Lady Gaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lady Gaga
Lady Gaga BTW Ball Antwerp 02.jpg
Verkeleg namn Stefani Joanne Angelina Germanotta
Fødd 28. mars 1986 (28 år)
New York i USA
Instrument Vokal, piano, synthesizer
Sjanger Pop, dans
Aktive år 2006 til i dag
Yrke Songar, låtskrivar, dansar
Plateselskap Def Jam, Streamline, Kon Live, Cherrytree, Interscope
Nettstad www.ladygaga.com

Stefani Joanne Angelina Germanotta (fødd 28. mars 1986), mest kjent som Lady Gaga, er ein amerikansk musikar, songar og dansar. Ho byrja i 2003 å opptre på rockescena i New York og studerte ved Tisch School of the Arts ved New York University. Kort etter signerte ho seg til Streamline Records, eit underselskap av Interscope Records, der ho arbeidde som låtskrivar for etablerte artistar innan selskapet. Etter at Akon la merke til at ho hadde talent, signerte han henne til sitt eige plateselskap, Kon Live Distribution.

Debutalbumet The Fame kom ut i 2008 og singlar derfrå, som «Just Dance» og «Poker Face», har nådd fleire topplister. Albumet vart seinare nominert seks prisar under Grammy Award og vann dei to prisane Best Electronic/Dance Album og Best Dance Recording. Tidleg i 2009 reiste ho på sin første turné, The Fame Ball Tour. Fjerde kvartal same år gav ho ut The Fame Monster, med dei tre singlane «Bad Romance», «Telephone» og «Alejandro» og byrja deretter på sin andre turné, The Monster Ball Tour. Det andre studioalbumet hennar, Born This Way kom ut i 2011 og toppa salslistene i fleire land etter lanseringane av singlane «Born This Way», «Judas» og «The Edge of Glory», der førstnemnde var den raskast seljande singelen på iTunes nokosinne, med ein million kjøp på fem dagar.[1]

Gaga har vorte påverka av glamrockarar som David Bowie og Queen, i tillegg til popmusikarar som Michael Jackson og Madonna. I mai 2010 vart ho lagt til i den årlege lista til Time over dei hundre mest innverkande personane i verda. I juni same år vart ho teken med av Forbes på lista deira over verdas hundre mektigaste og innverkande kjendisar, og ho er i tillegg rangert som den andre mektigaste musikaren i verda.[2][3] Gaga har i september 2011 seld estimert 25 millionar album og 70 millionar singlar på verdsbasis.[4]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

1986–2004: Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Stefani Germanotta vart fødd 28. mars 1986 i Yonkers i New York med italiensk-amerikanske foreldre.[5] Faren, Joseph Germanotta, jobba i eit selskap som installerte trådlause nettverk og mora, Cynthia, var leiar i eit teleselskap.[6][7] Stefani hadde lært å spele piano sidan ho var fire år, skreiv sin første pianoballade då ho var tretten, og byrja å opptre på aftnar med open mikrofon då ho var fjorten.[8] Då Stefani var elleve byrja ho på den private skulen Catholic School of the Sacred Heart i støket Upper East Side i Manhattan.[9] Ho skal ha påstått at ho ikkje kom frå ein velståande familie, og ho sa om foreldra sine at «begge kom frå familiar med lågare utkomer, så vi har arbeidd for alt – mor mi arbeidde åtte til åtte heimanfrå, i telekommunikasjonar, og det same gjorde faren min.»[10] Ho skildra det akademiske livet ved high shool som «svært dedikert, ihuga og disiplinert» men òg «lite grann uvisst», som ho sa i eit intervju. «Eg vart stundom gjort narr av for anten å vere for utfordrande eller for uvanleg, så eg byrja å tone det ned. Eg passa ikkje inn, og eg følte meg som ein frikar.»[11][12] Likevel har omgangsvener av Stefani innvendingar mot at ho ikkje passa inn i skulen. «Ho hadde ei gruppe nære vener, ho var ein god student. Ho likte gutar mykje, men synging var favoritten,» hugsa ein tidlegare klassekamerat.[13]

Då Stefani var 17 byrja ho på Tisch School of the Arts ved New York University, der ho studerte musikk og forbetra skrivinga si gjennom stilskriving. Under det andre semesteret av det andre året hennar avslutta ho utdanninga for å fokusere på karrieren som musikar.[14] Faren til Stefani gjekk med på å betale lånet hennar i eitt år, på det vilkåret at ho gjekk tilbake som student ved Tisch att dersom ho ikkje klarte å lukkast. «Eg forlét heile familien min, fekk meg den billigaste leilegheita eg kunne finne, og stod mot kritikk til nokon ville høyre», sa ho.[15]

2005-07: Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Gaga (til høgre) opptrer med Lady Starlight (venstre) under Lollapalooza 2007.

