Bobby Fischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
17 år gamle Bobby Fischer under sjakk-OL i Leipzig i 1960

Robert James «Bobby» Fischer (9. mars 194317. januar 2008) var ein amerikansk sjakkspelar og stormeister i sjakk som vart islandsk borgar i 2005. Fischer vart kjend i tenåra for sjakktalentet sitt og i 1972 vart han den einaste amerikanske sjakkspelaren som offisiellt har vore verdsmeister i sjakk. I 1975 nekta han å forsvare tittelen då Verdssjakkforbundet FIDE, ikkje aksepterte dei 64 krava hans for å spele kampen. Fischer vert ofte trekt fram som ein av dei største sjakkspelarane gjennom tidene.[1]

Han vart fødd i Chicago og voks opp i Brooklyn i New York City. Fischer vart verdskjend i 1972 då han slo Boris Spasskij frå Sovjetunionen og vart verdsmeister. Kampen gjekk i ReykjavikIsland, og har ofte blitt kalla hundreårets sjakkamp. Dette mellom anna fordi kampen gjekk midt under den kalde krigen, der Fischer vart sett som den vestlege verda sin representant i kampen mot kommunismen og Austblokka. Uvisse om Fischer ville stille opp, og dei mange krava han kom med før og under kampen, førte også til mykje medieomtale.

Då han skulle forsvare tittelen mot Anatolij Karpov i 1975 la han fram heile 64 krav om korleis kampen skulle spelast. Krava omhandla alt frå kva klede tilskodarane skulle ha på seg til korleis sjølve kampen skulle avgjerast. Det internasjonale sjakkforbundet godtok faktisk 63 av dei, men nekta å godta at Fischer på stillinga 9-9 skulle utnemnast som vinnar. Fischer sitt krav, som FIDE ikkje ville godta, var at utfordraren i praksis måtte vinne kampen med 10-8. Dermed sa Fischer frå seg tittelen.

Fischer spelte ikkje turneringssjakk etter at han vann VM-tittelen i 1972, med eitt unntak: I 1992 var det duka for ein uoffisiell omkamp mellom Fischer og Boris Spasskij i det som har vorte omtalt som ein av tidenes omkampar[2]. Kampen gjekk i det krigsherja og SN-boikotta Jugoslavia, og på grunn av dette åtvara USA på det sterkaste Fischer mot å delta. Sjakkmeisteren gav blaffen i åtvaringa og spytta mellom anna på den skriftlege åtvaringa føre kamera. Fischer vann kampen og konkurrerte aldri igjen.

Fischer var ein kontroversiell mann. Sjølv om mora var jødisk, og truleg også den biologiske faren var jøde, nekta han å vedkjenne seg dette og kravde at oppslagsverk ikkje skulle omtale han som jøde. Han kom med mange anti-jødiske og anti-amerikanske utsegner. Han nekta til dømes for Holocaust. Og etter åtaka 11. september 2001 på Verdshandelssenteret i New York uttalte han i eit radiointervju at dette var gode nyhende fordi han meinte at USA og Israel hadde slakta palestinarar i årevis.

Som følgje av brot på amerikansk lovgjeving med sanksjonar mot å reise til Jugoslavia for å spele kampen vart han etterlyst, og til slutt arrestert i Japan 13. juli 2004. USA ynskte han utlevert, men japanarane gav ikkje etter. Island tilbaud seg å ta imot han, og Fischer søkte om islandsk statsborgarskap. Dette vart innvilga ved eige lovvedtak i Alltinget 21. mars 2005, og allereie 3 dagar etterpå kom han til Island. Her døydde han etter ein sjukdomsperiode på eit sjukehus i Reykjavik, av nyresvikt.

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Robert James Fischer vart fødd på Michael Reese Hospital i Chicago, Illinois. Mor hans, Regina Wender, var amerikansk borgar av tysk jødisk opphav, fødd i Sveits, men voks opp i St. Louis, Missouri. Far til Fischer er i følgje fødselsattesten Regina Wender sin første ektemann, Hans-Gerhardt Fischer, ein tysk biofysikar. Foreldra gifte seg i 1933 i Moskva, Sovjetunionen, der Wender studerte medisin. Ein artikkel i 2002 av Peter Nicholas og Clea Benson i avisa The Philadelphia Inquirer antydar at Paul Nemenyi, a ein jødisk ungarsk fysikar, kan ha vore Fischer sin biologiske far. Artikkelen siterer ein FBI-rapport, som seier at Regina Fischer vende tilbake til USA i 1939, medan Hans-Gerhardt Fischer aldri kom til USA. Hans-Gerhardt og Regina Fischer vart skilde i 1945 då Bobby var to år gammal, og han voks opp saman med mor si og den eldre søstera si, Joan. I 1948 flytta familien til Mobile, Arizona, der Regina var lærar i barneskulen. Neste år flytta dei til Brooklyn, New York, der Regina arbeidde som lærar i barneskulen og sjukepleiar.

Bobby Fischer (til venstre) og trenaren John W. Collins (til høgre) ein gong på 1950-talet

I mai 1949 kjøpte søstera til Bobby Fischer eit sjakksett i ein butikk i førsteetasjen i blokka som dei budde i. Bobby var 6 år, og lærte seg å spele frå reglane som låg ved. Ein månad etterpå fekk han si første sjakkbok. I meir enn eit år spelte han sjakk på eiga hand. Då han var sju, vart han med i Brooklyn Chess Club, og fekk opplæring av leiaren i klubben, Carmine Nigro. Seinare vart Bobby Fisher med i The Manhattan Chess Club. Andre viktige personar for den unge sjakkspelaren var meisterspelaren og sjakkjournalisten Hermann Helms, og stormeister Arnold Denker. Denker var ein mentor for den unge Bobby Fischer, og tok han med på ishockeykampar i Madison Square Garden, der dei heia på The New York Rangers. Då Fischer var tretten, spurde mor til Bobby Fischer om John W. Collins ville trene han. Collins hadde trena fleire toppspelarar, som dei seinare stormeistrane Robert Byrne and William Lombardy. Fischer brukte mykje tid heime hos Collins, og somme har beskrive Collins som ein farsfigur for Fischer.

Bobby Fischer begynte på Erasmus Hall High School samtidig med Barbra Streisand, men han slutta på High School i 1959 då han vart 16. Lærarar skal ha omtalt han som ein vanskeleg elev.

Sjakk-vidunderbarn og ung meister (1956-57)[endre | endre wikiteksten]

Fischer sin første verkelege framgang var å vinne USA-meisterskapen for juniorar i Philadelphia i juli 1956[3]. Han klarte 8,5 poeng av 10 moglege, og vart som 13-åring den yngste som hadde vunne denne meisterskapen, ein rekord som framleis står. I U.S. Open Chess Championship for 1956 i Oklahoma City, klarte han 8,5/12, noko som gav ein delt 4-8. plass. Han deltok deretter i det første Canadian Open Chess Championship i Montreal 1956, der han tok 7/10 med ein delt 8-12. plass. Fischer sitt berømte parti mot Donald Byrne, kalla «hundreårets sjakkparti» av sjakkjournalisten Hans Kmoch, kom i den 3. Rosenwald Trophy tournament i New York 1956[3]. Som 12-åring blei han tildelt tittelen National Master av USA sitt sjakkforbund (USCF), til då den yngste som hadde oppnådd denne tittelen.

