Amazonas i Peru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perú Amazonas.png

Amazonas i Peru er ein region i det nordlege Peru med grense mot Ecuador. Han har grenser mot Cajamarca-regionen i vest, mot San Martín-regionen i aust, Loreto-regionen i nordaust og La Libertad-regionen i sør. Folkesetnaden var 375 993 i 2007, arealet er 39 249 km². Hovudstaden er Chachapoyas.

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i sju provinsar med til saman 83 distrikt.
Provins (hovudstad):

  1. Bagua (Bagua)
  2. Bongará (Villa de Jumbilla)
  3. Chachapoyas (Chachapoyas)
  4. Condorcanqui (Santa María de Nieva)
  5. Luya (Lamud)
  6. Rodríguez de Mendoza (Mendoza)
  7. Utcubamba (Bagua Grande)
Provinsane i Amazonas-regionen

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det er to hovudtypar av landskapsformer i Amazonas-regionen, lågtliggande regnskog i nord og i aust og høgfjell i sør. Den lange djupe Marañón-dalen kryssar ein stor del av regionen og vidar seg ut i nordleg retning mot Bagua, kor han lengre nord smalnar inn gjennom Eastern Cordillera før han endar ned i regnskogen. Utcubamba-dalen kjem inn på tvers frå aust (frå Chachapoyas og Rodríguez de Mendoza) før han endar ned i Marañón. Utcubamba utgjer det viktigaste område for busetnad og produksjon i regionen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forsvunne arkeologiske sentra i regnskogen dukkar opp som vitnesbyrd på menneskeleg aktivitet i område i fjerne tider. Mange kulturar frå tida før spanjolane kom i 1532 har blomstra i dette område, og det står att mykje forsking og utgreiing av uløyste spørsmål. Kuélap-fortet er det mest representative monumentet frå tida før 1532. Det er eit svært byggverk av militær arkitektur som syner kva nivå folket i sivilisasjonen rakk opp til. Chachapoyaskulturen utvikla seg i inkatida og stod i sterk opposisjon til Tawantinsuyu ved å motstå første freistnad frå inkaene på å inkludere regionen i inkariket.

Byen Chachapoyas vart tufta i 1538 av Alonso de Alvarado. I same året vart den første kyrkja reist. Seinare vart kyrkjene Santa Ana, San Lázaro og Señor de Burgos bygd. I april 1821 tok innbyggjarane i byen saman med frigjeringshæren åt San Martín makta ved å drive ut spanjolane og ignorere deira autoritet.

Regionen var sentral og sterkt knytt til frigjeringsrørsla. Den geistlege Toribio Rodríguez de Mendoza var den mest framståande representanten i rørsla som oppmuntra patriotane og signerte fridomserklæringa.

Krigen mellom Peru og Ecuador i 1981 vart utkjempa i fjellområdet Cordillera del Condor.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Flag of Peru (state).svg Regionar i Peru Flag of Peru (state).svg
Amazonas | Ancash | Apurímac | Arequipa | Ayacucho | Cajamarca | Callao | Cuzco | Huancavelica | Huánuco | Ica | Junín | La Libertad | Lambayeque | Lima metropol |Lima | Loreto |
Madre de Dios | Moquequa | Pasco | Piura | Puno | San Martín | Tacna | Tumbes | Ucayali