Stefani var opphavleg signert til Def Jam då ho var 19 år gamal, men vart sparka frå selskapet etter tre månader.[16] Kort etter introduserte det tidlegare forretningsselskapet hennar henne til songskrivaren og produsent RedOne.[17] Den første songen ho produserte med RedOne var «Boys Boys Boys», ei blanding av hiten «Girls, Girls, Girls» av Mötley Crüe og «T.N.T.» av AC/DC.[18] Ho flytta inn i ei leilegheit ved Lower East Side i New York og gjorde opptak av nokre songar med hip-hop-songaren Grandmaster Melle Mel for ei lydbok som følgde med barneboka The Portal in the Park.[19] Ho skipa òg Stefani Germanotta Band med nokre vener frå NYU. Dei tok opp ein EP av balladane i eit studio under ei spritsjappe i New Jersey og opptrådde fast ved klubbscena i sentrum i Lower East Side.[15] Kort etter, då ho opptrådde på burlesk-førestillingar, byrja ho å prøve rusmiddel.[9] Faren hennar fatta ikkje kvifor ho prøvde ulovlege stoff og kunne ikkje sjå på henne i fleire månader.[9][18] Musikkprodusenten Rob Fusari, som hjelpte henne med å skrive nokre av dei første songane hennar, samanlikna nokre av vokalharmoniane hennar til Freddie Mercury sine.[20] Fusari fann opp kunstnarnamnet Gaga etter Queen-songen «Radio Ga Ga». Stefani heldt på med å finne opp eit scenenamn då ho fekk ei tekstmelding frå Fusari der det stod Lady Gaga.[21] Han forklarte,

Gaga opptrer på The Bazaar i Atlanta i Georgia.
Kvar dag, når Stefani kom til studioet, byrja eg å syngje Radio Ga Ga i staden for å seie hei. Det var entrésongen hennar. [Lady Gaga] oppstod faktisk ved ein teknisk svikt. Eg skreiv Radio Ga Ga i ein tekst og han retta deretter ordet automatisk slik at Radio vart byta ut med Lady. Ho teksta tilbake til meg, «Der har vi det». Frå den dagen var det kunstnarnamnet hennar. Ho reagerte med å seie, «Kall meg aldri Stefani meir.»[21]

Ho vart deretter kjent som Lady Gaga.[18] Likevel skal New York Post ha rapportert at historia er falsk, og at namnet kom fram under eit møte om marknadsføring.[13] Gjennom 2007 arbeidde Gaga saman med Lady Starlight, som hjelpte henne med å skape scenekleda hennar.[22] Paret byrja å spele små show på klubbar i byen som Mercury Lounge, The Bitter End, og Rockwood Music Hall, med framsyninga deira som vart kjent som «Lady Gaga and the Starlight Revue.»[23][24] Meldt som «the Ultimate Pope Burlesque Rockshow» var framsyningane deira som ein low-fi hyllest til showa hos varieteane frå 1970-talet.[25][26] I august 2007 vart Lady Gaga og Starlight inviterte til å spele på den amerikanske musikkfestivalen Lollapalooza, der dei sjokkerte publikuma med si ville framferd.[27] Framsyningane fekk heller dårlege omtalar.[8][23] Musikalsk fokuserte Gaga først på avant-garde-elektronisk dansemusikk. Seinare fann ho den musikalske nisjen sin då ho byrja å ta med popmelodiar og glam-rocken frå David Bowie og Queen i melodiane sine.[28]

