Karl-Aleksander-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Karl Aleksander-øya i Frans Josefs land

Karl-Aleksander-øya (russisk Остров Карла-Александра; Ostrov Karla-Aleksandra), eller Zemlja Karla-Alexandra (Земля Карла Александра), er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Karl-Aleksander-øya er 29 km lang og opp mot 18 km brei og har eit areal på 329 km². Lite av øya er derimot isfri. Det høgaste punktet på øya er 365 meter over havet.

Øya høyrer til øygruppa Zemlja Zitsjy i Frans Josefs land. Rainerøya ligg i aust på andre sida av eit 2,5 km smalt sund. I sør ligg Jacksonøya på andre sida av eit 6 km breitt sund.

Karl-Aleksander-øya vart namngjeve av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen og kalla opp etter ein adelsmann som finansierte ekspedisjonen, aristokraten Alfred Wilhelm Karl Alexander Graf von Salm-Hoogstraeten (fødd 25. mai 1851 i Münster, døydde 17. januar 1919 i Wien).

Øya må ikkje forvekslast med Aleksandra land som òg ligg i Frans Josefs land.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Nordvest for Karl-Aleksander-øya ligg Tsjitsjagovøyane (Острова чичагова; Ostrova Tsjitsjagova). Desse øyane er kalla opp etter polfararen Pavel Vasilijevitsj Tsjitsjagov (1767-1848), son av admiral Vasili Jakovlevitsj Tsjitsjagov frå den russiske marinen.
  • Sørvest for Karl-Aleksander-øya ligg Pontremoliøyane (Острова Понтремоли; Ostrova Pontremoli). Dei er kalla opp etter Pontremoli, ein by i Toscana i Italia.

Det er fire småøyar som ligg nordaust for Karl-Aleksander-øya:

  • Den største av desse er Torupaøya (Остров Торупа; Ostrov Torup), ved 81° 31' N; 58° 27' E . Ho er kalla opp etter Torup, ein by i Danmark.
  • Ostrov Solovjova ligg ved 81° 31' N; 58° 23' E.
  • Nordaust for Torupøya ligg den mindre Coburgøya (Остров Кобург; Ostrov Koburg), 81° 52' N; 58° 14' E. Denne øya er kalla opp etter Saxe-Coburg-Gotha-familien. Stéphanie av Belgia, kona til kronprins Rudolf av Austerrike (som Rudolføya er kalla opp etter) høyrte til denne familien.
  • Ostrov Khouena (Остров Хоуэна) ligg ved 81° 49' N; 58° 32' E. Øya er kalla opp etter den russiske kapteinen (og seinare målaren) Otto Howen (1774 - 1848).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]