I 1957 forsvarte først Fischer sin tittel som USA-meister for juniorar, ved å klare heile 8.5/9 i turneringa i San Francisco[4]. Deretter vann han U.S. Open Chess Championship for 1957 i Cleveland. Han fekk saman med Arthur Bisguier 10/12, men hadde møtt litt hardare motstand enn Bisguier etter kvalitetsberekninga for turneringa, og blei kåra som vinnar.[4] Han er framleis den yngste vinnaren av U.S. Open nokon gong. Fischer vann så ein tvikamp i New York City mot den unge filippinske meisteren Rodolfo Tan Cardoso med 6-2 (+5, =2, -1),[4] og deretter New Jersey Open Championship. Desse resultata gjorde at Fischer vart invitert til å delta i USA-meisterskapen for 1957-58 i New York. Han vann denne turneringa, med 10,5/13, og blei dermed i januar 1958, 14 år gammal, den yngste USA-meisteren nokon sinne, ein rekord som framleis står. Dette gav han også tittelen Internasjonal Meister i sjakk (IM), den yngste i verda som hadde oppnådd denne tittelen til då[5]. (Denne rekorden er slått av mange spelarar seinare).

Første forsøk på VM-tittelen (1958-59)[endre | endre wikiteksten]

Fischer sin siger i USA-meisterskapen gjorde at han var kvalifisert til å delta i intersoneturneringa for 1958 i Portorož, som var neste steg på vegen mot å få utfordre verdsmeisteren i sjakk. Fischer var då 15 år, og den til då yngste som nokon sinne hadde deltatt i ei intersoneturnering. Dei seks fremste i intersoneturneringa ville kvalifisere seg for kandidatturneringa. Det var ikkje mange som trudde at Fischer hadde sjanse til å kvalifisere seg, men igjen overraska Fischer, og delte 5-6. plassen i turneringa med 12/20, etter ein sterk sluttspurt. Fischer vart dermed den yngste som hadde kvalifisert seg til kandidatturneringa, ein rekord som stod til 2005, då Magnus Carlsen slo rekorden, rett nok under noko annleis vilkår. Fischer vart dermed også stormeister i sjakk, også dette som den yngste gjennom tidene, ein rekord som stod til 1991, då Judit Polgar slo rekorden.

Før kandidatturneringa deltok Fischer i 1959 i internasjonale turneringar i Mar del Plata, Santiago, and Zürich. Han spelte ujamnt i dei to turneringane i i Sør-Amerika. I Mar del Plata fekk han delt tredjeplass saman med Borislav Ivkov, eit halvt poeng etter turneringsvinnarane Ludek Pachman og Miguel Najdorf. I Santiago delte han fjerde til sjetteplass, bak Ivkov, Pachman og Herman Pilnik. Han gjorde det betre i den sterke turneringa i Zürich, der han blei nummer 3, eit poeng bak vinnaren Mikhail Tal (som kom til å bli verdsmeister 1960-1961), og eit halvt poeng bak Svetozar Gligoric.

Kandidatturneringa i Bled, Zagreb og Beograd i Jugoslavia i 1959 gjekk også rimeleg bra for den då berre 16 år gamle Bobby Fischer. Han delte femteplassen av åtte deltakarar, med 12,5/28 - men han tapte alle dei 4 partia mot turneringsvinnaren Mikhail Tal.

Neste mislykka forsøk på VM-tittelen (1960-62)[endre | endre wikiteksten]

I 1960 delte Fischer førsteplassen i den sterke turneringa i Mar del Plata i Argentina med den unge sovjetiske stjerna Boris Spasskij. Desse to var godt framom resten av feltet, med 13,5/15.[6] Fischer tapte berre mot Spasskij. Dette var første gong dei møtte kvarandre. Trass i Fischer sine problem på brettet mot Spasskij, var det på den menneskelege planet eit vennskapleg forhold mellom desse to allereie frå 1960. Fischer sleit i den påfølgjande turneringa i Buenos Aires, med berre 8,5/19. Turneringa vart vunnen av Viktor Korchnoi, Sovjetunionen og Samuel Reshevsky, USA, begge med 13/19. Denne turneringa i Buenos Aires var den einaste verkelege mislykka turneringa Bobby Fischer hadde som sjakkspelar.

I 1961 vart det avtalt ein tvikamp over 16 parti mellom Fischer og Reshevsky. Kampen skulle spelast i New York og Los Angeles. Trass i Fischer sine framgangar, var veteranen Samuel Reshevsky (fødd i 1911, 32 år eldre enn Fischer) rekna som favoritt. Reshevsky hadde meir erfaring frå tvikampar, og hadde aldri tapt ein tvikamp. Etter at det var spelt 11 parti var stillinga lik, med to sigrar til kvar og sju remisar. Det hadde vore mange harde og lange parti, som hadde blitt avbrotne for å bli spele ferdig neste dag, såkalla hengeparti. Dette hadde forseinka tidsskjemaet for heile tvikampen, og her hadde blitt problem med kvar og når partia skulle spelast.

Det tolvte partiet skulle spelast om ettermiddagen, men vart aldri spela, og tvikampen vart avbroten: Organisator og sponsor Jacqueline Piatigorsky var gift med den verdskjende cellisten Gregor Piatigorsky. Han skulle halde ein konsert om kvelden, som fru Piatigorsky ynskte å vere på, og ho ynskte også å vere tilstades på det planlagde tolvte partiet i tvikampen. Ho flytta dermed starten av det 12. partiet til klokka 1100 om føremiddagen, utan på førehand å ha sikra seg Fischer sitt samtykke. Fischer likte å sove lenge og protesterte, og avbraut etter kvart heile tvikampen då han ikkje klarte å bli einig med organisatoren om ei løysing. Reshevsky fekk premien som vinnar av tvikampen. Fischer gjorde seinare opp med fru Piatigorsky, ved å akseptere ein invitasjon til den andre Piatigorsky Cup, Santa Monica 1966, der ho var ein av sponsorane.

Fischer vart nummer to etter då tidlegare verdsmeister Mikail Tal i Bled 1961. Han vann mot Tal for første gong, og klarte 3,5/4 mot Sovjet-spelarane, og vart også den einaste spelaren utan tap, med 13,5/19.

I den neste VM-syklusen så var Fischer automatisk kvalifisert til intersoneturneringa som deltakar i kandidatturneringa i førre syklus. Han vann intersoneturneringa i Stockholm i 1962 med ein margin på 2,5 poeng, med 17,5/22. Dette gjorde han til ein av favorittane i kandidatturneringa i Curaçao, som begynte ikkje lenge etterpå. Det vart likevel ei skuffande turnering, der han blei nummer 4 av 8 deltakarar, med 14/27. Resultatet viste likevel at Fischer, berre 19 år gammal, var den sterkaste sjakkspelaren i verda utanom Sovjetunionen.