Fusari sendte songane han produserte med Gaga til ven og produsent Vincent Herbert.[29] Herbert var snar til å signere henne til selskapet sitt, Interscope Records. [30] Gaga godskreiv Herbert som mannen som oppdaga henne.[29] Fleire artistar brukte henne som låtskrivar, som Britney Spears, Fergie, Pussycat Dolls og New Kids On the Block. Gaga vakte òg interesse hos Interscopes formann, Jimmy Iovine, tidleg i 2007.[31] Han tilbydde henne ein kontrakt vigd Streamline/Interscope og kompanjerte henne saman med songar/låtskrivar Akon.[31] Det var Akon, som høyrde henne synge ein referansevokal på ein av songane hans, som oppdaga at Gaga òg hadde eit songtalent.[32] Akon overtalte til slutt Jimmy Iovine til å skrive henne ein kontrakt på hans eige selskap, Kon Live Distribution.[31] Gaga jobba vidare på debutalbumet med RedOne i studioet i ei veke[33], som resulterte i dei framtidige singlane «Just Dance» og «Poker Face».

2008-10: The Fame og The Fame Monster[endre | endre wikiteksten]

Gaga under 2009 MTV Video Music Awards.

I løpet av 2008 hadde Gaga flytta til Los Angeles, og der jobba ho nært med plateselskapet sitt for å gjere ferdig debutalbumet The Fame.[18] Albumet fekk for det meste positive omtalar frå kritikarane, og det har ifølgje aggregatet av musikkomtalar til Metacritic motteke 71 av 100 poeng i snitt.[34] På verdsbasis har albumet selt over tolv millionar eksemplar.[35] Hovudsingelen frå plata, «Just Dance», toppa listene i seks land, Australia, Canada, Nederland, Irland, Storbritannia og USA, og vart seinare nominert ein Grammy Award for Best Dance Recording, men tapte for «Harder, Better, Faster, Stronger» av Daft Punk.[36] Den andre singelen, «Poker Face», vart ein endå større slager og toppa listene i land som Storbritannia og USA.[37] Songen vann pris for Best Dance Recording under Grammy Awards i januar 2010, og var i tillegg nominert i klassane Song of the Year og Record of the Year innan prisutdelinga det året. The Fame var nominert til prisen Album of the Year og vann prisen Best Electronic/Dance Album.[38] Gaga hadde sin første konsertturnè som eit opningsnummer for New Kids on the Block, ei popgruppe frå same musikkselskap.[39] I mars 2009 byrja ho på sin eigen turné, The Fame Ball Tour.[40]

Gaga vart å sjå nesten heilt naken på framsida av magasinet Rolling Stone i mai 2009-nummeret for den årlege «Hot 100»-lista der ho berre hadde på seg plastikkbobler som dekte strategiske område.[20][41] I det nummeret sa Gaga at ho i førsten av karrieren i New York hadde eit forhold til ein heavy metal-trommis. Ho skildra forholdet deira og måten dei slo opp på som «Eg var hans Sandy, han var min Danny, og eg vart knust.» Seinare vart han ein inspirasjon bak nokre av songane i The Fame.[42] Gaga vart nominert til ni prisar ved 2009 MTV Video Music Awards, der ho vann prisen Best New Artist og to prisar for songen «Paparazzi», Best Art Direction og Best Special Effects.[43] I oktober fekk Gaga prisen Rising Star of 2009 av Billboard magazine.[44]

I november 2009 gav Gaga ut The Fame Monster, ei samling av åtte songar med tema som sirkulerte kring den mørkare sida ved livet som kjendis. Den andre turneen hennar, The Monster Ball Tour, stødde om det nye albumet og byrja i november 2009.[45] «Bad Romance» var utgjeven som første singel frå albumet, toppa listene i atten land og nådde andreplass i USA.[46][47] Songen «Speechless» frå Monster-albumet var framført under The 2009 Royal Variety Performance, der Gaga møtte og song for Dronning Elizabeth II.[48] Den andre singelen frå The Fame Monster var «Telephone», utgjeven januar 2010 med R&B-songaren Beyoncé, og vart fjerde singel av Gaga som toppa listene i Storbritannia.[49] I april 2010 vart det meldt at musikkvideoane hennar hadde vorte sett over ein milliard gonger, noko som gjer henne til ein av dei første artistane til å nå denne milepælen.[50] Seinare same månad vart Gaga kåra av Time som ein av årets 100 mest innverkande personar.[51]

2011-12: Born This Way[endre | endre wikiteksten]

Gaga framfører songen «The Edge of Glory» på Good Morning America Summer Concert Series.

