Apurímac-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apurímac
Apurimaq
region
Flagg
Symbol
Land  Peru
Hovudstad Abancay
Areal 20 895,77 km²
Folketal 405 759 (2017)[1]
Kart
Apurímac-regionen
14°10′00″S 72°45′20″W / 14.166666666667°S 72.755555555556°W / -14.166666666667; -72.755555555556
Wikimedia Commons: Apurímac Region

Apurímac-regionen (spansk Región Apurímac, quechua Apurimaq suyu) er ein region i det sentrale Peru. Han har grenser mot Cuzco-regionen i aust, mot Ayacucho-regionen i vest og Arequipa-regionen i sør. Regionnamnet kjem frå quechua og tyder gud taler.

Apurímac-regionen er på 20 896 km² og hadde om lag 406 000 innbyggjarar i 2017. Regionhovudstaden er Abancay.

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i 7 provinsar som igjen er delt inn i til saman 80 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:

  • Abancay (Abancay)
  • Andahuaylas (Andahuaylas)
  • Antabamba (Antabamba)
  • Aymaraes (Chalhuanca)
  • Chincheros (Chincheros)
  • Cotabambas (Tambobamba)
  • Grau (Chuquibambilla)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ikkje mykje er kjent om opphavet åt regionen, men i krøniker vert det slått fast at dei første busettarar kom frå ulike regionar med opphav i quechua-kulturen. Folkestammane Chancas slo seg ned i Andahuaylas-privinsen. Desse gruppene av stammar er blitt kjent i historia åt Peru som rebelske, fryktlause krigarar.

Krønikene fortel at Chancas-stammane bruka to år på å førebu eit åtak for å erobre «kongeriket Cuzco» rundt år 1438, men takka vere karakteren og strategien åt inka Pachacútec vart ikkje Cuzco teke.

conquistadorane etablerte ein første politisk organisering av kolonien, blei det meste av Apurímac-regionen sett under administrasjon av styresmakta i Huamanga i Ayacucho-regionen, det finst lite historisk materiale som fortel korleis byar og sentra vart grunna.

I den første tida til republikken Peru var Abancay-provinsen lagt under Cuzco-regionen. Først i 1873 blei Apurímac-regionen skipa med Abancay som hovudstad.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen ligg i eit høgtliggande område i Andes. Det meste av arealet ligg over 3000 moh. med fjelltoppar over 5000 moh., men her er òg djupe dalar med elver som kløyver landskapet. Fleire sørlege sideelver renn nord og vert tømt i Apurímac-floden som er grenseelv mot Cuzco-regionen over ei strekning i nord. Det høgste fjellet i regionen er Ampay på 5225 moh. Fjellet ligg i eit verneområde lengst nord i regionen, berre ca 10 kilometer frå regionshovudstaden Abancay. Hovudvegen mellom Cuzco og Nazca passerer Abancay. Det finst ein veg mellom Abancay og Ayacucho gjennom byane Andahuaylas og Chincheros. Provinshovudstaden Tambobamba i nordaust har veg til Cuzco, og provinshovudstaden Antabamba er knytt til Cuzco-Nazca-sambandet. Utanom dei nemnde vegane er kommunikasjonstilbodet innan regionen svakt grunna det kuperte landskapet. Andahuaylas og Mara har flyplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://censos2017.inei.gob.pe/redatam/; vitjingsdato: 12. juli 2019.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Apurímac-regionen