Storhertug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storhertugar av Litauen.

Storhertug (italiensk granduca, tysk grossherzog) er ein fyrstetittel som har rang mellom konger eller kurfyrster og hertugar.

Cosimo I av Medici, hertug av Firenze, var den første fyrsten som tok tittelen storhertug. Han fekk han tildelt i 1569 av pave Pius V. Før første verdskrigen var over vart denne vørdnaden innehatt av statsoverhovudet i Luxemburg (sidan 1815) og dessutan av seks tyske fyrstar, nemleg herskarane i Hessen-Darmstadt og Baden (sidan 1806), Sachsen-Weimar, Mecklenburg-Schwerin og Mecklenburg-Strelitz (sidan 1815) og dessutan Oldenburg (sidan 1829). Kongen av Preussen bar tittelen storhertug av Nedre Rhen og Posen, medan keisaren av Austerrike bar tittelen storhertug av Toscana og Krakow.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Storhertug