Det andre studioalbuet og den tredje større utgjevinga frå Gaga var Born This Way, som kom ut den 23. mai 2011. Ho annonserte tittelen på albumet under ein takketale for prisen Video of the Year under 2010 MTV Video Music Awards.[52] Under eit intervju om det nye albumet sa ho: «Det kom så fort. Eg har arbeidd på dette i månadsvis, og eg kjenner verkeleg at det er ferdig nett no. Nokre artistar bruker år. Ikkje eg. Eg skriv musikk kvar dag.»[53] Albumet kom ut nokre månader etter utgjevinga av tittelkuttet, «Born This Way», som kom ut den 11. februar 2011,[54] og som vart framført første gong på 53rd Grammy Award to dagar etter utgjevinga. Songen debuterte på toppen av Billboard Hot 100, og vart den nittande til å debutere som nummer ein og den tusande til å nå nummer ein på desse listene.[55]

To andre singlar, «Judas»[56] og «The Edge of Glory»[57][58][59] vart gjevne ut før lanseringa av albumet. «Judas» fekk kritikk på grunn av referansar til personar frå Bibelen; Judas Iskariot, Jesus Kristus og Maria Magdalena.[60] Under utgjevinga selde Born This Way 1,108 millionar kopiar første veka i USA, og debutere dermed på Billboard 200, og nådde topplistene i 20 andre land.[61]

2013: Artpop[endre | endre wikiteksten]

Gaga framførte den fyrste singelen sin på det nye albumet Artpop (styla som ARTPOP) på 2013 MTV Video Music Awards.

Inspirasjonskjelder og stil[endre | endre wikiteksten]

Gaga med ein plastikkboblekjole på den første turneen sin, The Fame Ball Tour.

Gaga er vorte påverka av glamrock-artistar som David Bowie og Queen, i tillegg til pop-artistar som Madonna, Britney Spears og Michael Jackson.[16][62][63] Queen-songen «Radio Ga Ga» vart inspirasjon for scenenamnet hennar, Lady Gaga.[13][64] Ho kommenterte: «Eg ovundra Freddie Mercury og Queen hadde ein slager kalla 'Radio Ga Ga'. Derfor likar eg namnet [...] Freddie var unik - ein av dei største personane innan popmusikk.»[63] Madonna fortalde Rolling Stone at ho ser «seg sjølv i Lady Gaga.»[65] Som svar på samanlikningane mellom henne og Madonna sa Gaga: «Eg vil ikkje høyrast arrogant ut, men eg har sett meg som mål å revolusjonere popmusikk. Den siste revolusjonen var av Madonna for 25 år sidan.»[63] Skodespelar og songarinna Grace Jones var også nemnd som ein inspirasjon, i tillegg til Debbie Harry frå musikkgruppa Blondie.[66][67][68]

Gaga har sagt at mote er ei viktig inspirasjonskjelde,[9][14] og ho ser på Donatella Versace som si muse.[9] Gaga sitt eige kreative produksjonsteam kalla Haus og Gaga, som ho styrer sjølv. Teamet lager fleire av kleda, rekvisittane og frisyrane hennar.[69] Elsken hennar til mote kjem frå mora, som ho seier «alltid var svært velhalden og ven.»[7] «Når eg skriv musikk, tenkjer eg på kleda eg vil ha på meg på scena. Det handlar berre om heil-framferdskunst, pop-framferdskunst og mote. For meg kjem alt saman og vert ei ekte historie som vil få super-fansen tilbake. Det vil eg bringe tilbake. Eg vil at biletbruket skal vere så sterkt at fansen vil ete, smake og sleikje på kvar einaste part av oss.»[14]

I slutten av 2008 vart det gjort samanlikningar mellom motesansen til Gaga og den amerikanske artisten Christina Aguilera, der det vart notert likskapar mellom stylinga, håret og sminken deira. Aguilera sa seinare at ho ikkje visste kven denne personen var og ho «ikkje visste om [Gaga] var ein mann eller ei kvinne.»[9] Gaga kom seinare med ei utsegn der ho tok imot samanlikningane fordi merksemda ho hadde fått frå media hadde gjeve henne nyttig publisitet.[70] Gaga sa, «Ho er ei stor stjerne, og visst noko skulle vore gjort, så skulle eg sendt henne blomar, fordi, mange personar i Amerika visste ikkje kven eg var før alt dette skjedde. Eg vart på ein måte markert på kartet.»[71][70]

