Albacete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albacete
Flagget til Albacete Byvåpenet til Albacete
Flagget til Albacete Byvåpenet til Albacete


Plassering
Albacete is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla-La Mancha
Provins Albacete
Borgarmeister Carmen Oliver Jaquero
Geografi
Flatevidd
 - By

1 125,91 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

166 909
  148,2 /km²
Koordinatar 38°59′″N 1°51′″WKoordinatar: 38°59′″N 1°51′″W
Høgd over havet 686 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 02001 - 02007
Nettstad: www.albacete.es

Albacete er ein by og ein kommune søraust i Spania, 258 km søraust for Madrid og hovudstad i provinsen Albacete i den autonome regionen Castilla-La Mancha. Kommunen har kring 165 000 innbyggjarar.

Busetnaden vart kalla al-Basīṭ, 'sletta', av arabarane. Byen har vore kjend som eit senter for produksjon av fine dolkar, sakser og knivar. Sjølv om Albacete aldri har vorte rekna som ein industriby, har industriparken i byen, Polígono de Campollano, nyleg vorte utvida og er i dag ein av dei største industriparkane i landet.

Albacete har i lag med Ciudad Real eit av hovudkvartera til Universitetet i Castilla-La Mancha. Om lag 9000-10 000 studentar held til i byen. Albacete er ikkje kjend som eit viktig turistmål, men har attraksjonar som katedralen og provinsmuseuemet i Albacete.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja i Albacete

Albacete var ein maurisk landsby. Landsbyen vart erobra av kristne troppar i 1241 og var underlagt Alarcon.

Første del av 1300-talet, då forfattaren Don Juan Manuel, hertug av Peñafiel, som var guvernør i Murcia og derfor herre over desse landområda, utvikla landsbyen seg og folketalet auka. I 1375 vart Albacete ein eigen kommune og vart sjølvstendig frå Chinchilla. Hundreår seinare i 1476, takka dei katolske monarkane Albacete for støtta til krona og han fekk rettar til å halde ein marknad ein gong i veka.

Under Comunerosopprøret (1520-22) støtta Albacete den nye keisaren Karl V som i 1526 gav dei føydale eigedomane i byen til kona si, keisarinne Isabel av Portugal. I denne perioden starta bygginga av kyrkja San Juan Bautista (Johannes Døyparen), som seinare vart ei domkyrkje.

Albacete på 1700-talet

Albacete låg strategisk til mellom Madrid og austkysten av Spania og jordbruket førte til vekst i kommunen dei neste hundreåra fram til Filip V gav løyve til ei årleg messe.

Jernbanen nådde Albacete i 1855 og Madrid-Alicante-ruta gjekk gjennom byen. Seinare vart Albacete òg knytt med jernbane til Cartagena. I 1862 gav Isabel II Albacete byrettar. I 1888 fekk byen elektrisk lys, og vart dermed den første av provinshovudstadane i Spania som fekk elektriske gatelys.

Gabriel Lodares Passage

Gjennom 1800-talet dobla folketalet seg frå 10 000 til rundt 21 000 på byrjinga av 1900-talet. I denne perioden forsvarte Albacete dronning Isabel II mot karlistane (støttespelarane til Karl, kandidat til den spanske trona).

Mellom 1900 og slutten av den spanske borgarkrigen (1939) tripla folketalet seg. Byen fekk vassforsyning og kloakksystem i 1905. I 1910-1923 vart Abelardo Sanchez-parken utbygd. Under den spanske borgarkrigen støtta byen Madrid og republikanarane.

Då demokratiet vendte attende til Spania vart høgsteretten i Castilla-La Mancha plassert i Albacete i 1982, og i 1985 førte grunnlegginga av universitetet til nytt liv i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albacete