Viswanathan Anand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verdsmeister i sjakk Viswanathan Anand

Viswanathan Anand (fødd 11. desember 1969), tamil விசுவநாதன் ஆனந்த், er ein sjakkspelar frå Chennai i Tamil Nadu i India. Han er sjakkstormeister og var den regjerande verdsmeistaren i sjakk fram til 22. november 2013 då han tapte han mot Magnus Carlsen.

Verdsmeister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

FIDE-verdsmeister i sjakk 2000[endre | endre wikiteksten]

Etter fleire gode forsøk, klarte Anand å vinne verdssjakkforbundet FIDE si VM-turnering i 2000, ved å vinne finalen mot Alexei Shirov 3.5 - 0.5 i Teheran. Han vart dermed den første frå India til å vinne VM-tittelen. Han miste tittelen då Ruslan Ponomarjov vann den neste VM-turneringa i 2002.

Andreplass i VM i sjakk 2005[endre | endre wikiteksten]

Anand delte andreplassen med Peter Svidler i verdssjakkforbundet FIDE si VM-turnering i 2005, med 8,5 poeng på 14 parti, 1,5 poeng etter vinnaren Veselin Topalov.

Uomtvista verdsmeister i sjakk 2007[endre | endre wikiteksten]

29. september 2007 vart Anand igjen verdsmeister i sjakk, ved å vinne FIDE si VM-turnering i Mexico by. Han vann den doble alle-mot-alle-turneringa med 9 poeng av 14 moglege, 4 sigrar, 10 remisar og ingen tap, eit heilt poeng framom dei to på delt andreplass, Vladimir Kramnik og Boris Gelfand.[1]

I 2000, då Anand vann verdsjakkforbundet FIDE si VM-turnering for første gong, var der samtidig ein konkurrerande «klassisk» verdsmeisterskap, der Kramnik då var verdsmeister. Men no når VM-turneringa var halden i september 2007 var dette problemet løyst, etter ein tvikamp om verdsmeisterskapen mellom dei to verdsmeistane Kramnik og Topalov hausten 2006. Når Anand vann VM-turneringa i Mexico City så vart han dermed denne gongen den uomtvista einaste verdsmeistaren i sjakk.

Forsvarte VM-tittelen i 2008 mot Kramnik[endre | endre wikiteksten]

Anand forsvarte VM-tittelen i ein tvikamp om verdsmeisterskapen mot Vladimir Kramnik i Bonn, Tyskland, 14-29. oktober 2008. Kampen skulle gå over maksimalt 12 parti, slik at 6,5 poeng ville vere nok til å vinne. Anand vann med svart både det tredje og det femte partiet, og deretter med kvit i det sjette partiet. Dei tre andre partia vart remis. Anand leia deretter med 4,5-1,5, og kampen var langt på veg avgjort. Dei tre neste partia vart remis, og Anand leia dermed 6-3, og trong berre ein remis til for å vinne kampen. Kramnik vann deretter det 10. partiet, og reduserte til 6-4. Men i det 11. partiet kom Kramnik dårleg ut av opninga, og tilbaud etter 24 trekk remis, noko Anand naturlegvis tok mot: Han vann dermed VM-kampen 6,5-4,5.

Forsvarte VM-tittelen i 2010 mot Topalov[endre | endre wikiteksten]

Anand forsvarte på nytt VM-tittelen i ein tvikamp om verdsmeisterskapen mot Veselin Topalov i Sofia, Bulgaria, 24. april - 11. mai 2010. Også denne kampen skulle gå over maksimalt 12 parti, før ein ved uavgjort eventuelt heldt fram med hurtigsjakk og lynsjakk. Før siste ordinære parti var stillinga 5,5-5,5. Men då Anand vann siste partiet, vann han også VM-kampen 6,5-5,5 og er dermed framleis regjerande verdsmeister i sjakk.[2]

På ratingtoppen i verda[endre | endre wikiteksten]

Anand er ein av berre fem spelarar som har klart å oppnå ein FIDE-rating på meir enn 2800 på verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste, og han har vore blant dei tre høgast rata spelarane i verda samanhengande sidan 1997.[3] Dei andre fire som har klart over 2800 er Kasparov, Kramnik, Topalov og Magnus Carlsen.

I mars 2007 vann Anand Linares sjakkturnering med eit resultat som ville plassert han som nummer 1 på verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste pr. 1. april 2007. Men i første omgang vart ikkje turneringa i Linares tatt med, og Anand var dermed nr 2 på lista då den først vart publisert. Dette førte til sterke protestar, der det vart vist til tidlegare praksis, og verdssjakkforbundet ombestemte seg, og tok resultatet frå turnering i Linares med i berekningane.[4]

Dermed vart Anand for første gong nummer ein i verda på FIDE si ratingliste for april 2007.[5] Han heldt førsteplassen på lista for juli 2007 med ein rating på 2792, ei leiing med 23 poeng, toppa også lista for oktober 2007 med ein FIDE-rating på 2801, og delte førsteplassen med Vladimir Kramnik på lista pr 1. januar 2008 med 2799.

Det er berre sju personar som har toppa FIDE si ratingliste sidan den vart innført i 1970. Dei andre seks er dei fem verdsmeistrane Fischer, Karpov, Kasparov, Kramnik og Topalov - og i 2010 Magnus Carlsen.

Sjakk-karriere[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Anand hadde stor framgang som sjakkspelar i svært ung alder. Han vann ein indisk juniormeisterskap allereie då han var 14, med 9 poeng av 9 moglege. Han vart den yngste frå India til å oppnå tittelen internasjonal meister i sjakk, då han var 15 år, i 1984. Då han var 16 år, vann han den indiske meisterskapen. Den indiske meisterskapen har han vunne to gongar til. Han var kjend for å spele partia svært fort, mykje raskare enn motstandarane. I 1987 vart han den første frå India til å vinne verdsmeisterskapen i sjakk for juniorar. Og i 1988, då han var 18 år, vart han den første stormeisteren i sjakk nokon gong frå India.