Gaga er naturleg brunhåra, sjølv om håret hennar har ikkje hatt sin naturlege hårfarge sidan 2008. Ifølgje Times Online, har håret hennar vorte bleika fordi ho som brunette, ofte vart feilaktig teken for å vere songar- og låtskrivar-kollegaen Amy Winehouse.[7] Imaget og sansen hennar for mote har vorte følgt av andre kjendisar, av andre Paris Hilton og Nicole Richie.[72]

I mai 2009 i magasinet Rolling Stone, sa Gaga at ho er biseksuell og er inspirert av vene kvinner. Ifølgje henne er det eit aspekt av seksualiteten hennar som gjer at kjærastane hennar blir «ukomfortable».[42]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2008 «Just Dance» (feat. Colby O'Donis)
  • 2008 «Pokerface»
  • 2009 «Eh, Eh (Nothing Else I Can Say)»
  • 2009 «LoveGame»
  • 2009 «Paparazzi»
  • 2009 «Bad Romance»
  • 2010 «Telephone» (feat. Beyoncé)
  • 2010 «Alejandro»
  • 2011 «Born This Way»
  • 2011 «Judas»
  • 2011 «The Edge of Glory»
  • 2011 «Yoü And I»
  • 2011 «Marry The Night»
  • 2011 «Heavy Metal Lover»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lady Gaga's 'Born This Way' Is Fastest-Selling Single In iTunes History». MTV. 18. februar 2011. http://www.mtv.com/news/articles/1658317/lady-gaga-born-this-way-itunes.jhtml. Henta 18. februar 2011. 
  2. Pomerantz, Dorothy; Rose, Lacey. «The World's Most Powerful Celebrities». Forbes. http://www.forbes.com/2010/06/22/oprah-winfrey-lady-gaga-twilight-business-entertainment-celeb-100-10-intro.html. Henta 29. juni 2010. 
  3. Pomerantz, Dorothy; Rose, Lacey. «The Celebrity 100: #4 Lady Gaga». Forbes. http://www.forbes.com/lists/2010/53/celeb-100-10_Lady-Gaga_8UOG.html. Henta 29. juni 2010. 
  4. «Lady Gaga: Yoü & I». music-house.co.uk. http://www.music-house.co.uk/renegade/release_information.html?release_id=6323. Henta 19. oktober 2011. 
  5. Lady GaGa - Biography. TV Guide (16. april 2009).
  6. Chart Beat: Lady GaGa, Luis Fonsi, Taylor Swift, 'Purple Rain'. Billboard. Nielsen Business Media, Inc (8. januar 2008). Vitja 19. februar 2009.
  7. 7,0 7,1 7,2 si_and_entertainment/music/article5746827.ece Lady Gaga: ready for her close-up. Sunday Times (22. februar 2009). Vitja 22. februar 2009.
  8. 8,0 8,1 Lady Gaga Biography (engelsk). Nettstaden til Lady Gaga. Vitja 15. juni 2009.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 Hattie, Collins (14. desember 2008). «Lady GaGa: the future of pop?». The Sunday Times (London: News International). 
  10. «Shady lady: The truth about pop's Lady Gaga». The Sunday Times (London: News International). 6. desember 2009. 
  11. Bream, Jon (21. mars 2009). «Don't Gag on Gaga» (på engelsk). Star Tribune (The Star Tribune Company). 
  12. Poppell, Seth (22. desember 2009). «Lady Gaga was surprisingly normal». In Touch Weekly (Bauer Media Group). 
  13. 13,0 13,1 13,2 Callahan, Maureen; Stewart, Sara (22. januar 2010). «Who's that lady?». New York Post (News Corporation). 
  14. 14,0 14,1 14,2 Lady GaGa Brings Her Artistic Vision Of Pop Music To New Album (engelsk). MTV. MTV Networks (9. juni 2008). Vitja 7. mai 2009.
  15. 15,0 15,1 Grigoriadis, Vanessa (28. mars 2010). «Growing Up Gaga». New York Magazine (New York Media Holdings): s. 7. 
  16. 16,0 16,1 Birchmeier, Jason (20. april 2008). «allmusic ((( Lady Gaga > Biography )))». Allmusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/lady-gaga-p1055684. Henta 3. januar 2010. 
