Anders Kristian Orvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Kristian Orvin
Fødd24. oktober 1889
Hattfjelldal
Død2. oktober 1980
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeoppdagar, geolog
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Anders Kristian Orvin (24. oktober 18892. oktober 1980) var ein norsk geolog frå Hattfjelldal. Faren, Ole Tobias Olsen var prest der fram til 1905 då familien flytte til Kristiania.

Han fekk cand.min. i 1912 og vart dr.philos. i 1934. Han deltok og stundom leia mange ekspedisjonar til Spitsbergen, Bjørnøya og Austgrønland.

I 1948 vart han tilsett som underdirektør for Norsk Polarinstitutt og i 1958–59 vart han direktør for instituttet.

Orvin skreiv mellom anna Geology of Bear Island saman med Gunnar Horn (1928), doktoravhandlinga Geology of the Kings Bay Region, Spitsbergen (1934) og Outline of the Geological History of Spitsbergen (1940).

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Orvin Land, nordaust på Svalbard har fått namn etter Orvin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Anders Kristian Orvin» i Store norske leksikon, snl.no.

  • Wikipedia på bokmål om Orvin, henta inn 29. august 2010.