Det relativt mislykka resultatet i kandidatturneringa i 1962 hadde som følgje at Fischer skreiv ein artikkel som han fekk publisert i august-nummeret til Sports Illustrated magazine. Artikkelen var kalla «The Russian Have Fixed World Chess», «Russarane har «fiksa» sjakken i verda». 5 av dei 8 deltakarane i kandidatturneringa var frå Sovjetunionen, og Fischer skulda tre av dei (Tigran Petrosjan, Paul Keres og Efim Geller) for å ha avtalt på førehand at dei skulle spele raske remisar seg i mellom for å spare på kreftene, og konsentrere seg om partia mot Fischer. Han skulda dei også for at ein fjerde spelar, Viktor Korchnoi, hadde blitt tvungen til å tape parti med vilje, for å sikre at ein Sovjet-spelar vann turneringa. Det er aldri lagt fram bevis for at den første skuldinga er korrekt, og Viktor Korchnoi har blankt avvist den andre. Fischer skreiv også at han aldri meir ville delta i ei kandidatturnering, sidan turneringsforma og moglegheita for samarbeid gjorde det umogleg for spelarar som ikkje var sovjetiske å vinne turneringa. Som ein følgje av Fischer sin artikkel, gjorde verdssjakkforbundet FIDE i slutten av 1962 ei større endring av reglane for å kåre ein utfordrar til verdsmeistaren, der kandidatturneringa vart erstatta med tvikampar i eit utslagssystem (cup).

USA-meisterskapa[endre | endre wikiteksten]

Fischer deltok i åtte USA-meisterskap, alle halde i New York City, og vann alle. Han presterte følgjande i dei åtte meisterskapa: 1957-58: 10.5/13; 1958-59: 8.5/11; 1959-60: 9/11; 1960-61: 9/11; 1962-63: 8/11; 1963-64: 11/11; 1965-66: 8.5/11; 1966-67: 9.5/11. Totalt 74/90, eller 82,2 %, med berre 3 tap på desse åtte meisterskapa.

Her er det verdt å legge merke til sigeren i USA-meisterskapen 1963-64, med 11 sigrar av 11 moglege. Det er ekstremt sjeldan at nokon klarer å vinne alle partia i turneringar på eit så høgt nivå. Etter turneringa skal ein spøkefugl ha gratulert nr 2 med USA-meisterskapen, og Bobby Fischer med oppvisninga!

Varierande aktivitet (1963-68)[endre | endre wikiteksten]

I 1962 sa Fischer at han hadde «personlege problem». Han begynte å høyre på ulike radiopredikantar for å finne svar. Han kom til å høyre på The World Tomorrow sitt radioprogram md Herbert W. Armstrong og sonen Garner Ted Armstrong. Deira trussamfunn, The Worldwide Church of God, spådde at verdas undergang var nær. Mot slutten av 1963 begynte Fischer å betale tiende til dette trussamfunnet. Fischer gav uttrykk for at han levde eit todelt liv, med ein rasjonell sjakkdel og ein entusiastisk religiøs del.

Fischer takka nei til å delta i 1963 Piatigorsky Cup-turneringa for 1963 i Los Angeles, som hadde eit sterkt internasjonalt felt. I staden spelte han samtidig den langt svakare Western Open i Bay City, Michigan. Denne turneringa vann han med 7,5/8. Han vann også New York State Championship for 1963 i Poughkeepsie, ei anna mindre turnering på seinsommaren, med 7/7.

Fischer bestemte seg for ikkje å delta i intersoneturneringa i Amsterdam i 1964, noko som gjorde at han ikkje vart med i kampen om å bli VM-utfordrar i 1966. Han heldt fast ved denne beslutninga trass i at Verdssjakkforbundet FIDE endra kandidatturneringa frå ei alle mot alle-turnering med 8 spelarar, til ei serie med utslags-tvikampar, ein cup. Denne endringa hindra den moglegheita for avtalt spel som hadde vore med den tidlegare kandidatturneringa.

I staden drog Fischer på ein fleire månader lang turne rundt i USA, der han gav simultanoppvisningar og sjakkleksjonar.

Fischer ynskte å spele i Capablanca minneturnering i Havana i 1965, men USA-borgarar hadde ikkje lov til å dra til Cuba på denne tida. Fischer hadde vore på Cuba og spelt sjakk tidlegare, før Fidel Castro kom til makta i 1959. Fischer fekk spele turneringa pr telegraf, frå Marshall Chess Club. i New York. Desse partia tok lengre tid enn dei andre partia i turneringa, på grunn av at det tok tid å overføre trekka, og tekniske problem med overføringa. Fischer tok delt andre til fjerdeplass, med 15/21, bak tidlegare verdsmeister Vasilij Smyslov, og han vann partiet mot Smyslov. Sjakk kom i nyheitene i USA på grunn av denne uvanlege prestasjonen.

Fischer tok andreplass i superturneringa i Santa Monica i 1966, rett bak VM-utfordraren i 1966, Boris Spasskij, med 11/18. Året etterpå, i 1967 vann Fischer sterke turneringar i Monte Carlo med 7/9 og Skopje med 13.5/17.

I neste VM-syklus starta Fischer i intersoneturneringa i Sousse i Tunisia i 1967, og han starta med fenomenale 8,5 poeng på dei 10 første partia. Fischer ville ikkje spele på sabbaten til The Worldwide Church of God, og dette vart akseptert av turneringsleiinga. Men dette førte til at Fischer miste fleire kviledagar, og til ein tvist om når partia skulle spelast. Fischer lét vere å møte opp til to parti i protest, desse to partia vart erklært tapt for han, og han trekte seg deretter frå turneringa. Han var dermed ute av syklusen mot VM i 1969.

17 år gamle Bobby Fischer spelar mot Mikhail Tal under sjakk-OL i Leipzig i 1960
Fischer sitt noteringssjema frå partiet mot Miguel Najdorf, Argentina i 3. runde i sjakk-olympiaden i Siegen 1970

Fischer hadde ikkje fått vere med i sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i 1958, fordi han ikkje fekk fri frå skulen. Men han spelte på første bord for USA i 4 sjakk-OL: Leipzig 1960, Varna 1962, Havana 1966 og Siegen 1970. I Leipzig tok han 13/18 og vart nest beste spelar på første bord, og USA sitt lag vart også nummer 2. I Varna tok klarte han 11/17, og USA sitt lag vart nummer 4. I Havana tok han imponerande 15/17, igjen med nest beste resultat på første bord, og USA sitt lag vart igjen nummer 2. I Siegen vart han for tredje gong nest beste førstebordspelar, med 10/13, og USA sitt lag vart nummer 4. Totalt tok han +40, =18, −7, 49 poeng på 65 parti, eller 75,4 %.

Fischer skulle også ha vore med på USA sitt lag i sjakk-OL i Lugano i 1968. Han reiste til Lugano, men drog derifrå utan å spele, ved starten av turneringa, etter å ha klaga på lyset i spelehallen.

Fischer vann turneringane i Netanya, Israel 1968 med 11.5/13 og Vinkovci, Jugoslavia 1968 med 11/13. Deretter spelte han ikkje turneringssjakk på dei neste 18 månadane, utanom ein fin vinst mot Anthony Saidy i ein lagkamp i New York.