  17. «Interview With RedOne». HitQuarters. 23. mars 2009. http://www.hitquarters.com/index.php3?page=intrview/opar/intrview_RedOne_Interview.html. Henta 19. desember 2009. 
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Reporter, Staff. «Lady GaGa Profile». Contactmusic.com. http://www.contactmusic.com/info/lady_gaga. Henta 20. februar 2009. 
  19. Musto, Michael (19. januar 2010). «Lady Gaga Did a Children's Book In 2007!». The Village Voice. 
  20. 20,0 20,1 Lady GaGa gets naked for Rolling Stone cover shoot. 
  21. 21,0 21,1 Rose, Lisa (21. januar 2010). «Lady Gaga's outrageous persona born in Parsippany, New Jersey». The Star-Ledger (Advance Publications). 
  22. Cassis, Christine (22. februar 2010). «Meet the woman who inspired Lady Gaga». Thaindian News. 
  23. 23,0 23,1 Hobart, Erika (18. november 2008). «Lady GaGa: Some Like it Pop». Seattle Weekly (Village Voice Media). 
  24. Lee, Ann (6. januar 2009). «Just Who Is Lady GaGa?». Metro (Associated Newspapers). 
  25. Reporter, BMI (9. juli 2007). «Lady Gaga». Broadcast Music Incorporated. http://www.bmi.com/news/entry/535267. Henta 26. februar 2009. 
  26. Martin, Charlotte (23. januar 2009). «GaGa: On stripping, drugs and No 1s». The Sun (News International). 
  27. D'Souza, Nandini (18. oktober 2007). «Going Ga-Ga for Lady Gaga». W Magazine (Condé Nast Publications). 
  28. Thrills, Adrian (9. januar 2009). «Why the world is going gaga for electro-pop diva Stefani». Daily Mail (Associated Newspapers). 
  29. 29,0 29,1 Haus of GaGa. (16. desember 2008). Transmission Gaga-vision: Episode 26. Lady Gaga Official website. 
  30. Mitchell, Gail (10. november 2007). «Interscope's New Imprint». Billboard (Nielsen Business Media, Inc) 119 (45): 14. ISSN 0006-2510. 
  31. 31,0 31,1 31,2 Lady Gaga. Billboard (12. september 2008). Vitja 2. januar 2009.
  32. Cowing, Emma (20. januar 2009). Lady GaGa: Totally Gav-Gav. The Scotsman. Vitja 20. februar 2009.
  33. «Lady Gaga: The Billboard Cover Story». Billboard (Nielsen Business Media, Inc). 15. august 2009+. 
  34. sin/ladygaga/fame The Fame. Metacritic. Vitja 9. januar 2009.
  35. Lady Gaga Opens Up. CBS News (3. august 2010). Vitja 9. august 2010.
  36. The 51st Annual Grammy Awards Nominations List. National Academy of Recording Arts and Sciences. Vitja 2. januar 2009.
  37. Lady Gaga – Poker Face – World Charts. aCharts.us. Vitja 3. januar 2009.
  38. List of Grammy winners. CNN Turner Broadcasting System (1. februar 2010). Vitja 25. april 2010.
  39. International Pop Star Lady Gaga Set to Tour With New Kids on the Block. Reuters. Thomson Reuters (8. januar 2009). Vitja 8. januar 2009.
  40. Lady Gaga / May 2, 2009 / New York (Terminal 5). Billboard. Nielsen Business Media, Inc (29. mai 2009). Vitja 5. mai 2009.
  41. The Rise of Lady Gaga. Rolling Stone (27. mai 2009). Vitja 2. juni 2009.
  42. 42,0 42,1 Hiatt, Brian (Mai 2009). «The Rise of Lady Gaga» (på English). Rolling Stone (New York: Real Media) (1080). 
  43. 2009 MTV Video Music Awards Winners. MTV. MTV Networks. Vitja 14. september 2009.
  44. Beyonce Accepts Billboard's Woman Of the Year Award, Lady Gaga Is Rising Star. Billboard. Nielsen Business Media, Inc (3. oktober 2009). Vitja 6. oktober 2009.
  45. Lady Gaga Unveils 'The Monster Ball'. Billboard. Nielsen Business Media, Inc (15. oktober 2009). Vitja 15. oktober 2009.
  46. Lady Gaga Returns With 8 New Songs on 'The Fame Monster'. PR Newswire (8. oktober 2009). Vitja 9. oktober 2009.
