Alexander Seippel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Omslagsframsida på Evangilja eller fagnad-bodi etter Lukas frå 1920.

Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel (22. januar 185122. april 1938) (fødd i Kristiansand, død i Oslo) var ein norsk filolog, folkeminnesamlar og bibelomsetjar. Alexander Seippel er i dag best kjend for å ha stått for om lag halvparten av den første nynorske bibelomsetjinga som Studentmållaget i Oslo gav ut 1921.

Han voks opp i Kristiansand og Frøysnes som son av en tysk forretningsmann. Han tok artium i 1868 og vart cand.mag. i 1873 etter studier i gresk og latin. Deretter følgde om lag 12 år med studie og studiereiser før han i 1886 vart utnemnd til professor i semittiske språk ved Universitetet i Oslo. Som språkforskar gjorde Seippel ein stor innsats ved at han samla omtale av Norden og nordiske tilhøve i arabiske skrifter. Arbeidet vart utgjeve i 2 band Rerum Normannicarum fontes Arabici, i 1896 og 1928.

Seippel skreiv sjølv lyrikk, han samla stev i Setesdal, og gjendikta lyrikarar som Hafiz og Omar Khayyam. Då Fyrebilsbibelen vart utgittjeven av Studentmållaget i 1921, stod Seippel bak halvdelen av omsetjinga. Det fyrste offentlege forsøket hans var Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Umsett fraa grunn-teksti, utgjeven i 1905 som vedlegg til Syn og Segn.

[Bibelmålet] «laut vera so folkelegt som råd var; difor sette eg meg fyre at eg inkje vilde skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja.»

Seippel, 1932, om Studentmållagsbibelen

Han vart Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1896, og forfremja til Kommandør i 1938. Han vart medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi fra 1897, og vart utnemnd til statsstipendiat dåa han vart pensjonert i 1922.

[endre] Litteratur og kjelder

  • Sylfest Lomheim, Aasulv Lande, Gunnar Stubseid. Sjønna på Elbursfjell. Alexander Seippel - livet og livsverket. Høyskoleforlaget, 2001. ISBN 82-7634-339-2
  • Sylfest Lomheim. «Alexander Seippel» I. Norsk biografisk leksikon, 2. utg.
  • sambok 24 bøker av/om/ved A. Seippel
  • Bibelselskapet

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Opprett ei bok
På andre språk