Madre de Dios-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Madre de Dios avmerkt på eit kart over Peru.

Madre de Dios-regionen (quechua Diyuspa Mama suyu) er ein region i søraustlege Peru. Han har grenser mot Ucayali-regionen i vest, mot Cuzco-regionen og Puno-regionen i sørvest og sør og mot Brasil og Bolivia i aust.

Madre de Dios-regionen dekker 85, 301  km² og har 92 024 innbyggjarar (2005). Regionhovudstaden er Puerto Maldonado. Regionen er territorium for 18 etniske grupper[1] av indianarar, mellom anna machiguengaer.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Refieffkart av sentrale delar av regionen med namn på dei største sideelvane til Madre de Dios

Regionen ligg mest fullstendig i lågtliggande tropisk regnskog i Amazonas, vidkjent for det store mangfald i artar. Klimaet er varmt og fuktig, med eit gjennomsnitt på 26 °C, maksimun 34 °C og minimum 21 °C . Regntida varer frå desember til mars, då kan styrtregnelvane til å svelle og får delar av elvebreidder til å bryte saman. Årleg nedbør kan vere så mykje som 3000 mm. Sørvestgrensa mot Cuzco-regionen er kjent under namnet Fitzcarrald, ei låg fjellrekkje som skil elva Madre de Dios frå Urubamba. Dei mest vektige bielvane i Madre de Dios-vassdraget er Inambari, Tambopata, Manú, Rio de Las Piedras (Tacuatimanu), Tahuamanu og Heath. Acre er sideelv til Purús, ho startar som grenseelv mellom Madre de Dios-regionen og Brasil og er dessutan vidare ei grenseelv mellom Brasil og Bolivia aust om Peru.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Luekapusinar.
Foto: Arthur Chapman

Puerto Maldonado har lufthamn for rutegåande fly. Det finst ingen jernbanar i regionen. Einaste bilvegen til andre regionar som er verdt å nemne er vegen på 530 kilometer mellom Puerto Maldonado og Cuzco i Cuzco-regionen. Men vegen har så låg standard at flyruta mellom dei to byane er den mest vanlege og pålitande transportmåten. Andre vegar i regionen er ei 50 kilometer strekning mellom Puerto Maldonado og gruvebyen Laberinto, vegen mellom landsbyane Colorado ved Madre de Dios og Puerto Carlos ved Inambari og vegen mellom landsbyen Atalaya og Cuzco. Sistnemte er totalt ca. 300 kilometer lang einfelts veg som er ubrukeleg i regntida.

Regionen har stort areal med spreidd busetnad slik at elvefara gjev beste transportvegar frå landsby til landsby. Menneskeleg aktivitet er med få unnatak lokalisert nær elvebreidder.

Naturressursar, miljø og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Skogvirkeproduksjon langs bilveg mellom Inambari og elva Madre de Dios.
Foto: Roar Johansen

I regionen har ein registrert om lag 1230 artar av sommarfuglar, 160 artar pattedyr,[2] av dei er kjempeoteren trua og jaguaren nær trua. Meir enn 850 fugleartar,[3] kanskje over 1000[4] er registrert.

Tambopata-Candamo nasjonalpark, Manu nasjonalpark og Bahuaja Sonene naturreservat med fleire er oppretta for å verne miljøet i regionen.

Økonomien i regionen er heilt avhengig av naturprodukt og uttak av råvarer. I praksis føregår det mest ikkje fabrikkmessig produksjon eller foredling. Hovudprodukta frå jordbruket er bomull, kaffi, sukkerrøyr, kakaobønner, paranøtter og palmeolje.

Gullvasking, elva Madre de Dios.
(Foto: Roar Johansen)

Den andre store næringsvegen i regionen er gullgraving, hovudsakleg avgrensa av vasking ved elvebreiddene av Inambari og Madre de Dios. Slik verksemd vil vanlegvis nytte flytande kvikksølv for å trekke ut gullpartiklar frå elveslammet og kan dermed skade miljøet og innebere eit helseproblem for folkesetnaden. Gullgravarane rører ofte kvikksølvet med berre hender. Dei brenn kvikksølvet for å reinske gullpartiklane, når kvikksølvet er over i dampform vil det ureine økosystema.

I den søraustlege delen av regionen er det meste av arealet som ikkje er verna av dei tre nasjonalparkane lagt ut til petroleumsverksemd.[5] Andre miljøutfordringar i regionen er dei jordbruket skaper med fortrenging av naturleg skog, ulovleg selektiv skogshogst, spesielt etter mahogni, og ulovleg jakt på trua artar som til dømes kjempeoter, amazonskilpadde, kaiman og aper, og araer som kjæledyr.

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i 3 provinsar som igjen er delt inn i til saman 11 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:

  1. Manu (Manu)
  2. Tahuamanu (Iñapari)
  3. Tambopata (Puerto Maldonado)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]


Flag of Peru (state).svg Regionar i Peru Flag of Peru (state).svg
Amazonas | Ancash | Apurímac | Arequipa | Ayacucho | Cajamarca | Callao | Cuzco | Huancavelica | Huánuco | Ica | Junín | La Libertad | Lambayeque | Lima metropol |Lima | Loreto |
Madre de Dios | Moquequa | Pasco | Piura | Puno | San Martín | Tacna | Tumbes | Ucayali