Aleksandr Blok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konstantin Somov: Portrett av Aleksandr Blok, 1907

Aleksandr Aleksandrovitsj Blok (russisk: Александр Александрович Блок), (28. november 18807. august 1921), var ein lyrisk diktar frå Russland. Han var ein av dei leiande forfattarane under den såkalla russiske sølvalderen. Blok var symbolist og hadde stor innverknad på den russisk symbolismen. Blok slutta opp om oktoberrevolusjonen i 1917, som han hylla i sine mest kjende dikt; «Dei tolv» (1918) og «Skyterane» (1918).

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Blok var son til ein professor. Han voks opp i St. Petersburg og på ein eigedom utanfor Moskva. Medan han dreiv på med filologiske studiar ved St. Petersburgs universitet, debuterte han i 1900. I 1905 vart han stor merksemd til del med Vers om den vakre dama, eit verk prega av høgst modernistisk symboldikting, basert på panteistisk mystikk og fylt av eit nasjonalt patos. Sidan høyrde han som ung forfattar til mellom dei modernistiske kunstnarkrinsane i hovudstaden. Inn i mellom besøkte han kunstnarmiljø i Frankrike, Italia og Tyskland.

År 1916 vart Blok mobilisert og gjorde teneste som ingeniørsoldat, til dess Russland trekte seg or verdskrigen. Inspirert av revolusjonsåret 1917 skreiv han symbolske dikt, dikt som dei bolsjevistiske pionerane tolka som eit forsvar for dei politikken dei førte.

Blok var knapt nokon bolsjevik, og ganske snart fekk han merke dei makthavande si mistru. Han leid av sviktande helse, men fekk ikkje reiseløyve tidsnok til å få medisinsk legehjelp utanlands.

Om Blok på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Tore Nesset: Diktet og revolusjonen: Alexandr Bloks De tolv. 1988