Vegen mot verdsmeisterskapen (1969-1972)[endre | endre wikiteksten]

USA-meisterskapen for 1969 var også soneturnering, der dei tre fremste ville kvalifisere seg til intersoneturneringa. Men Fischer stilte ikkje opp i USA-meisterskapen, fordi han var usamd i lengda på turneringa. Han ville at den skulle spelast som dobbelt alle mot alle, dermed over 22 runder. Dette forslaget vart avvist av USA sitt sjakkforbund, USCF, mellom anna fordi det ville medført kostnader som ingen var viljug til å dekke. Fischer var dessutan heller ikkje nøgd med pengepremiane. Ed Edmondson, då Executive Director i USCF, klarte likevel å ordne det slik at Fischer fekk delta i intersoneturneringa. Stormeister Pal Benko var kvalifisert, men sa frå seg plassen. Samtidig sa dei andre deltakarane i USA-meisterskapen frå seg retten til å vere reserve for Benko. Verdssjakkforbundet FIDE aksepterte denne uvanlege ordninga, og Fischer var klar for deltaking.[7]

Før intersoneturneringa, i mars og april 1970, vart det i Beograd i Jugoslavia arrangert ein lagkamp mellom Sovjetunionen og Resten av verda. Fischer aksepterte at Bent Larsen frå Danmark fekk spele på første bord for Resten av verda. Fischer hadde høgare Elo-rating, men Larsen hadde hatt strålande turneringsresultat dei siste åra. Sovjetunionen sitt lag vann kampen med knappe 20,5-19,5, men på 2. bord tok Fischer ein overbevisande 3-1 siger mot Tigran Petrosjan. Tigran Petrosjan var verdsmeister frå 1963 til 1969, då han tapte VM-tittelen til Boris Spasskij. Bobby Fischer vann dei to første partia mot Petrosjan, og spelte remis i dei to siste.[8]

Ei veke etterpå var det klart for «Fredsturneringa» i Zagreb-Rovinj, der Fischer vann overlegent med 13 poeng på 17 parti framom eit sterkt felt: 13 stormeistrar, der Hort, Gligoric, Smyslov og Korchnoi delte andreplassen med 11 poeng og Tigran Petrosjan kom på 6-plass med 10,5.[9]

Deretter var det klart for eit uoffisielt VM i lynsjakk, med 5-minutts-parti, i Herceg Novi, Jugoslavia. Fischer knuste det svært sterke feltet med 19/22, 4,5 poeng framom Mikhail Tal.[10] Seinare i 1970 vann Fischer turneringa i Buenos Aires, Argentina, med 15/17.[11] Fischer var tvillaust i form.

Intersoneturneringa gjekk i Palma de Mallorca, Spania i november og desember 1970. Fischer vann turneringa med imponerande 18,5/23, 3,5 poeng framom Larsen, Efim Geller og Robert Hübner, som delte andreplassen med 15 poeng. Fischer avslutta turneringa med 7 strake vinstar, den eine rett nok utan spel mot Oscar Panno, Argentina. Fischer hadde fått gjennomslag for endringar i speleplanen av omsyn til si religiøse tru, og Oscar Panno var svært misnøgd med dette. Panno ville først ikkje møte opp, men vart henta, Fischer gjorde trekket 1. c4 og Panno gav opp.[12]

Fischer var dermed klar for kandidatkampane i 1971, og verda har aldri før eller sidan sett slike sjakkresultat. Først vann han kvartfinala mot stormeister Mark Taimanov frå Sovjetunionen i Vancouver, Canada, med 6-0.[13]

Nokre månader seinare gjentok han dette resultatet i semifinala, 6-0, mot Bent Larsen, i Denver, USA. [14]Berre eit år tidlegare hadde Larsen spelt første bord for Resten av verda, framom Fischer. Og i intersoneturneringa i Palma de Mallorca var Larsen den einaste som hadde vunne mot Fischer.

Berre tidlegare verdsmeister Tigran Petrosjan var i stand til å yte ein viss motstand i kandidatfinala i Buenos Aires. Petrosian kom med eit sterkt nytt trekk i opninga i det første partiet, og hadde Fischer nede for telling. Men Fischer forsvarte seg oppfinnsomt, og klarte til slutt til og med å vinne partiet. Fischer var dermed oppe i 20 sigrar på rad, mot motstandarar på stormeisternivå. Dette er den lengste serien med vinstar i sjakkhistoria etter Wilhelm Steinitz si serie på 25 vinstar i åra 1873 til 1882. For Petrosjan vann det andre partiet i kampen, og stoppa dermed sigersrekka. Tvikampen heldt fram med tre remisar, men deretter var Fischer ustoppeleg: Han vann dei 4 siste partia, og dermed kandidatfinala med 6,5-2,5.[15][16]

Fischer var klar til å møte verdsmeisteren Boris Spasskij - ein spelar han aldri hadde klart å slå: På fem parti hadde Fischer to remisar og tre tap.

Verdsmeisterskapen i sjakk i 1972[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Verdsmeisterskapen i sjakk i 1972.

Fischer hadde i lang tid vore kjend for ha både sterke meiningar og vere sta, når det gjaldt korleis turneringar og tvikampar skulle arrangerast. Dette var tydeleg også i forhandlingane før VM-kampen mot Boris Spasskij. Her var fleire moglege spelestadar, der Fischer foretrakk Jugoslavia, medan Spasskij ville ha Island. Ei stund var det snakk om å dele VM mellom to spelestadar, men dette vart ikkje noko av. Til slutt vart det Reykjavik, Island. Deretter gjorde Fischer det klart at han ville nekte å spele viss ikkje pengepremiane vart dobla. Finansmannen Jim Slater frå London kom på bana, og gav ytterlegare US$ 125,000, noko som gjorde at dei samla pengepremiane til dei to spelarane vart $250,000, klart dei største pengepremiane innan sjakk til då. Deretter aksepterte Fischer å spele. Og etter mykje overtaling, og fleire dagar foreseinking kom Fischer til slutt til Reykjavik.

Tvikampen varte frå 11. juli til 1. september 1972. Fischer tapte dei to første partia på underleg vis. I det første partiet var trekket 29.-Lxh2 eit unødvendig og risikabelt bonderov i eit likt sluttspel. Og det andre partiet møtte han ikkje opp til, i protest mot speleforholda: Her var TV-kamera som laga lyd, TV-kamera var for nær, tilskodarane var for nær, fotografar hadde brukt blits. Fischer hadde gladeleg gitt opp heile VM-kampen, men Spasskij var ikkje interessert i å vinne VM på Fischer sitt fråvere. Han gav etter for Fischer sine krav, og gjekk med på å spele det tredje partiet i eit bakrom, utan TV-kamera. Resten av kampen gjekk betre: Til fjerde parti var dei tilbake i spelesalen. Her vart rett nok ikkje meir TV-overføring, med unntak for 8. parti, og nokre av dei fremste stolradene vart sperra for tilskodarar.

