Al-Ghazali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Ghazali

Fødd1058
Tus
Død19. desember 1111
Tus
NasjonalitetSeldsjukkarriket
OmrådeIslamsk filosofi, teologi, Sufisme, Kalam, Islamic ethics
Yrkefilosof, mutakallim, sjølvbiograf, teolog, lyrikar, faqih, journal editor, journalist
InstitusjonarAl-Nizamiyya of Baghdad

Abu Hamid Muhammad al- Ghazali (105819. desember 1111) var ein muslimsk tenkjar frå Tus i Khorasan-provinsen i Persia. Han fekk tilnamnet 'Provet åt islam', og er rekna som den fremste muslimske filosofen gjennom tidene.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far hans, ein tradisjonell sufi, døydde då Al-Ghazali og veslebror hans, Ahmad Ghazali, enno var små. Ein av venene til faren tok vare på dei dei neste få åra. I år 1070 reiste Al-Ghazali og broren til Gurgon for å melda seg på ein madrassa (muslimsk presteseminar) der Al-Ghazali studerte fiqh, islamsk lov. Etter om lag 7 år med studie, vende han attende til Tus. Han synte tidleg ein skepsis til vedtekne sanningar. Han skreiv omfattande kritiske verk mot ei rekkje av dei filosofiske og teologiske retningane frå den tida.

Den fyrste viktige turen hans til Nisjapur fann stad rundt år 1080 då han var nesten 23 år gamal. Han vart elev av den vidgjetne muslimske lærde imam al-Haramayn. Etter at imamen døydde i 1085, vart Al-Ghazali invitert til å reisa til hoffet til Nizamul Mulk Tisi, den mektige vesiren til seldsjuk-sultanane. Vesiren vart så imponert av lærdomen til Al-Ghazali at han utnemnde han til hovudprofessor ved den vidgjetne lærestaden Al-Nizamiyya (skipa i 1067) i Bagdad i 1091. Al-Ghazali kunne undervisa meir enn 300 elevar og deltakinga hans i islamske debattar og diskusjonar gjorde han populær overalt i dei islamske territoria. I løpet av tida si ved Al-Nizamiyya, orienterte han seg i retning av sufismen (islamsk mystikk).

I 1095 gjennomgjekk Al-Ghazali ei djup åndeleg krise, forlét karrieren sin og reiste frå Bagdad under påskotet om å reisa på pilegrimsreise til Mekka. Han passa på at nokon tok vare på familien hans, men kvitta seg med rikdomen sin og tok til å leva som ein omstreifande asket. Etter å ha vore noko tid i Damaskus og Jerusalem, med ei vitjing til Medina og Mekka i 1096, vende han tilbake til Tus og slo seg ned der i einsemd. Han avslutta isolasjonen sin med ein kort undervisningsperiode ved Nizamiyyah-skulen i Nisjapur i 1106. Seinare vende han attende til Tus der han budde til han døydde den 19. desember 1111. Han fekk ein son med namnet Abdu'l Rahman Allam.

Lære[endre | endre wikiteksten]

Al-Ghazali fann fred i ein teologi som forkasta den reine skolastikken og som bygde på den personlege opplevinga/erfaringa (arabisk ma'rifa) av Allahs kjærleik så vel som redsle for Allahs dom. Al-Ghazali skreiv meir enn 70 bøker om vitskap, tidleg islamsk filosofi, islamsk psykologi, kalam og sufisme. Dei fleste vart skrivne på arabisk, men nokre få på farsi.

Han er kjend for verket Tahāfut al-Falāsifa ('Filosofane sin mangel på samanheng') der han tok eit skarpt oppgjer med dei greske filosofane Platon, Aristoteles og Sokrates. Boka var særleg retta mot falsafa, ei gruppe muslimske tenkjarar frå 800-talet til 1100-talet som henta inspirasjon frå dei gamle greske filosofane. Al-Ghazali skreiv at filosofane var vantruande heidningar, og at dei som nytta deira metodar og idear skjemma den muslimske trua. Boka representerer eit stort skilje i islamsk epistemologi, fordi Al-Ghazali effektivt oppdaga den filosofiske skeptisismen som ikkje skulle bli oppdaga i vesten før tida til Rene Descartes, George Berkeley og David Hume. Møtet hans med skeptisisme førte til at Al-Ghazali greip tak i ein type teologisk determinisme, dvs at alle hendingar og samhandlingar ikkje er eit produkt av materielle samband, men derimot den overhengjande og noverande viljen til Allah.

I sine mest sentrale verk, al-munqidh min al-dalal ('Redning frå villfaringa') og ihya 'ulum al-din ('Gjenoppliving av religionsvitskapane') byggjer han bru mellom mystikk og rasjonalitet. Al-Ghazali skal seinare ha hatt stor indirekte innverknad på både muslimske, jødiske og kristne filosofar, til dømes Thomas Aquinas (1225-1274) og Blaise Pascal (1623-1662).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]