Aleksandra Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aleksandra land)
Gå til: navigering, søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir flytta til Aleksandra land . (Sjå eventuelt diskusjon)
Plasseringa til Aleksandra land i Frans Josef Land

Aleksandra land (russisk Земля Александры og Zemlja Aleksandry) er ei stor øy i Frans Josefs land i Russland, om ein ser bort frå Viktoriaøya, som ligg mykje lenger vest, er ho den vestlegaste øya i Frans Josefs land.

Det høgaste punktet på øya er 382 meter. Sundet Cambridge Channel (Proliv Kambritch) ligg mellom Aleksandra land og Georg Land.

Øya har to nes som peikar sørover på sørkysten, Kapp Lofley og Kapp Ludlow. Eit anna nes peikar vestover og heiter Kapp Mary Harmsworth, det vestlegaste punktet i det eigentlege Frans Josef Land.

Aleksandra land vart namngjeve av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen til ære for storhertuginne Aleksandra Pavlovna av Russland (1783-1801), som vart erkehertuginne av Austerrike då ho gifta seg med erkehertug Josef, pfalzgreve av Ungarn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den russiske sjøfararen Valerian Albanov av «Svjataja Anna» nådde Kapp Mary Harmsworth på Aleksandra land i 1914 etter ei lang og tragisk ferd over pol-isen. Kapp Mary Harmsworth er kalla opp etter kona til Alfred Harmsworth, eit medlem av Royal Geographical Society som var hovudsponsor for Jackson-Harmsworth polekspedisjon til Frans Josefs land i 1894.

Nagurskoje er ein russisk base som ligg på øya. Han vart kalla opp etter flypioneren Jan Nagórski og var ein av dei viktigaste vêrstasjonane på øygruppa under den kalde krigen. Basen har ei 1500 meter lang flystripe på snøen. Eit lastefly av typen Antonov An-72 kræsja då det skulle lande på Nagurskoje 23. desember 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

      • Valerian Albanov, In the Land of White Death.
      • Jackson-Harmsworth polekspedisjon: [1]

Koordinatar: 80°38′N 46°35′E