Albert I av Monaco
| Albert Honoré Charles Grimaldi | |
![]() |
|
| Fyrste | |
| Fødd | 13. november 1848 |
|---|---|
| Fødestad | |
| Død | 26. juni 1922 |
| Dødsstad | |
| Gift med | 1. Mary Victoria Hamilton 2. Alice Heine |
| Far | Karl III av Monaco |
| Mor | Antoinette de Mérode-Westerloo |
Albert I av Monaco (13. november 1848–26. juni 1922) var fyrste av Monaco frå 10. september 1889 til han døydde. Han var son av fyrste Karl III av Monaco. Albert I var gift to gonger. Den første kona hans var Mary Douglas-Hamilton, dotterdotter til storhertug Karl av Baden, som var bror med dronning Fredrika av Sverige. Den andre kona hans var Antoinette de Mérode-Westerloo.
Albert utdanna seg til havforskar og deltok i fleire forskingsekspedisjonar på 1870-talet. Albert finansierte og organiserte fire oseanografiske ekspedisjonar til farvatna rundt Svalbard, mellom anna i lag med Gunnar Isachsen til det nordvestlege Spitsbergen 1906–07, som Albert 1 finansierte. Han oppretta det oseanografiske institutt i Paris og eit oseanografisk og eit prehistorisk museum i Monaco.
Albert I hadde berre éit barn, Ludvig II av Monaco.
Den 30. mars 1875 vart han tildelt St. Olavs Orden.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Albert I av Monaco» frå Wikipedia på bokmål, den 5. september 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- polarhistorie.no biografiside i Norsk polarhistorie
| Føregjengar Karl III av Monaco |
Fyrste av Monaco 1889–1922 |
Etterfylgjar Ludvig II av Monaco |
