Heron av Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
høgreHeron av Alexandria på eit tresnitt frå 1688.
høgreHeron av Alexandria på eit tresnitt frå 1688.
Eolipile (Heronkule).
Eolipile (Heronkule).
Rekonstruksjon av det vinddrevne orglet til Heron .
Rekonstruksjon av det vinddrevne orglet til Heron .

Heron von Alexandria (Gresk: Ήρων ο Αλεξανδρεύς), (kjendt som Mekanikus) var ein matematikarar og Ingeniør som levde i Aleksandria i antikken.

Det er noko usikker når han levde, men truleg var det etter Arkimedes og før Pappos, så det må ha vore i tidsbolken 200 fvt. til 300 evt. Skriftene hans kan tyda på at han levde i det 1. århundre. Det han skreiv om måneformørkelsen den 23 mars 62 tyder på at ham sjølv observerte han. I verket «Dioptra» nytta han ein måneformørkelse til å rekna han ut avstanden mellom Roma og Aleksandria[1]. Ut frå at han skreiv at det vart mørkt i Aleksandria i den 5. nattetimen, tyder på at det var måneformørkelsen i år 62 han hadde observert.

Han underviste ved Aleksandria Museion, som hadde eit overmåtleg turvande bibliotek, kjendt som Biblioteket i Aleksandria. Fragment av arbeidet hans, truleg forelesningsnotatar, syner at han arbeidde med mange ulike emne innan matematikk, optikk og mekanikk. Han er kjendt for å ha laga automatiske, og delvis programmerbare innretningar og for at han arbeidde med å henta energi frå vatn, vind og varme. Spesialt godt kjent er oppfinningane Eolipile (Heronkula) og Heronsbrunnen.

Han er òg kjendt for Heronmetoden for å finna kvadratrøter og for Herons formel for å fina arealet av ein trekant ut frå kjennskap til lengdene av dei tre sidene, utan å kjenna vinklane mellom sidene. I ein serie med bøker, kalla «Metrika», prova han Heronformelen. Herons trekant er oppkalla etter han.

I boka «Dioptra» handsama han landmåling og beskreiv eit instrument, kalla «dioptra», som langth på veg svara ein landmålarkikkert. For å måla lengre vegstrekningar nytta han eit odometer (kilometerhjul). For å måla avstandar til havs nytta han astronomiske metodar, som måneformørkelsar. I bøka «Automata» bekreiv han tilvirking og bruk av dei ulike instrumenta sine. Til dømes er «automata» nr 73 eit ein automatisk dampdriven tempeldøropnar, driven av ein eld på eit altar som stod frammom eit tempel. Han utvikla maskiner for å generera musikk, eit automatisert teater med spesialeffektar, osb.

I boka «Pneumatika»[2] beskreiv han ein automat for «heilagr vatten», som fungerte ved at ei treskive låg og flaut i eit kar med «heilagt vatten». Når ern truande la ein mynt på treskiva vart vekta av mynten nytta til å punpa vatten gjennom eit metallrør, slik at givaren fekk ein skvett «heilagt vatten» som takk for gåva.

Eolipile (Heronkula) var ei kule fyllt med vatten, som vart koka på ein eld under kula, slik at det strauma damp ut or dyser på sida av kula og fekk ho til å rotera. Dette var ein dampdriven reaksjonsmotor og den fyrste kjendte varmekraftmaskina i historia. Sjølv om ho truleg berre vart sett på som ein kurositet i samtida kan ho ettertid sjåast på som eit steg på utviklinga mot dampturbinen. Men alt lenge før Heron skal egyptiske prestar i Faraoane si teneste ha nytta dampsylindrar til å opna store tempeldører, men ingen dokument som provar dette har overlevd. Men om dette stemmer ligg opphavet til dampmaskina i Egypt.

I verket «Belopoeika» var han oppteken med utvikling av våpenteknologi. I «Cheirobalistra» beskreiv han ein katapult som kunne skyta ut fleire pilar samstundes. Dette våpnet kan sjåast på som ein tidleg versjon av eit maskingever. Uheldigvis har dette verket gått tapt.

Det kan vera underleg at Eolipile ikkje vart vidareutvikla til ei funksjonenn dampmaskin/dampturbin. Likeeins kan ein undra seg over kvifor ingen såg nytteverdien i og vidareutvikla i det minster nokre av dei mange måleinstrumenta og automatiserte maskinane hans. Om det hadde skedd ville kanskje ein tekniske sivilisasjon ha utvikla seg eit og eit halvt årtusen tidlegare.

[endre] Kjelde

  1. Neugebauer, O., Über eine Methode zur Distanzbestimmung Alexandria - Rom bei Heron I-II, Hist. Filol. Medd. Dan. Vid. Selsk. XXVI, bind 2, nr 7, 1938-1939.
  2. Heron, The pneumatics of Hero of Alexandria, engelsk omsetting av Woodcraft, B., Taylor Walron and Maberly, 1851.

[endre] Babgrunnstoff

  • Heron of Alexandria, The MacTutor history of mathematics archive, School of Mathematics and Statistics, University of St Andrews, Scotland. (vitja 23/4-2008)
Commons har multimedia som gjeld: Heron av Alexandria


Personlege verktøy