapylon («ni inngangar») dette. Spor av mykenske hus provar at Akropolis var ubebudd i løpet av den tida og heldt fram med å vera det under dei mørke periodane føre framveksten til den atenske byen i det 8. hundreåret fvt. På den tida eksisterte det eit lite tempel dedikert til Athene som vart nemnt av Homer. Den erobra Akropolis tente som ei borg for Pisistratos. I 510 fvt., da han vart slegen av eit folkeleg opprør støtta av Sparta, vart murane rivne ned. På same staden søkte det gamle folket i Aten tilflukt under persarkrigane rundt 480 f.Kr. For dette føremålet vart dei øydelagde delane av muren erstatta av tregjerde, men dette hindra ikkje den persiske kongen Xerxes sine troppar frå å erobre Akropolis, plyndre han og brenne dei store templa.

Mesteparten av dei store templa vart bygde opp att under leiarskapen til Perikles under gullalderen til Aten (460–430 fvt.) Fidias, ein stor atensk skulptør, Iktinos og Kallikrates, to namngjetne arkitektar, var ansvarlege for gjenoppbygginga.

I løpet av det 5. hundreåret f.v.t. fekk Akropolis si siste utforming. Etter å ha vunne slaget om Eurymedon i 468 f.Kr., gav Kimon og Themistokles ordre om å byggje opp att dei sørlege og nordlege murane, og Perikles gav oppgåva til Iktinos og Fidias med å byggje Parthenon. I 437 fvt. starta Mnesikles bygginga av Propylaea, monumentale inngangr med søyler av marmor frå Pendéli, delvis bygde på den gamle propylaea til Pisistratos. Desse søylene var nesten ferdige i 432 fvt. og hadde to venger, den nordlege tente som biletgalleri. Etter eit avbrot på grunn av peloponnesarkrigen vart tempelet fullført i tida til Nikias sin fred, mellom 421 fvt. og 415 fvt.

Kulturell betydning[endre | endre wikiteksten]

Kvart fjerde år heldt atenarane ein festival kalla Panatheaea som rivaliserte med dei olympiske leikane i popularitet. Under festivalen gjekk ein prosesjon gjennom Aten opp til Akropolis og inn i Parthenon (som vist på bilete på innsida av Parthenon). Der vart ei enorm kappe av vove ull (peplos) plassert i ein seremoni på Fidias sin massive statue i gull og elfenbein av Athene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipediaen [1]
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.