Albert Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Albert Marius Jacobsen (22. august 183817. oktober 1909) var ein offiser og politikar for Venstre. Han var far til statsråd Rolf Jacobsen.

Jacobsen var fødd i Kristiansund, far hans var distriktslege. Sjølv vart han student i 1855, kadett to år seinare. Utnemnd 1861 til sekondløytnant i 1. brigade, premierløytnant 1877 og kaptein 1877. 1867-77 var han elles lærar og til sist styrar av borgarskulen på Kongsvinger. Frå 1868 til -75 redigerte han Hedemarkens Amtstidende.

Han tok avskjed frå det militære i 1880, fordi han vart nekta å bu i Christiania for å kunne delta i militærkomiteen sine møte mellom sesjonen 1880-81. Han vart i 1881 vald til statsrevisor, ei stilling han hadde til 1888. Krigskommissær for Kristiansands distrikt, busett i Larvik frå 1888. I 1897 fekk han tilsvarande stilling i Tromsø stift.

Jacobsen var 1878 medlem av intendanturkommisjonen, sidan av kommisjonen om vernepliktslova og omorganiseringa av hæren 1884-87.

Jacobsen var stortingsmann frå 1877, som representant for Hedemarkens Amt. Han vart attvald i 1880 og 1883, samt vald for Buskerud Amt i 1886. Frå 1884 representerte han Venstre. På alle Storting var han medlem av militærkomiteen, formann frå 1882. Han var også medlem av traktatkomiteen 1882-83 og av valkomiteen 1883-88.

Jacobsen døydde i Bodø i 1909.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]