Aleksandr Kerenskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kerenskij

Aleksandr Fjodorovitsj Kerenskij (Александр Фёдорович Керенский), fødd i 1881- død i 1970, var ein russisk politikar. Han var regjeringssjef frå månaden juli i den provisoriske regjeringa som formelt styrte Russland frå mars til november 1917.

Kerenskij vart som Lenin fødd i byen Simbirsk. Far hans var lærar, og skal ha hatt Lenin som elev. Kerenskij studerte juss i St. Petersburg og forsvarte ofte revolusjonære i rettssalane. Han vart i 1912 vald inn i dumaen som representant for trudovikane, eit sosialistisk parti. Etter den russiske februarrevolusjonen i 1917 vart Kerenskij – no medlem i det Sosialist-Revolusjonære partiet (SR) – justisminister i den provisoriske regjeringa. Sidan vart han krigsminister, men offensiven han sette i gang for å få ein betre forhandlingsposisjon ved fredsforhandlingar med Tyskland vart ikkje vellykka. I juli overtok Kerenskij som regjeringssjef, noko han var til han vart styrta av bolsjevikane i oktober (etter gammal russisk tidsrekning).

Etter Oktoberrevolusjonen fór Kerenskij i eksil til Frankrike. Han gav ut fleire bøker om den russiske revolusjonen. Etter den tyske innmarsjen i Frankrike i 1940 flykta han til USA. Da Hitler-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen, tilbaud han Stalin hjelp med forsvaret, noko som for øvrig vart avslått.

Kerenskij forelas ved fleire amerikanske universitet, og gav ut bøker også medan han var i USA, mellom dei memoarane sine i 1965.

Den russisk-ortodokse kyrkja i New York nekta han ei kristeleg gravferd, da dei heldt han medansvarleg for den russiske revolusjonen. Derfor vart liket hans ført til London, der han ligg gravlagd på ein livssynsfri gravplass.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Allied policy towards Russia. - Nendeln: Kraus, 1975 (Nachdruck d. Ausg. London 1920)
  • The catastrophe. - Millwood, NY: Kraus, 1977 (Nachdruck d. Ausg. London 1927)
  • The crucification of liberty. - New York: Kraus, 1972 (Nachdruck d. Ausg. New York 1934)
  • Die Kerenski-Memoiren. - Reinbek: Rowohlt, 1989

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den tyskspråklege wikipediaen, artikkelen Alexander Fjodorowitsch Kerenski.