Etter desse to inneleiiande tapa viste Fischer seg overlegen i resten av kampen. Han vann 3. parti, deretter vart 4. parti remis, og så vann han både 5. og 6. parti, og tok dermed leiinga i VM-kampen 3,5-2,5. Fortsettelsen var tilsvarande sterk, Fischer heldt remis med svart i 7. og 9. parti, og vann 8. og 10. parti, og hadde dermed ei leiing på 6,5-3,5. Spasskij klarte ein fin vinst i det 11. partiet, der Fischer gjentok opningsvalet frå 7. parti - og denne gongen var Spasskij betre førebudd. Fischer si leiing vart dermed redusert til 6,5-4,5, og Spasskij sine tilhengarar fatta håp. Det 12. partiet vart remis, men så vann Fischer det dramatiske 13. partiet, og var på nytt opp i ei leiing på 3 poeng: 8-5. Spasskij var deretter ikkje i stand til å vinne eit parti, og Fischer tok ingen unødige sjansar: Dei neste 7 partia vart remis, og etter 20 parti var stillinga 11,5-8,5. VM-kampen var sett til maksimalt 24 parti, der Spasskij ville behalde VM-tittelen viss han klarte uavgjort 12-12 eller betre. Fischer måtte ta 12,5 poeng for å bli verdsmeister. Det 21. partiet vart spelt 31. august, og avbrote etter 5 timar spel og 40 trekk. Stillinga etter 40 trekk var remisaktig, men Spasskij var den som hadde gjort det hemmelege 41. trekket, og dette var dårleg. Dette oppdaga Spasskij og hans sekundantar i løpet av kvelden. Neste morgon ringde Spasskij til overdommar Lothar Schmid, og gav opp partiet og dermed også VM-kampen.

Fischer hadde rota bort dei to første partia, og låg under 0-2. Deretter vann han 7 av dei neste 19 partia, tapte berre eitt, og spelte 11 remisar. Han vann dermed kampen 12,5-8,5. Den 1. september 1972 vart han den 11. verdsmeistaren i sjakk.

I tvikampar i sjakk på toppnivå over mange parti blir ofte opningsspelet til dei to spelarane svært viktig. Det blir lagt mykje arbeid i førebuingane, der eigne og motstandaren sine favoritt-opningar blir studert nøye, for å finne feil, nye trekk og forbetringar. Fischer overraska Spasskij med å spele nye opningsvariantar gjennom heile VM-kampen, ofte opningar han aldri før hadde spelt. I siste halvdel av kampen forsøkte Spasskij å unngå sine eigne førebudde variantar, og prøvde å vinne ved å spele variantar som ingen av dei to spelarane hadde førebudd. Men til inga nytte.

Fischer sin siger vart oppfatta som ein betydeleg siger for USA midt i den kalde krigen: Ein amerikanar klarte åleine å slå den mektige Sovjet-sjakken. Sovjetunionen hadde dominert verdssjakken sidan Mikhail Botvinnik vart verdsmeister i 1948.

Fischer var i 1972 også den til då høgast rata spelaren i verda. FIDE-ratingen hans var 2780 etter at han hadde vunne mot Spasskij. Dette var faktisk 5 poeng ned, han var oppe i 2785 etter at han hadde vunne dei overlegne sigrane mot Taimanov, Larsen og Petrosjan i 1971.

VM-kampen i 1972 blir gjerne kalla «Hundreårets sjakkamp». Den var på førstesidene i aviser over heile verda. Sigeren gjorde at Bobby Fischer vart ein kjendis. Han fekk mange forretningsforslag - og avslo alle. Han kom på framsidene Life og Sports Illustrated. Han deltok på eit TV-show med Bob Hope, saman med symjaren Mark Spitz, som hadde tatt 7 OL-gull. Medlemstalet i USA sitt sjakkforbund, United States Chess Federation, vart dobla i 1972, og auka fram til 1974. I USA-sjakken er desse åra kalla Fischer-boomen.

Dei sterke prestasjonane gjorde at Bobby Fischer vart tildelt Sjakk-Oscar for åra 1970, 1971 og 1972.

Fischer gav The Worldwide Church of God $61,200 av pengepremien frå VM. Men 1972 var eit katastrofalt år for dette trussamfunnet: Profetiar som Herbert W. Armstrong hadde kome med slo ikkje til, og her kom opp avsløringar om sex-skandalar som gjaldt Garner Ted Armstrong. Fischer følte seg svikta og svindla av The Worldwide Church of God. Han forlet trussamfunnet, og tok offentleg avstand frå det.

Fischer gir frå seg VM-tittelen til Karpov utan kamp i 1975[endre | endre wikiteksten]

Den unge stormeistaren Anatolij Karpov frå Sovjetunionen hadde vunne kvalifiseringa til å møte Fischer til VM-kamp i 1975. Fischer hadde ikkje spela turneringssjakk sidan han vann VM-tittelen i 1972. Han kom med ikkje mindre enn 64 vilkår for å spele tvikampen. Dei fleste hadde sjakkleg tilknyting, medan andre var vanskelege å forstå, som eit krav om at alle som kom inn i spelesalen ikkje skulle ha hovudplagg. Fischer kunne ikkje vere sikker på å vinne, og ei nærliggande tolking av dei mange krava, var at Fischer søkte etter ei orsaking for å unngå å spele kampen. Fischer kom med følgjande tre ufråvikelege krav:

  1. Kampen skulle halde fram til ein spelar hadde vunne 10 parti, remisar skulle ikkje telje
  2. Det skulle ikkje vere noko grense for kor mange parti som skulle spelast
  3. Viss stillinga vart 9-9, skulle verdsmeistaren (Fischer) behalde tittelen

Det vanlege systemet for VM-kampar frå 1951 til 1972, var at kampen vart spela over maksimalt 24 parti. Forsvarande verdsmeister beheldt tittelen ved 12-12, utfordraren måtte vinne med minst 12,5-11,5 for å bli verdsmeister. Fischer gjorde gjeldande at dette systemet for VM-kampar gjorde at spelaren som leidde kampen ville spele for remis, noko han rekna som negativt for sjakken. Fischer ønskte i staden ein kamp utan begrensing i talet på sjakkparti. Problemet var, at ein slik VM-kamp kunne ta mange månader. Ein hadde erfaring frå VM-kampen Capablanca-Alekhine 1927, der reglane var førstemann til 6 vinstar. Denne kampen tok 34 parti før Alekhine vann sin sjette siger. Det vart hevda at førstemann til 10 vinstar, utan avgrensing i talet på parti kunne bli ein kamp der kondisjon var viktigare enn sjakk.

Fischer sitt krav om å få behalde tittelen ved uavgjort 9:9 kan lett oppfattast som urettferdig. Det medførte at Fischer berre trengde å vinne 9 parti for å behalde tittelen, medan Karpov måtte vinne med minst 10-8.

Verdssjakkforbundet FIDE sin kongress i Nice i juni 1974 aksepterte regelen om førstemann til 10 vinstar, og at remisar ikkje skulle telje. Det vart derimot ikkje akseptert at kampen skulle ha uavgrensa lengde, i staden vart det vedtatt at den skulle begrensast til 36 parti. Forslaget om at Fischer skulle behalde tittelen ved 9-9 vart avslått. 27. juni 1974 sende Fischer eit telegram frå Pasadena, California til FIDE-kongressen:

«As I made clear in my telegram to the FIDE delegates, the match conditions I proposed were non-negotiable ... FIDE has decided against my participation in the 1975 World Chess Championship. I therefore resign my FIDE World Championship title.»

