Alfred Sisley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto av Alfred Sisley, 1882
Storflaum i Port-Marly, 1876
Kvild ved åa, 1878
Junimorgon i Saint-Mammès, 1884
Loing-kanalen, 1892

Alfred Arthur Sisley (30. oktober 183929. januar 1899) var ein fransk kunstmålar som høyrde til mellom impresjonistane. Han var fødd i Paris og døydde i Moret-sur-Loing. Seinen ved Port-Marly (1875), Storflaum i Port-Marly (1876) og Loingkanalen (1892) er mellom dei mest kjende bileta hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sisley var son til ein engelsk kjøpmann busett i Paris. Faren hadde skaffa seg ein formue på handel med Sør-Amerika. Etter han var ferdig med skulen vart Alfred i 1857 send til London for å lære kjøpmannsyrket. Men han ville heller verte kunstnar, og med det formålet vende han i 1862 tilbake til Paris og byrja i atelieret til målaren Charles Gleyre. Der møtte han Auguste Renoir og Claude Monet, og innleia livslange vennskap med begge.

Sisley første kunstnariske førebilete var dei engelske landskapsmålarane frå tidleg i hundreåret. Han hadde sett måleria til William Turner, John Constable og Richard Parkes Bonington i London og var inspirert av desse. Seinare let han seg påverke av dei franske målarane Camille Corot og Gustave Courbet. I 1867 stilte han ut sitt første måleri på Paris-salongen. Fargebruken i bileta frå 1860-talet minner om Corot og Courbet.

I den fransk-prøyssiske krigen 1870/71 mista Sisley-familien formuen sin, ein formue som også kunstmålaren hadde kunna støtte seg på. Sidan i livet var Sisley pengelens, trass i at han fekk selt nokre bilete, mellom anna av Edouard Manet og songaren Jean-Baptiste Faure. Sisley skaffa brød til familien sin gjennom eit sparsamt sal og dessutan økonomisk stønad frå kunsthandlaren Paul Durand-Ruel og kunstkritikaren Théodore Duret.

Etter 1870 tok Sisley stadig meir etter den måten impresjonistane måla på. Stilen minner om Monet sin målarkunst, men Sisley sine bilete har ein klarare struktur og er varare og meir forfina. Motiva henta han ofte frå landskap i nærleiken av Paris, med elvar, åkrar og enger.

I 1874 deltok Sisley med fem landskapsmåleri på den første impresjonist-utstillinga. Fem år seinare, 1879, prøvde han atter å få eit bilete utstilt på salongen, men måleriet vart avvist av juryen. I 1882 stilte han ut for siste gong, han deltok då med 27 måleri på ei utstilling arrangert av ei grupp impresjonistar.

Vener av Sisley omtala han som ein sky og vár personlegdom. Frå 1895 leid han av kreft i strupehovudet, som han til slutt døyde av i 1899.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alfred Sisley