Lahore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 31°32′59″N 74°20′37″E

Lahore
urdu لاہور
Badsjahi-moskeen i Lahore.
Badsjahi-moskeen i Lahore.
Styresmakter
Land
Pakistan
Geografi
Flatevidd
 - By

1 772 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)

10 mill.
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 0423
Nettstad: lahore.gov.pk

Lahore er den andre største byen i Pakistan og er administrasjonssenter i Panjab-provinsen. Byen ligg nær elva Ravi og grensa til India. Med rundt 10 millionar innbyggjarar er Lahore den nest største byen i Pakistan, etter Karachi (est. 2006). Panjabi er språket i provinsen og det mest brukte språket i Lahore.

Lahore er òg kjent som den kulturelle hovudstaden i Pakistan. Byen har vore under gresk, persisk, hinduisk, muslimsk, sikh- og britisk styre. Han var hovudstad under Sjahi-, Ghaznavide- og Ghurid-dynastia, og tidvis også bustaden til stormogular av Mogulriket. På 1700-talet vart han hovudstad i Sikh-riket, før dette vart innlemma i Britisk India på 1800-talet og Lahore gjort til provinshovudstad i Panjab.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Pakistan-tårnet eller Minar-e-Pakistan er det første landmerket for Pakistan og vart bygd i 1940, sju år før Pakistan fekk sjølvstendet sitt frå britane. Tårnet er ca. 60 meter høgt og nasjonalmonumentet i Pakistan. Tårnet vart bygd der den muslimske ligaen (i India) skreiv ut ein resolusjon der det vart gjort krav på eit eige muslimsk land, dvs. danninga av Pakistan. 23. mars er no ein offisiell nasjonaldag i Pakistan.

Den kongelege moskeen, Badshahi masjid, er den nest største moskeen i Pakistan etter Faisalmoskeen i Islamabad, og kan huse 55 000 bedande samstundes. Moskeen vart bygd av mogulherskaren Aurangzeb i 1673, og i mange år var dette den største i verda.

Lahore festning, Shahi qila («det kongelege fortet»), er det eldste landemerket i Lahore, og det står på UNESCO si liste over verdsarv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lahore