Al Shouf-seder naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Shouf-seder naturreservat
verneområde
Al Shouf-seder naturreservat
Land  Libanon
Distrikt Chouf distrikt
Koordinatar 33°41′39.25″N 35°42′07.63″E / 33.6942361°N 35.7021194°E / 33.6942361; 35.7021194
Areal 550 km²
Grunnlagd 1996
Kart
Al Shouf-seder naturreservat
33°41′39″N 35°42′08″E / 33.69423611°N 35.70211944°E / 33.69423611; 35.70211944
Wikimedia Commons: Al Shouf Cedar Nature Reserve
Nettstad: http://www.shoufcedar.org/

Al Shouf-seder naturreservat er eit naturreservat i Chouf distrikt i Libanon. Det ligg i fjellsida av Barouk og dekkjer eit område på 550 kvadratkilometer, nesten 5,3% av Libanon.

Reservatet omfattar libanonsederskogane i Barouk, Maaser el Shouf og Ain Zhalta. Det er eit viktig fugleområde og økoturisme-område. Her held 32 ville pattedyrartar, 200 fugleartar og 500 planteartar til.

Geomangfald[endre | endre wikiteksten]

Barouk består av bergartar frå pliocen som har gjennomgått store tektonske rørsler som har delt fjella i Libanon i to parallelle delar. Den austlege fjellkjeda vert kalla Anti-Libanon og den vestlege Libanonfjella. Dei to fjellkjedene er delte av Beqaadalen. Hovudbergarten er kalkstein. Heile Barouk er grottefylt kalkstein, med mange overflatedetaljar som dolinar, som indikerer grotteformene inne i fjellkjeda. Ei grotte, som er 700 meter lang, ligg nær landsbyen Niha. Grotta er full av stalaktittar og stalagmittar.

Det høgatse fjellet i fjellkjeda er på 1980 meter over havet.

Vasstilførsla i området kjem hovudsakleg av regn. Det kan ligge snø i kortare periodar på dei høgare toppane, og i samband med regn og snøsmelting kan det oppstå flaum i området. Mykje av vatnet trekk ned i dei porøse bergartane og ned i dei mange store kjeldene som ligg i dei lågareliggande områda. Desse har på grunn av dette vatn gjennom tørketida frå april til november. Det regnar i snitt 1200 mm i året, og årsmiddeltemperaturen er 11,3 ºC. I august når maksimumstemperaturen i snitt 23,4 ºC, medan minimumstemperatureni januar i snitt er -0,6 ºC. Kulderekorden i januar er -10,8 ºC og varmerekorden i august er 32,3 ºC. Det er kring 50 til 55 snødagar i året.

Kulturarv[endre | endre wikiteksten]

  • Sedertrea: Sederskogane i Libanon er dei eldste dokumenterte i historia. Dei vart nemnde av sumerarane på 2000-talet fvt., mellom anna i Gilgamesh-diktet.
  • Historiske kulturstader:

Somme av landemerkene i området er:

    • Qalaat Niha: Grotteborga i Tyr, som er nært knytt til prins Fakhreddin II si episke historie.
    • El Nabi Ayoub: Eit kapell bygd på ein ås oppom landsbyen Niha med leivningane etter Job. Ayoub er det arabiske namnet for profeten Job.
    • Qab Elias-borga: Denne ein gong så mektige drusar-borga tente som utpost og kontrollerte vegen mellom Beirut og Damaskus.
    • Mazar El Sit Cha'wane: El Sit Cha'wane er ein kjend figur i drusisk religion. Som Job i Gamletestamentet, var ho ein modell for dyd og fromheit. Eit kapell vart reist i hennar namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]