Andreas Vesalius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andreas Vesalius

Andreas Vesalius (15141564) var ein flamsk anatom. Gjennom sitt banebrytande hovudverk De humani corporis fabrica (1543) vert han rekna som grunnleggjaren av den moderne anatomien. Han fann fleire feil i dei anatomiske skildringane av menneskekroppen slik ein finn dei hjå Galenos, og gjennom disseksjonar og observasjonar svekka han sistnemnde sin autoritet innanfor anatomien. Trass i dette vekte Vesalius sitt arbeide sterke reaksjonar i samtida, og gav han mange vanskar gjennom livet.

Vesalius ætta frå ein tysk lækjarfamilie med opphav i byen Wesel, og far hans var hoffapotekar åt keisar Charles V. I 1533 reiste han til Universitetet i Paris for å studere medisin. Der vart han undervist av vitskapsmenn som til dømes Quinterus av Andernach og Jacobus Sylvius. Det var i Paris han byrja å fokusere på anatomien, og han studerte særleg skjelett som han fann på gravplassar og avrettingsstader. Han dissekerte heile dyreskrottar, og fekk gjennom dette så stor kunnskap at han dissekerte eit lik offentleg etter førespurnad frå lærarar og medstudentar.

I 1537 reiste han til Venezia, så til Padova der han tok ein doktorgrad i medisin. Her vart han så utnemnd til professor i kirurgi og anatomi. I strid med vanleg praksis dissekerte Vesalius lika på eiga hand, heller enn at ein kirurg dissekerte medan ein lækjar las høgt frå Galenos eller Mondino de Luzzi. Med tida vart han overtydd om at Galenos, som baserte mykje av teoriane sine på dissekering av apekattar, «ikkje bar med seg preg av sanning». Trass kritikken brukte han likevel Galenos sitt arbeid i sitt eige verk, og lange passasjar er reine avskrift av Galenos.[1] I 1543 gav han derfor ut De humani corporis fabrica. Ved hjelp av teikningar utførte av kjende renessansekunstnarar gav han i dette verket ei utførleg skildring av menneskeanatomien ved hjelp av empiri opparbeid gjennom post-mortem dissekering. Trass i motstanden han møtte med sine nyorienterande teoriar, vart han året etter tilsett som hofflækjar hjå keisar Charles V og seinare hjå Philip II av Spania. Vesalius døydde i Hellas i 1564 på veg heim frå pilegrimsferd til Jerusalem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aastorp, Harald (30. april 2004). Andreas Vesalius: "De humani corpores fabrica libri septem". forskning.no. «Lange passasjer er tatt direkte fra Galenos»