Ambjørg Sælthun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ambjørg Sælthun (27. juli 19222. januar 2012) var ein norsk bonde og senterpartipolitikar.[1]

Sælthun var medlem i talrike lag, som Norske Kvinners Nasjonalråd, og leiar i fleire av dei, som Sogn og Fjordane Bondekvinnelag, Senterkvinnene og Nordens lands kvinner.

Ho var stortingsrepresentant i tidsrommet 1973-1985, og varapresident i Stortinget i 1981 til 1982.[2]

Sæthun var opphavleg frå Ål i Hallingdal, men busette seg på Seltun i Lærdal. I tillegg til politikken var ho engasjert i målrørsla, mellom anna som styremedlem i Det Norske Samlaget og i det målpolitiske rådet til Det Norske Teatret.

Ambjørg Sælthun er mor til politikaren Lasse Sælthun og NRK-medarbeidaren Ragnhild Sælthun Fjørtoft.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ambjørg Sælthun er død. NRK Sogn og Fjordane (5. januar 2012).
  2. Sælthun, Ambjørg. stortinget.no. Vitja 5. januar 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]