Northbrookøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 79°56′37″N 50°54′35″E

Plasseringa til Northbrookøya i Frans Josefs land
Kysten av Northbrookøya

Northbrookøya (russisk Остров Нортбрук; Ostrov Nortbruk) er ei øy heilt sør i Frans Josefs land i Russland. Det høgaste punktet på øya er 344 meter over havet.

Northbrookøya er ei av dei mest tilgjengelege i øygruppa og vart derfor ofte nytta som hovudbase for polekspedisjonar seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet.

Øya er kalla opp etter jarlen av Northbrook, som var president i Royal Geographical Society mellom 1890 og 1893.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kapp Flora er eit isfritt område sørvest på Northbrookøya (79°57′N 50°05′E) og er historisk viktig. Den britiske seglaren og utforskaren Benjamin Leigh Smith forliste ved Kapp Flora i 1881. I 1896 møttest tilfeldigvis utforskaraneFridtjof Nansen og Frederick George Jackson her. Jackson var leiar for Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen og hadde base ved Kapp Flora, då møtet skjedde 17. juni 1896.[1]

Eit nes nord på øya, ved 80°55'N, heiter Kapp Bruce etter William Speirs Bruce, ein skotsk zoolog og oseanograf som hadde vore medlem av Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen[2].

I 1904 vart det vunne ut kol om lag 150 meter opp i fjellsida av utforskarar frå den amerikanske Ziegler-Fiala-ekspedisjonen som måtte overvintre her etter at skipet deira sokk ved Rudolføya.

Etter ein særs strabasiøs eldprøve kom sjømennene Valerian Albanov og Aleksander Konrad, som dei einaste overlevande etter den mislukka ekspedisjonen til «Svjataja Anna», til Kapp Flora i 1914. Albanov og Konrad vart redda i tide av «St. Foka», medan dei gjorde seg klar for å overvintre.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Ostrov Robertsona (Остров Робертсона), Robertsonøya er ei lita øy aust for Northbrookøya, nær det austlegaste neset. Øya er kalla opp etter den skotske polforskaren kaptein Thomas Robertson frå den skotske nasjonale antarktiske ekspedisjonen i 1904 til Sør-Orknøyane på skipet «Scotia».
  • Ostrov Novyj ligg mindre enn 2 km sørvest for Robertsonøya, nærare kysten. Begge øyane er mindre enn 1 km lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Speak, s. 48
  2. Speak, s. 51