Alexander McQueen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Alexander McQueen-butikken i London.

Lee Alexander McQueen (16. mars 196911. februar 2010), var ein britisk moteskapar kjend som Alexander McQueen. McQueen var kjend for å utforma uvanlege, sjokkerande kolleksjonar som ofte blei roste av kritikarar og gav han prisen British Designer of the Year fire gonger. Han arbeidde som sjølvstendig moteskapar, med merka «Alexander McQueen» og «McQ», og for motehuset Givenchy.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lee Alexander McQueen var fødd i Lewisham aust i London som barn av læraren Joyce og Ronald McQueen, ein skotsk taxisjåfør. Han avslutta skulegangen som sekstenåring og blei lærling ved Savile Row-skreddarane Anderson & Sheppard. Han arbeidde seinare ved Gieves & Hawkes og kostymemakarane Angels and Bermans, for Koji Tatsuno og for Romeo Gigli i Milano. I 1990 byrja han studera ved Central Saint Martins College of Art and Design, der han etterkvart tok mastergrad i klesmote. Heile utgangskolleksjonen hans frå 1992 blei kjøpt av den leiande moteskribenten Isabella Blow.

Moteskapar[endre | endre wikiteksten]

Alexander McQueen sin vårkolleksjon for 2010 var inspirert av The Origin of Species og blei kjend for Alien-skorne sine.

Som moteskapar gjorde Alexander McQueen seg bemerka med outrerte klede og dramatiske framsyningar av dei, og blei kalla britisk mote sin «enfant terrible» og «hooligan».

I 1996 blei han tilsett som sjefsdesignar av Givenchy etter John Galliano. Han arbeidde for motehuset i fem år, men fornya ikkje kontrakta si med dei, ettersom han meinte ho hemma kreativiteten hans. I staden arbeidde han med sine eigne merke, «Alexander McQueen» og «McQ». Ved utgangen av 2007 hadde han butikkar i London, New York, Los Angeles, Milano og Las Vegas.

Mellom kjendisar som brukte McQueen sine klede var Björk, som brukte ein av hans drakter på framsida av albumet Homogenic i 1997, Nicole Kidman, Penélope Cruz, Sarah Jessica Parker, Rihanna og Lady Gaga.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

McQueen var opent homofil heile livet. Han inngjekk partnarskap med George Forsyth i 2000. Dei gjekk frå kvarandre nokre år seinare.

Han hadde eit nært vennskap med Isabella Blow, og sjølvmordet hennar i 2007 gjekk djupt inn på han.

McQueen døydde heime ni dagar etter at mor hans Joyce var død, og dagen før gravferda hennar skulle haldast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexander McQueen