Alexander Dubček

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexander Dubček

Alexander Dubček, fødd 27. november 1921 i Uhrovec (i noverande Slovakia), død 7. november 1992 i Praha, var ein tsjekkoslovakisk politikar, og generalsekretær i Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet 1968-1969.

Etter den såkalla Prahavåren i 1968, då Dubček hadde forsøkt å reformere landets politikk og innføre ein «sosialisme med eit menneskeleg ansikt», vart han fjerna frå makta og send som ambassadør til Tyrkia.

Etter «kommunismens fall» i 1989 vart han rehabilitert og vald til ordførar i det tsjekkoslovakiske parlamentet.

Dubceks oppvekst og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Uhrovec ca 60 km vest for Banská Bystrica i Slovakia. Han voks opp i Kirgisistan då far hans i 1925 flytta til Sovjetunionen med familien for å få arbeid. I 1938 fór dei tilbake til Tsjekkoslovakia og Dubček vart medlem i det slovakiske kommunistpartiet. Under den tyske okkupasjonen deltok han i motstandsrørsla.

Den politiske perioden[endre | endre wikiteksten]

Dubček vart send til Moskvas politiske høgskole der han tok eksamen i 1958. I 1962 vart han medlem av det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet sin sentralkomité.

Under det kommunistiske styret hadde den tsjekkoslovakiske økonomien kome i vanskar og avsløringane under avstaliniseringa i Sovjetunionen skapte òg uro. I oktober 1967 vart dåverande generalsekretær og president Antonín Novotný kritisert av reformkommunistar, mellom dei økonomen Ota Šik. Novotný fekk ikkje støtte verken i sentralkomiteen eller Moskva. Han måtte derfor gå av som generalsekretær og vart erstatta av Dubček 5. januar 1968. Under perioden mars – august i 1968, ein periode som går under nemninga Prahavåren gjorde Dubček alvorlege forsøk på å liberalisere det politiske styret og innføre «sosialisme med eit menneskeleg ansikt».

Dubček forsøkte å forsikre dei sovjetiske leiarane om at han framleis var venlegsinna mot Moskva, og argumenterte med at forandringane var ei heilt intern sak. Men Prahavåren tok brått slutt då militære troppar frå Warszawapakta invaderte landet og okkuperte Praha. Dubček oppmoda befolkninga til ikkje å gjere væpna motstand mot invasjonsstyrkane. Han og nøkkelpersonane i reformarbeidet vart arresterte, og dei vart førte til Moskva der dei vart tvinga til å akseptere dei sovjetiske krava.

Dubček vart send tilbake til Praha etter nokre dagar, og han sat i stillinga som generalsekretær fram til april 1969, då han vart avsett og send til Ankara som ambassadør til Tyrkia. Han vart sidan, i juni 1970 ekskludert av partiet. I tida etter det livnærte han seg som skogsarbeidar.

Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

Minne over Alexander Dubček

Under den såkalla fløyelsrevolusjonen i 1989 støtta Dubček Václav Havels Borgarforum. Han vart vald til ordførar i det føderale parlamentet.

Då det kommunistiske styret av landet var slutt, skildra Dubček det som ein siger for sitt ”humanistiske sosialistiske syn”.

I 1992 råka Dubček ut for ei trafikkulykke og døydde etter nokre veker av skadene. Han vart gravlagd i Bratislava. Han var då leiar av Det slovakiske sosialdemokratiske partiet og representant i det slovakiske parlamentet for dette.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak svensk wikipedia, art. med same namnet.