  47. Lady Gaga – Bad Romance – World Charts. acharts.us. Vitja 17. april 2010.
  48. Lady Gaga Performs For The Queen Of England. MTV. MTV Networks (8. desember 2009). Vitja 9. desember 2009.
  49. Lady Gaga – Telephone ft. Beyoncé – World Charts. aCharts.us. Vitja 8. januar 2009.
  50. Lady Gaga becomes a 'billion-hit' artist. BBC. BBC Online (26. mars 2010). Vitja 19. april 2010.
  51. «The 2010 TIME 100». Time (Time Inc.). 2. mai 2010. 
  52. «Lady Gaga Announces New Album Name in VMA Speech». Entertainment Weekly. 12. september 2010. 
  53. «Lady Gaga's new album 'finished'». 
  54. «Lady Gaga To Release 'Born This Way' Early». 
  55. «Lady Gaga Claims 1,000th Hot 100 No. 1 with 'Born This Way'». 16. februar 2011. 
  56. «Lady Gaga – Judas (Nummer)» (på Dutch). MegaCharts. Hung Medien. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Lady+GaGa&titel=Judas&cat=s. Henta 3. juni 2011. 
  57. «Lady Gaga – The Edge Of Glory (Nummer)» (på Dutch). MegaCharts. Hung Medien. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Lady+GaGa&titel=The+Edge+Of+Glory&cat=s. Henta 3. juni 2011. 
  58. mai 2011 «The Billboard Hot 100: Week Ending May 28, 2011». Billboard. Prometheus Global Media. http://www.billboard.com/#/charts/hot-100?chartDate=28. mai 2011. Henta 3. juni 2011. 
  59. «Archive Chart: UK Singles: 21st May 2011». The Official Charts Company. http://www.theofficialcharts.com/archive-chart/_/1/2011-05-21. Henta 3. juni 2011. 
  60. O'Neil, Lorena (8. april 2011). «Catholic League On Gaga's 'Judas': 'If She Had More Talent, We'd Be More Offended'». The Hollywood Life. http://www.hollywoodlife.com/2011/04/08/lady-gaga-judas-mary-magdalene-catholic-talentless-offended-bill-donohue/. Henta 3. juni 2011. 
  61. Montgomery, James (2. juni 2011). «Lady Gaga Crashes Billboard With 1.1 Million». MTV. 
  62. Reporter, Staff (10. februar 2010). «Britney Spears/Lady Gaga collaboration in the works». The Sun (London: Pop Crunch). 
  63. 63,0 63,1 63,2 Dingwall, John (27. november 2009). «The Fear Factor; Lady Gaga used tough times as inspiration for her new album». Daily Record: s. 48–49. 
  64. Thomson, Graeme (6. september 2009). «Soundtrack of my life: Lady Gaga». The Guardian (London: Guardian News and Media). 
  65. Snead, Elizabeth (12. oktober 2009). «Madonna tells Rolling Stone Lady Gaga reminds her of herself. Is that a compliment?». Los Angeles Times (Tribune Company). 
  66. Symonds, Alexandra (10. juli 2009). «Lady GaGa: "Grace Jones, Androgynous, Robo, Future Fashion Queen"». Prefix. http://www.prefixmag.com/news/lady-gaga-grace-jones-androgynous-robo-future-fash/26057/. Henta 11. juli 2009. 
  67. Smith, Liz (25. oktober 2009). «Debbie Harry Would Love To Perform With Lady Gaga». Evening Standard (Daily Mail and General Trust). 
  68. Simpson, Dave (1. juli 2009). «Lady Gaga: Academy, Manchester». The Guardian (London: Guardian News and Media). 
  69. Garcia, Cathy (8. mars 2009). «Lady Gaga Burning Up Album Charts». The Korea Times (Hankook Ilbo). 
  70. 70,0 70,1 So who copied who? Lookalikes Lady GaGa and Christina Aguilera embroiled in style row. Daily Mail (3. februar 2009).
  71. GaGa: I'm thankful for Christina. OK! (31. desember 2008).
  72. For Lady Gaga, style, talent have powered rise to fame. The Daily Texan. College Media Journal (6. mai 2009).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]