Aleksej II av Moskva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksej II av Moskva
Patriarch Alexy II of Moscow.png
Patriark Aleksej II med kvit due.
Patriark av Moskva og heile Russland
Andre namn Døypenamn Aleksej Mikhailovitsj Ridiger (kyrillisk Алексе́й Миха́йлович Ри́дигер). Namn som patriark russisk Алексей (Aleksej, det sekulære namnet) og Алексий (Aleksij, klerikal namneform.
Fødd 23. februar 1929 i Tallinn i Estland
Død 5. desember 2008 i Peredelkino nær Moskva i Russland
Føregjengar Pimen
Etterfølgjar Kirill

Patriark Aleksej II (23. februar 19295. desember 2008) var den femtande patriarken av Moskva og heile Russland og primas i Den russisk-ortodokse kyrkja.

Patriarken vart fødd i Tallinn i Estland som Aleksej Mikhailovitsj Ridiger (kyrillisk Алексе́й Миха́йлович Ри́дигер). Faren Mikhail Ridiger var ein prest av tysk-baltisk opphav medan mora Jelena Josifovna Pisareva var russisk. I mellomkrigstida var Estland sjølvstendig og blei eit åndelege sentrum for den russisk-ortodokse kyrkja.

Patriark Aleksej II og Vladimir Putin ved presidentinnsettinga hans i 2000.

I 1953 fullførte Aleksej teologistudium i dåverande Leningrad (St. Petersburg) og i 1961 blei han utnemnd til biskop for Tallinn og Estland. Han blei vald til patriark i 1990 i det første valet sidan revolusjonen utan påverknad frå kommunistpartiet. Han blei også den første patriarken i Russland etter samanbrotet av Sovjetunionen, og leidde kyrkja i ei tid då ho fann seg ein ny plass i det offentlege Russland.

I mai 2007 møtte han metropolitan Laurus av den russisk-ortodokse kyrkja utanfor Russland, som var blitt oppretta under sovjettida, for ein tilnærmingsseremoni mellom dei to kyrkjesamfunna. Patriarken hadde derimot dårlege tilhøve til paven i Roma, som han skulda for å misjonera i ortodokse område.

Aleksej II døydde 5. desember 2008.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksej II av Moskva

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kristendomsartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.