Champøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Champøya i Frans Josefs land

Champøya (russisk Остров Чамп eller Ostrov Tsjamp) er ei øy sentralt i Frans Josefs land i Russland.

Champøya har ei overflata på 374 km² og det er eit stort isfritt område sørvest på øya. Det høgaste punktet på øya er 507 meter over havet.

Champøya er den sørlegaste øya i Zitsjy land, ei undergruppe av Frans Josef-øygruppa. Mellom Champøya og Luigiøya i nord og Sailsburyøya i nordaust ligg smale sund.

Den breie kanalen vest for Champøya vert kalla Markhamkanalen (Пролив маркама; Proliv Markama), etter den britiske polfararen admiral sir Albert Hastings Markham.

Øya er kalla opp etter William S. Champ, som på oppdrag frå William Ziegler leia ein leiteaksjon etter Anthony Fiala frå Fiala-Ziegler-ekspedisjonen.

I august 2006 vart det funne ei over hundre år gammal ski på Champøya ved Kapp Trieste (Mys Triest).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]