Alicante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alicante
Utsyn over Alicante
Utsyn over Alicante
Flagget til Alicante Byvåpenet til Alicante
Flagget til Alicante Byvåpenet til Alicante


Plassering
Alicante is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Valencia
Provins Alicante
Grunnlagd 324 fvt.
Borgarmeister Sonia Castedo Ramos
Geografi
Flatevidd
 - By

201,27 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

331 750
  1 648,3 /km²
Koordinatar 38°20′″N 0°29′″WKoordinatar: 38°20′″N 0°29′″W
Høgd over havet 3 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 03000 - 03016
Telefon-retningsnummer 96
Nettstad: www.alicante.es


Alicante (katalansk-valensiansk: Alacant, spansk: Alicante) er ein by i Spania. Byen er provinshovudstad i provinsen Alicante i den sørlege delen av Valencia ved Middelhavet. Alicante er ein viktig hamneby. Folketalet i Alicante by er kring 330 000 og i storbyområdet, Stor-Alicante, bur det kring 750 000 innbyggjarar. Alicante er dermed det åttande største byområdet i Spania.

Alicante er ein av dei raskast veksande byane i Spania. Økonomien er hovudsakleg basert på turisme og produksjon av vin. I tillegg til vin eksporterer byen òg olivenolje og frukt. Industrien i Alicante produserer mellom anna næringsmiddel, lêr, tekstilar og keramikk.

Byen er hovudsete for kontoret for harmonisering den indre marknaden i EU (Harmonisation in the Internal Market, (OHIM).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alicante vart grunnlagd i 324 f.Kr. av grekarane, som kalla byen Akra Leuke. I 201 f.Kr. vart byen erobra av romarane som kalla byen Lucentum. Hannibal skal ha lossa sine vidgjetne elefantar her. Mellom 718 og 1249 vart byen styrd av maurarane. Byen vart gjenerobra i 1247, og inngjekk då i kongeriket Castilla, frå 1305 i kongeriket Aragón.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]