Anders Nordberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Nordberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1978 (46 år)
Skien kommune
Idrett orientering

Anders Nordberg (fødd 17. februar 1978) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Skien. Perioden 2004-11 vann han to VM-sølv på klassisk-distansen, to VM-bronsar og i 2011 stafett-sølv ved VM. Han er gift med Anne Margrethe Hausken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nordberg vann bronsemedaljen på mellomdistansen ved VM 2004. Frå den nordiske meisterskapen på Notodden i 2005 kunne han reise med tre gullmedaljar. I juli 2007 gjekk han heilt til topps i den svenske O-Ringen, seinare same sesongen sikra han VM-bronse nummer 2, då på langdistansen. På Siggerud i Akershus i juni 2008 kom Nordbergs einaste verdscupsiger. Ein månad etterpå sprang han inn til sølvmedalje på langdistansen I VM, slått med eit drygt minutt av Daniel Hubmann frå Sveits.

Under stafettløpet ved verdsmeisterskapen 2009 i Miskolc i Ungarn hamna Nordberg i ein dramatisk situasjon. På ankeretappen låg han i leiinga då han stansa for å hjelpe den svenske konkurrenten  Martin Johansson, som skreik i smerte etter ein pinne hadde trengt inn i leggen hans. Dei tre fremste i stafetten, nemnde Nordberg, franske Thierry Gueorgiou og tsjekkiske Michal Smola, stoppa alle opp og hjelpte den skadde svensken. Juryen let resultatet stå og Sveits enda som vinnarar av stafetten.

På norsk heimegrunn i Trøndelag i 2010 enda Nordberg på andreplassen på langdistansen, einast 40 sekund bak landsmannen Olav Lundanes. På lag med Carl Kaas og Lundanes vann Nordberg sitt tredje og siste VM-sølv i franske Savoie i 2011.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2004: Bronsemedalje på mellomdistanse
  • VM 2007: Bronsemedalje på klassisk-distansen
  • VM 2008: Sølvmedalje på klassisk-distansen
  • VM 2009: Nr 8 på klassisk-distansen
  • VM 2010: Sølvmedalje på klassisk-distansen
  • VM 2011: Sølvmedalje i stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]