Charles Gleyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1841
Egyptisk tempel, 1840
Læresveinane skil lag, 1845
Sapfo går til sengs, 1867


Marc Gabriel Charles Gleyre (2. mai 18065. mai 1874) var ein sveitsisk kunstmålar. Han underviste ei rekke yngre kunstnarar som nådde langt. Mellom dei fann ein Claude Monet, Auguste Renoir, Alfred Sisley og James McNeill Whistler.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gleyre var frå Chevilly i kantonen Vaud. Foreldra hans døydde då han var åtte eller ni år gammal. Han vart oppseda av ein onkel i Lyon i Frankrike, som sende han til ein yrkesskule der i byen.

I slutten av tenåra reiste Gleyre til Paris, der han var i fire år og studerte kunst. Frå 1828 var han fire år i Italia i meditativ inaktivitet. Der vart han kjend med Horace Vernet og Louis-Leopold Robert. Dei neste seks åra deltok han som teiknar, illustratør på ei reise til mellom anna Malta, Hellas, Egypt, Nubia og Syria. I Libanon vart han svært febersjuk. Sidan vende han tilbake til Lyon med svekka helse.

Etter han avbraut turen til Orienten, kom Gleyre tilbake til Paris i 1838. Han etablerte eit lite atelier, og byrja varsamt å synleggjere ideane som sakte hadde forma seg i hugen hans. Gleyre møtte publikum då han i 1840 i stilte ut måleriet Johannes si openberring på øya Patmos. Måleriet var ein suksses, og praktisk talt opna hans kunstnariske livsveg. I 1843 kom hans andre suksess, måleriet Le Soir (Kveld). Motiv er frå Nilen, og viser ein poet, som frå elvebreidda «ser» sine ungdomsdraumar fare bort i form av ein båt. Biletet var seinare kalla for Tapte illusjonar.

Gleyre trakte seg meir eller mindre tilbake, og stilte sjeldan ut verk, siste gongen var i 1849. Han heldt fram med å måle religiøse, historiske og mytologiske bilete. I dei mytolgiske bileta knytte han saman romantisk stemning med eit strengt, antikt formspråk. Gleyre sine verk er elles prega av ein poetisk idealitet. I det heile var han ein idealist, som ikkje tok seg betalt for å undervise unge kunstnarar.

Han døydde brått i 1874 i Paris.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Trois Fellahs, 1835 (Musée cantonal des Beaux-Arts de Lausanne)
  • Autoportrait, 1841 (Musée châteaux de Versailles)
  • Le Soir eller Les Illusions perdues, 1843 (musée d'Orsay)
  • La Séparation des apôtres, 1845 (Musée Girodet) Montargis
  • Femme assise, de dos, levant la tête vers la gauche, dessin (Louvre)
  • La Danse des bacchantes, 1849 (Musée cantonal des Beaux-Arts, Lausanne)
  • Les Romains passant sous le joug, 1858 (Musée cantonal des Beaux-Arts, Lausanne)
  • Le Déluge, 1856 (Musée cantonal des Beaux-Arts, Lausanne)
  • Hercule & Omphale, 1862 (Musée d'art et d'histoire, Neuchâtel)
  • Sappho, 1867 (Musée cantonal des Beaux-Arts, Lausanne)
  • Esquisse pour le Matin (le Paradis terrestre), 1869-74 (Musée cantonal des Beaux-Arts, Lausanne)
  • Le Retour de l'Enfant prodigue, 1873, (Musée cantonal des Beaux-Arts, Lausanne)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Charles Gleyre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]