Ande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om pust. For andingsprosessen, sjå anding.
Soldat pustar ut i kald luft.

Ande, andedrag eller pust er luft som ein dreg inn og slepp ut frå lungene under anding. Ordet «ande» kjem frå norrønt andi (m.), og er nærskyld med ordet ǫnd, som kunne tyde både 'ande, pust' og 'sjel; liv'.

Ande i religion og tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Den guddommelege anden. Altartavle av Melchior Broederlam frå 1300-talet.
Vindguden Aeolus bles vind.

Anding heng tett saman med livet og livsvilkåra, og kan ofte vera synonymt med liv eller sjel. Det greske ordet psyke tyder til dømes både 'sjel' og 'pust'. Skapingsforteljinga i Bibelen fortel at Gud «bles livspust» inn i Adam då han skaper han.[1] Opphøyr av anden heng oftast saman med dauden, og å døy kan omtalast som å «gje opp anden». Anden og det han står for er viktig i tradisjonar fleire stader i verda, til dømes som prana i indisk tradisjon og qi i kinesisk. Pranayama eller pustekontroll er ein utbreidd praksis i hinduismen. I tillegg til å pusta vanleg luft kan folk fylla munnen med røyk og pusta han ut i rituell samanheng eller som tidsfordriv (røyking). Såkalla flammeslukarar bles ut brennbare væsker og tenner dei på, oftast som underhaldning.

Mange vindgudar er blitt knytta til ande, og vind kan framstillast som luft dei bles. Den vediske guden Vaju er til dømes også kjend som 'prana', 'pust', medan mesopotamske Enlil er knytt til både luft og vind. Pusten til den egyptiske gudinna Sekhmet skal ha skapt ørkenvindane. I andre tradisjonar kan pust bringa fram flammar eller is.[2]

Dårleg ande[endre | endre wikiteksten]

'Kvinne med dårleg ande'. Bilde av Yamai no Soshi frå 1100-talet.

Vond eller dårleg ande viser til ande som har dårleg lukt. Dårleg ande kan vera eit teikn på sjukdom eller manglande munnhygiene, men kan også koma av mat, alkoholinntak eller røyking. For å motverka dårleg ande har ein gjennom tidene brukt ulike middel som røykjelse, myrra, honning, kanel, nellik, peparmynte og andre krydder og urter, munnvask, munnspray, pastillar og tyggegummi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1 Mos 2 i Nettbibelen ved bibel.no
  2. Til dømes eldsprutande drakar som Leviatan (Job 41) eller den greske Kimæren, medan Gud sin pust skal framkalla frost i Jobs bok. (biblehub.com, Nettbibelen)
Spire Denne medisinartikkelen som har med religion å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.