Inn i verdstoppen tidleg på 1990-talet[endre | endre wikiteksten]

Anand kom inn i verdstoppen i sjakk tidleg på 1990-talet, ved å vinne turneringar som Reggio Emilia 1991 (framom Garri Kasparov og Anatolij Karpov). At han spelte på eit så høgt nivå, fekk han ikkje til å redusere farten, og han heldt fram med å spele partia mykje raskare enn motstandarane. I 1991 nådde han kvartfinala i verdssjakkforbundet FIDE si kandidatturnering, før han fekk eit knepent tap mot Anatolij Karpov.[6]

Anand kvalifiserte seg for utbrytarorganisasjonen PCA sin VM-finale, ved å vinne kandidatkampane mot Michael Adams og Gata Kamsky.[7]

Tap i VM-kamp mot Kasparov i 1995[endre | endre wikiteksten]

I 1995 spelte han såleis ein kamp om PGA sin VM-tittel mot Kasparov i World Trade Center i New York City. Etter at spelarane hadde starta med å spele dei første åtte partia til remis (uavgjort), noko som er ein rekord for starten av ein VM-kamp, vann Anand det niande partiet etter eit sterkt kvalitetsoffer. Men deretter tapte han fire av dei neste fem partia, og til slutt også VM-kampen med 10,5 - 7,5.

«Avansert sjakk»[endre | endre wikiteksten]

Anand vann tre påfølgjande turneringar i avansert sjakk i León i Spania, etter at Garri Kasparov introduserte denne sjakk-forma i 1998. Han kunne etter dette reknast som verdas beste i denne sjakk-forma, der spelaren kan bruke ei datamaskin som lovleg hjelpemiddel under spelet.

Sjakk-Oscar[endre | endre wikiteksten]

Anand har vunne Sjakk-Oscar i 1997, 1998, 2003, 2004, 2007 og 2008. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over. Det russiske sjakkbladet 64 har delt ut prisen sidan 1995.

Viktigaste turneringssigrar[endre | endre wikiteksten]

Anand sine viktigaste turneringssigrar dei siste åra er mellom anna: Corus sjakkturnering i 2006 (delt med Veselin Topalov), Dortmund i 2004, og Linares i 2007. Han har vunne dei årlege turneringane i Monaco, Melody Amber, som består av blindsjakk og snøggsjakk, i 1994, 1997, 2003, 2005 og 2006. Han er den einaste spelaren som har vunne Corus sjakkturnering fem gongar. Han er også den einaste spelaren som har vunne både blindsjakk-delen og hurtigsjakk-delen av Melody Amber-turneringa same året, og det har han gjort to gongar - i 1997 og 2005. Anand var også den første spelaren som hadde vunne alle dei tre såkalla superturneringane: Corus (1998, 2003, 2004, 2006), Linares (1998, 2007), Dortmund (1996, 2000, 2004).

Verdas beste i snøggsjakk (hurtigsjakk)[endre | endre wikiteksten]

I oktober 2003 arrangerte verdssjakkforbundet FIDE ei turnering i snøggsjakk (hurtigsjakk) i Cap d'Agde. Turneringa vart kalla verdsmeisterskapen i hurtigsjakk. Kvar spelar hadde 25 minutt på heile partiet, med 10 sekund i tillegg etter kvart trekk. Anand vann denne turneringa framom ti av dei tolv beste spelarane i verda. Han vann mot Kramnik i finala.

Anand er rekna som verdas beste i snøggsjakk, og dei viktigaste sigrane hans i denne disiplinen er mellom anna: Corsica (seks år på rad frå 1999 til 2005), Mainz (sju år på rad frå 2000 til 2006), Leon 2005, Eurotel 2002, Fujitsu Giants 2002 og Melody Amber (fem gongar - og han har vunne snøggsjakk-delen i Melody Amber sju gongar).

I dei fleste partia Anand spelar med full tenketid, brukar han mindre tid enn motstandaren. Han skal ha tapt berre eit turneringsparti på tid, mot Gata Kamsky. Og berre ein gong skal han ha nytta seg av regelen som seier at viss du har mindre enn 5 minutt att på klokka, så treng du ikkje skrive trekka, i partiet Anand - Svidler, MTel Masters 2006. [8]

Sjakk-titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 Indisk juniormeister - 14 år
  • 1984 Internasjonal Meister i sjakk - 15 år
  • 1985 Indisk meister - 16 år
  • 1987 Junior-verdsmeister
  • 1988 Stormeister i sjakk
  • 2000 FIDE verdsmeister
  • 2003 FIDE verdsmeister i hurtigsjakk
  • 2007 FIDE verdsmeister - uomtvista

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Anand gav i 1998 ut ei samling av sine beste parti, My Best Games of Chess. Boka kom i revidert utgåve i 2001.

  • Viswanathan Anand, My Best Games of Chess (Gambit, 2001 (ny utgåve))

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Viswanathan Anand regains world chess title. Retrieved on September 30 2007
  2. Chessbase.com om det siste partiet i VM, vitja 12. mai 2010
  3. All Time Rankings. Retrieved on April 15 2007.
  4. ChessBase.com. Retrieved on April 15 2007.
  5. FIDE topp 100 pr. 1. april 2007, vitja 12. mai 2010.
  6. World Chess Championship 1991-93 Candidates Matches. Retrieved on April 15 2007.
  7. World Chess Championship 1994-95 PCA Candidates Matches. Retrieved on April 15 2007.
  8. ChessBase.com. Retrieved on April 15 2007.