«Eg gjorde det klart i telegrammet mitt til FIDE-utsendingane, at forslaga eg kom med om vilkåra for VM-kampen var ufråvikelege - - - FIDE har gjort vedtak mot deltakinga mi i VM i 1975. Eg gir derfor opp tittelen min som FIDE-verdsmeister.»

I mars 1975 vart det halde ein ekstraordinær FIDE-kongress i Osterbek i Nederland. Der vart det vedtatt at VM skulle spelast med eit uavgrensa tal parti. Men Fischer sin 9-9-regel vart avslått med knapt fleirtal: 32 stemmer for, 35 stemmer mot. Fischer var ikkje viljug til å gje etter, og avslo å forsvare tittelen på desse vilkåra.

Anatolij Karpov skriv i sin sjølvbiografi at kor skuffa han var for ikkje å ha fått sjansen til å bli verdsmeister på den tradisjonelle måten:

"Eg veit ikkje kva Fischer føler om dette, men eg reknar det som eit stort tap at han og eg aldri spelte tvikampen vår. Eg følte meg som eit barn som har blitt lova ei vedunderleg leike, og er i ferd med å motta den, men så, i siste sekund, blir den tatt bort."

Den 3. april 1975 vart Anatolij Karpov utropt som den 12. verdsmeisteren i sjakk.

Karpov hadde fleire møte med Fischer etter 1975, i forsøk på å til ein tvikamp, men det vart aldri noko av. Garri Kasparov har hevda at Karpov ville hatt gode sjansar til å vinne mot Fischer i 1975.[17]

Fischer hevda i ettertid at han framleis var den sanne verdsmeistaren. Han hevda også at i alle dei seinare VM-kampane, mellom Karpov, Korchnoi og Kasparov, så var trekka og resultata bestemt på førehand.

Åra 1975 til 2008[endre | endre wikiteksten]

1975-1991[endre | endre wikiteksten]

Etter verdsmeisterskapen i 1972 spelte ikkje Fischer eit einaste seriøst offentleg parti på nesten 20 år. Han spelte ikkje eit parti som verdsmeister, forsvarte ikkje tittelen sin, og forsvann for det meste ut av det offentlege søkelyset. Han hadde skapt stor interesse for sjakk i vesten, men var ikkje i stand til å følgje opp dette.

26 mai 1981 vart Fischer arrestert av politiet i Pasadena, California. Årsaka skal ha vore at han likna på beskrivelsen av ein mann som nettopp hadde begått eit bankran i området. Då han vart arrestert, vart han lettare skada. Han vart halden i varetekt i to dagar, og vart avhøyrd. Deretter vart han slept fri, mot ein kausjon på $1000, og saka vart seinare fråfallen. To veker seinar gav Fischer ut ein pamflett på 14 sider, "I was tortured at a Pasadena Jailhouse", der han ber seg over behandling han hadde blitt utsett for, og gjer gjeldande at arrestasjonen hadde blitt planlagt på førehand.

1992: Omkampen mot Spasskij[endre | endre wikiteksten]

Etter 20 år kom Fischer i 1992 ut frå isolasjonen for å utfordre Boris Spasskij til ein revansjekamp for "Hundreårets sjakkamp". Boris Spasskij var på denne tida plassert som 96-102 på Verdssjakkforbundet si ratingliste. Kampen vart halden i Sveti Stefan og Beograd i dåverande Jugoslavia. Kampen vart halden trass i dei vedtaka som SN då hadde gjort om boikott av Jugoslavia. Desse vedtaka omfatta også sportsarrangement. Fischer krave at organisatorane kalla kampen "Verdsmeisterskapen i sjakk". Dette trass i at Garri Kasparov var den anerkjende verdsmeistaren i sjakk i 1992. Ein vesentleg grunn til at kampen kom i stand var dei store pengepremiane, oppgitt til samla US$5,000,000, og med 2/3-delar til vinnaren.

Fischer vann kampen, med 10 vinstar og 5 tap, og med 15 remisar. Stormeistrar som følgde med på partia i kampen gav uttrykk for at Fischer ikkje spelte som før. Garri Kasparov seier om kampen i boka "Mortal Games": "Han spelar OK. Rundt 2600 eller 2650. Det ville ikkje bli knapt mellom oss." Fischer spelte ikkje fleire turneringsparti etterpå.

USA sitt finansdepartement hadde åtvara Fischer på førehand, og gjort det klart at deltakinga i tvikampen var ulovleg. Den var i strid med president George H. W. Bush sin Executive Order 12810, eit vedtak om å innføre sanksjonar mot økonomiske aktivitetar i Jugoslavia, i samsvar med SN-vedtak av same innhald. På ein pressekonferanse før tvikampen starta vart Fischer filma medan han spytta på faksen frå USA sitt finansdepartement som åtvara han mot å spele. Etter tvikampen sende finansdepartementet ut ein arrestordre på han. Fischer var verande ettersøkt for resten av livet, og vende etter 1992 aldri tilbake til USA.

1992-2000[endre | endre wikiteksten]

Etter tvikampen mot Spasskij i 1992 forsvann Fischer på nytt ut av det offentlege søkelyset. Han var no ettersøkt av styresmaktene i USA, og dette bidrog til å auke den giftige retorikken han brukte å kome med mot USA. I nokre av desse åra budde Fischer i Budapest. Han hevda at vanleg sjakk var blitt uinteressant, og han spelte i staden lynsjakk i variantar som Sjakk960. Han besøkte Polgár-familien i Budapest og analyserte mange parti med systrene Zsuzsa (Susan), Zsófia og Judit Polgár.

På Filippinane[endre | endre wikiteksten]

Frå 2000 til 2002 budde Fischer i Baguio City på Filippinane. Han budde der i nærleiken av den filippinske stormeistaren Eugene Torre. Torre var ein nær venn, og hadde vore Fischer sin sekundant under kampen mot Spasskij i 1992. Fischer hadde på denne tida eit forhold til ei då 22 år gammal kvinne kalla Justine Ong (eller Marilyn Young). Dei skal ha fått ei dotter, kalla Jinky Ong, fødd i 2002 (eller 2001).

Varetekt i Japan i 2004-2005[endre | endre wikiteksten]

Fischer budde deretter ei stund i Japan.

Fischer vart den 13. juli 2004 arrestert på Narita International Airport i Narita, nær Tokyo, for å ha eit ugyldig amerikansk pass. Han skulle om bord i eit fly med Japan Airlines til Ninoy Aquino International Airport i Manila på Filippinane. Passet, som var utferda i 1997, hadde blitt trekt tilbake av styresmaktene i USA i 2003. Fischer rekna med at det framleis var gyldig.

Vener av Fischer sette straks opp ein "Komite for å sette Bobby Fischer fri". Det vart arbeidd med å hindre at Fischer vart send til USA. Fischer erklærte mellom anna at han sa frå seg å vere statsborgar i USA. Ein månad seinare vart det meldt at han hadde gifta seg med Miyoko Watai, som var president i Japan sitt sjakkforbund, og som han hadde budd hos sidan 2000. Fischer bad også den amerikanske utanriksministeren Colin Powell om hjelp til å bli kvitt den amerikanske statsborgarskapen. Sluttresultatet vart likevel at justisministeren i Japan avslo Fischer sin søknad om å få bli verande i landet, og gav ordre om at han skulle sendast ut av landet.

