Jobs bok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jobs bok er ei bok i Det gamle testamentet/Tanakh som handlar om prøvelsane til Job. Skrifta skil seg ut ved at ho blandar diktarisk tekst med forteljing.

Boka kan delast inn i tre delar:

  • Kap. 1 og 2: forteljande prolog,
  • Kap. 3-42:6: ein lang del med samtalar i poetisk form,
  • Kap. 42:7-17: forteljande epilog.

Job er ein velståande mann. Djevelen prøver å få han til å slutta å tjena Gud ved å utsetta han for ulukker, slik at han blir sjuk og fattig. Tre venner, Elifas, Bildad og Sofar, kjem for å trøysta han. Dei meiner han må ha gjort noko gale slik at han no blir straffa med ulukker. Mot slutten av forteljinga kjem ein fjerde person, Elihu, inn i soga, som talar på ein helt annan måte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]