Rudolføya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolføya nord i Frans Josefs land.

Rudolføya, Kronprins Rudolfs Land eller Prins Rudolfs Land (russisk Остров Рудольфа; Ostrov Rudolfa) er den nordlegaste øya i Frans Josefs land i Arkhangelsk oblast i Russland.

Rudolføya er nesten heilt isdekt. Ho ligg ved 81°46′N 58°34′EKoordinatar: 81°46′N 58°34′E, særs nær det permanente isdekket rundt Nordpolen. Det høgaste punktet er 461 meter over havet.

Teplitzbukta var utgangspunkt for mange polekspedisjonar seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Ziegler-ekspedisjonen i 1903–1905 leia av Anthony Fiala etterlet ei stor hytte her.

På grunn av det bratte terrenget på Rudolføya er det berre ei 300 meter lang flystripe på ein isbre på øya.

Kapp Fligely på nordsida av Rudolføya, det nordlegaste punktet i Europa.

Øya er kalla opp etter den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen til ære for erkehertug Rudolf av Austerrike (1858-1889), kronprins av Austerrike, Ungarn og Böhmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]