Politisk asyl på Island[endre | endre wikiteksten]

Fischer stod altså i fare for å bli utlevert til USA. I eit forsøk på å unngå dette skreiv Fischer tidleg i januar 2005 eit brev til styresmaktene på Island, der han søkte om islandsk statsborgarskap. Styresmaktene på Island såg med sympati på Fischer si sak, men gav han ikkje statsborgarskap i første omgang. I staden fekk han islandsk asylpass. Dette var ikkje nok for dei japanske styresmaktene. Det islandske Alltinget gav han deretter den 21. mars 2005 islandsk statsborgarskap i eit samrøystes vedtak. Eit islandsk pass vert deretter sendt til Japan, og eit par dagar etterpå, den 23. mars 2005, fekk han reise til Island.

Fischer fekk seg ei leilegheit i Reykjavík, og der blei han buande. Han heldt seg stort sett ute av søkelyset dei neste åra. Eit hyggeleg unntak skjedde 10. desember 2006. Fischer ringte då inn til ein islandsk TV-kanal og kom med ein fin vinstkombinasjon i eit sjakkparti som var blitt vist på TV, ein kombinasjon som ingen andre hadde sett.

Dødsfall[endre | endre wikiteksten]

Bobby Fischer hadde hatt problem med nyrene i nokre år, og dette problemet vart akutt i oktober 2007. Fischer vart då lagt inn på sjukehuset Reykjavík Landspítali for behandling. Han blei verande der i om lag sju veker. Han var framleis alvorleg sjuk då han kom ut av sjukehuset, og legane gav han berre nokre få månader att å leve. Fischer valde å nekte å ta imot vidare behandling. Han trudde ikkje på å forlenge livet for ein kvar pris - som ved å måtte bruke store mengder smertestillande medisin, eller å bli avhengig av dialyse. Fischer blei deretter verande i leilegheita som han hadde budd i, der han fekk nødvendig pleie. Ektefellen Miyoko Watai flaug frå Japan for å vere hos han i jula. Ho drog tilbake til Japan den 10. januar, rett før Fischer døydde, så ho måtte straks reise tilbake til Island.

Midt i januar vart tilstanden verre, og Fischer vart brakt til sjukehus igjen, der dei fann at det var lite å gjere. Han døydde så, i leilegheita si i Reykjavik, den 17. januar 2008, 64 år gamal.

Fischer vart etter eige ynskje gravlagd i ein privat seremoni på den vesle katolske kyrkjegarden ved Laugardælir kyrkje, utanfor Selfoss, 60 km søraust for Reykjavik, om morgonen den 21. januar 2008. Tilstades var berre enka Miyoko Watai, og nokre nære vener.

I ettertid har det blitt rapportert at her er fleire som har gjort gjeldande krav på å vere arvingar i buet, som skal vere på meir enn 10 millionar norske kroner. Desse skal vere enka, Miyoko Watai, ei dotter på 7 år som han skal ha på Filippinane, og borna til Bobby Fischer si syster Joan.

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Bobby Fischer vart etter kvart ein svært kontroversiell person. Han var eit vedunderbarn, og fekk store tankar om seg sjølv. Dette førte til mange konfliktar, særleg med arrangørar av sjakkturneringar. Han vart etter kvart rimeleg paranoid, jamfør dei anti-jødiske og anti-amerikanske utsegnene han kom med offentleg dei siste åra han levde. Fischer kom også med mange anklager mot sjakkspelarar og andre, til dømes påstod han at heile VM-kampar var avtalt spel.

Anti-jødiske utsegner[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1961 skal Fischer ha kome med nedsettande utsegner om jødar. Og i dei seinare åra av livet, kom Fischer gjentatte gongar med til dels sterkt opprørande utsegner i mange radiointervju. Fischer deltok i minst 33 slike radiosendingar mellom 1999 og 2005, for det meste med radiostasjonar på Filippinane, men også med radiostasjonar på Island, i Colombia og Russland.

Eit av dei første intervjua var i 1999. Då gav han eit telefonintervju med ein radiostasjon i Budapest, Ungarn. Her beskreiv han seg som eit "offer for ei internasjonal jødisk samansverjing". Bakgrunnen for dette intervjuet synest å ha vore at ein del gjenstandar som Fischer eigde, og som hadde vore lagra i ei oppbevaringsboks på eit lager i Pasadena, California, hadde blitt selt av utleigaren, til dekning for ubetalt leige. Fischer tolka dette som bevis på ei verdsomspennande jødisk samansverjing, leia av det "jødisk-kontrollerte styret i USA", med formål å øydelegge han. I 2005 vart nokre av desse gjenstandane lagt ut for sal på eBay. I 2006 hevda Fischer at innhaldet i oppbevaringsboksa var verdt millionar.

Frå 1980-talet og seinare, var Fischer sit hat mot jødar eit vesentleg tema både i private samtalar og i offentlege utsegner. Han nekta for at jødeutryddingane under andre verdskrigen (holocaust) hadde funne stad. Han gjorde det klart at han ønska å gjere til sitt livsverk å «avsløre jødane som dei kriminelle dei er - - - (og) mordarane dei er». Han hevda at USA er «ein farse, kontrollert av skitne, kroknasa, omskorne jødiske kjeltringar.» I eit av radiointervjua sa Fischer at han hadde lese Cherep-Spiridovich si bok «The Secret World Government» i 1977, og då hadde han blitt klar over at jødane var etter han.

Fischer kom også med anti-sionistiske utsegner saman med anti-amerikanske merknader, sjå neste avsnitt.

Anti-Amerikanske utsegner[endre | endre wikiteksten]

Berre timar etter åtaka 11. september 2001 vart Fischer intervjua av Pablo Mercado på ein radiostasjon i Baguio City, tilhøyrande Bombo Radyo network. Fischer sa om USA og Israel sin politikk at "«ingen bryr seg om ... (at) USA og Israel har slakta palestinarar i årevis.» Då han fekk vite at «Det kvite huset og Pentagon har blitt angripe», erklærte han at «Dette er berre vedunderlege nyhende». Fischer sa også at «No slår det tilbake også på USA. Eg skulle likt å sjå USA utsletta. Ha ha ha.» Han sa vidare at viss USA ikkje endra utanrikspolitikken sin, «så vil det bli øydelagt». Fischer ønskte president Bush død, og sa at han håpte på eit statskupp i USA, og at militærstyret då ville avrette «hundretusenvis av amerikanske jødiske ring-leiarar», «arrestere alle jødane» og «stenge alle synagogene».

Some ei følgje av dette intervjuet vedtok styret i USA sitt sjakkforbund USCF den 28. oktober 2001 einstemmig (7-0) å ta frå Fischer retten til å vere medlem i USCF

Bidrag til sjakkteori[endre | endre wikiteksten]

Opningsteori[endre | endre wikiteksten]

Fischer var kjend for sitt arbeid med opningane, og kom med mange bidrag til opningsteorien. Han var rekna som ein stor ekspert som kvit i Spansk parti. Ei line i avbytevarianten (1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.Lb5 a6 4.Lxc6 dxc6 5.0-0) er nokre gongar kalla Fischer-varianten, etter at han brukte varianten med suksess i sjakk-olympiaden i Havanna i 1966.

