Ale kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ale
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västra Götalands län
Landskap Västergötland
Del av Västergötland, Q61473483, Stor-Göteborg, Bohuslän
Areal 331,55 km²
 - land 316,51 km²
 - vatn 15,04 km²
Folketal 27 538[1]  (2011)
Kart
Ale kommun
57°55′30″N 12°05′13″E / 57.925°N 12.086944444444°E / 57.925; 12.086944444444
Wikimedia Commons: Ale Municipality

Ale kommune ligg i det svenske länet Västra Götalands län, i landskapet Västergötland. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Nödinge-Nol.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Ale kommune har fem tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Nödinge-Nol 9 077
2. Surte 5 740
3. Älvängen 3 986
4. Skepplanda 1 869
5. Alvhem 232

Attraksjonar og historie[endre | endre wikiteksten]

Ale vikingagård er ein rekonstruert gard frå vikingtida som ligg ved Göta älv.

Glasbruksmuseet Surte glasbruk prega den vesle bygda Surte frå starten av 1862 til nedlegginga i 1978. I dei gamle fabrikkslokala ligg i dag eit museum der ein kan sjå kva som vart produsert i bygda og kva rolle bruket spelte.

Mannen som gav form til Coca-Cola-flaska, Alexander Samuelson, kom frå Surte glasbruk.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Ale kommune har 3 vennskapsbyer:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Vitja 7. januar 2012.