Han var også ekspert med dei svarte brikkene i Najdorf-varianten i Siciliansk. Han spelte kongeindisk, kom med fleire nye trekk i Grünfeld-indisk, og i Nimzo-indisk er varianten som startar med 1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sc3 Lb4 4.e3 b6 5.Se2 La6 kalla Fischer-varianten.

Fischer spelte gjerne den såkalla «testement-bonde»-varianten i Najdorf-varianten i Siciliansk, (1. e4 c5 2. Sf3 d6 3. d4 cxd4 4. Sxd4 Sf6 5. Nc3 a6 6. Lg5 e6 7. f4 Db6). Svart inviterar kvit til å ofre bonden på b2. Viss svart får lov å ta bonden, får kvit eit stort utviklingsforsprang. Varianten var av denne grunnen rekna som tvilsam. Men Fischer studerte den nøye, og begynte å spele den med gode resultat. Fischer vann mange parti med denne varianten, det einaste tapet var mot Boris Spasskij i det 11. partiet i VM-kampen i 1972.

Som kvitspelar mot Siciliansk var Fischer sin favoritt-variant 1. e4 c5 2. Sf3 d6 3. d4 cxd4 4. Sxd4 Sf6 5. Sc3 Sc6 (alternativt a6 eller e6) 6. Lc4. Denne varianten blir no kalla Fischer-Sozin-angrepet. I 1960 tapte Fischer med svart mot Spasskij, i ein kongegambit. Dette førte til at han skreiv ein artikkel der han anbefalte 1.e4 e5 2.f4 exf4 3.Sf3 d6. Denne varianten har sidan blitt kalla Fischer-forsvaret mot kongegambit.

Sluttspel[endre | endre wikiteksten]

Internasjonal Meister i sjakk Jeremy Silman reknar Fischer som ein av dei fem beste gjennom tidene i sluttspel, saman med Emanuel Lasker, Akiba Rubinstein, José Capablanca, og Vasilij Smyslov. Silman kalla Fischer ein meister i løparsluttspel.

Sluttspelet med tårn og løpar mot tårn og springar, der begge sider har like mange bønder, har nokre gongar blitt kalla «Fischer-sluttspelet» på grunn av tre instruktive vinstar som Fischer hadde i 1970 og 1971. I alle tre partia hadde Fischer løparen og Mark Taimanov hadde springaren. Eit av partia var i intersoneturneringa i 1970, dei to andre i kandidatturneringa til VM i 1971, i kvartfinalekampen mellom desse to.

Andre bidrag til sjakk[endre | endre wikiteksten]

Fischer-klokka[endre | endre wikiteksten]

I 1988 vart Fischer tildelt U.S. Patent 4,884,255 for ei ny type digital sjakklokke. Fischer si sjakklokke gav kvar spelar ei gitt tid for heile partiet, og gav dessutan eit gitt tillegg i tida for kvart trekk som vart spela. Spel med grunntid og tilleggstid pr trekk har dei siste åra blitt vanleg i sjakkturneringar. Patenten gjekk ut i november 2001 fordi dei nødvendige avgiftene for å oppretthalde patenten ikkje hadde blitt betalt.

Fischer Random-sjakk[endre | endre wikiteksten]

Fischer forslo den 19. juni 1996 i Buenos Aires, Argentina, ein ny sjakkvariant kalla Fischer Random-sjakk. Denne varianten er også kjend som sjakk960, eller Chess960. Varianten går ut på at det ved starten av partiet blir trekt korleis offiserane på første og åttande rad skal stillast opp. Kvite og svarte offiserar av same type skal stå rett overfor kvarandre i linene, f eks viss den kvite kongen står på c1, så skal den svarte stå på c8. Etter dei nærare reglane for denne sjakkvarianten, så blir det til saman 960 mogleg startstillingar, difor namnet sjakk960. Offiserane står altså tilfeldig, eller engelsk 'random', frå parti til parti. Difor namnet Fischer Random-sjakk.

Hensikta med dette, er at spelarane i større grad skal konkurrere basert på deira forståing av sjakk, og ikkje på deira evne til å pugge opningstrekk og opningsvarianter, noko som ofte kan vere tilfellet i vanleg sjakk.

Fischer Random-sjakk eller sjakk960 har blitt ein av dei mest populære variantane av vanleg sjakk, og i Mainz i Tyskland blir det kvart år arrangert ei stormeisterturnering med denne vrien på vanleg sjakk.

Berømte sjakkparti[endre | endre wikiteksten]

  • [1] «Hundreårets sjakkparti» - Donald Byrne-Fischer, New York 1956, Grünfeld, 5.Bf4 (D92), 0-1 Berre 13 år gamal spelte Bobby eit fantastisk kombinasjonsparti.
  • [2] Robert Byrne-Fischer, USA-meisterskapen, New York 1963-64, Neo-Grünfeld 0-1 Frå ei nær symmetrisk stilling, vinn Fischer med svart mot ein stormeister, på berre 21 trekk.
  • [3] Fischer-Tigran Petrosjan, Kandidatfinalen i Buenos Aires 1971, 7. parti, Siciliansk: Kan. Moderne variant (B42), 1-0 Petrosian, meisteren til å forsvare seg, var likevel ikkje i stand til å stå imot presset frå Fischer sine tårn.
  • [4] Fischer-Boris Spasskij, VM Reykjavik 1972, 6. parti, dronninggambit, Tartakower (D59), 1-0 Eit av dei finaste og viktigaste partia i VM-kampen.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidlegare verdsmeister Max Euwe, på side ix i boka si Bobby Fischer--The Greatest? (Sterling Publishing Co. 1979). Stormeister Andrew Soltis kalla på side 9 i boka si "Bobby Fischer Rediscovered" (Batsford 2003) Fischer for «kanskje den største spelaren i historia». Stormeister Edmar Mednis skriv òg noko liknande i How to Beat Bobby Fischer (Dover 1997). Tidlegare verdsmeister Garri Kasparov, skriv i My Great Predecessors (Everyman Chess 2004) «Mange reknar Robert Fischer som den beste sjakkspelaren på 1900-talet. Kanskje er det sant.»
  2. http://www.bt.no/utenriks/article479437.ece
  3. 3,0 3,1 Enevoldsen, s.10
  4. 4,0 4,1 4,2 Enevoldsen, s. 12
  5. Enevoldsen, s. 13
  6. Mar del Plata 1960 - omtale og partisamling
  7. Enevoldsen, s. 135
  8. Enevoldsen, s. 117
  9. Enevoldsen, s. 122
  10. Enevoldsen, s. 125
  11. Enevoldsen, s. 127
  12. Enevoldsen, s. 135
  13. Enevoldsen, s. 139
  14. Enevoldsen, s. 143
  15. Enevoldsen, s. 147
  16. Fischer-Petrosjan Buenos Aires 1971 Partisamling
  17. Kasparov, Garry. My Great Predecessors. Vol. 5.