Annie Leclerc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annie Leclerc
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. juli 1940
Saint-Sulpice-Laurière
Død

13. oktober 2006 (66 år)
Paris

Yrke skribent, kvinnesaksforkjemper, romanforfattar, filosof, universitetslærar, feminist
Ektefelle Nicos Poulantzas

Annie Leclerc (21. juli 194013. oktober 2006, eigentleg Anne-Marie Lecler[1]) var ein fransk litterær person. Ho var lærar av yrke, og blei kjend for å ha stått fram for feminist aktivisme og engasjement for saka til fangar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Annie Leclerc var fødd i ein familie med humanistiske tradisjonar.[2] Ho vaks opp i Sceaux[3] og mistreivst i det småborgarlege miljøet i det landlege Limousin.[4] Ho gjekk på vidaregåande ved ved Lycée Marie Curie og studerte så filosofi ved Sorbonne. Ho gjekk ut i 1963 og blei utnemnd til professor i filosofi etter gjennomført lærarutdanning (CAPES).

Leclerc kjempa for kvinner sine rettar frå ung alder. I 1971 skreiv ho under på Le manifeste des 343, som kravde tilgang til fri abort, i lag med kvinner som meldte at dei sjølv hadde utført abort i Le Nouvel Observateur. I 1974 blei ho kjend for boka Parole de femme.[3]

I 1975 avslutta ho karrieren som lærar[3] for å skriva på fulltid. Ho samarbeidde med ulike magasin, som Les Temps Moderne. Frå 1979 underviste ho igjen,[3] ikkje lenger filosofi, men skriftleg og munnleg uttrykksteknikk ved IUT i Sceaux. 3. oktober 1979 tok mannen hennar, den marxistiske teoretikaren Nicos Poulantzas, livet av seg ved å kasta seg frå toppen av Tour Montparnasse i Paris, og etterlét henne åleine med dottera deira, ni år gamle Ariane Poulantzas. Annie Lelerc skapte eit nytt liv med Paul Aïm,[5] ein filosof frå Mostaganem i Algerie.

Frå 1970-talet til 1990-talet heldte Leclerc skriveverkstad i fengsel i Paris-regionen kvar veke. I sine eigne bøker fordømde ho vald og den kontraproduktive karakteren til fengsel, den vonde sirkelen med tilbakefall til kriminalitet i eit system som har straff som prinsipp, og eit system som skil kriminelle frå resten av menneskeja.[6]

Ho døydde sekstiseks år gammal av ein sjukdom med dødeleg utgang som ho fekk kjennskap til tidleg nok til ho kunne byrja skriva eit testamenteverk,[7] men ikkje tidleg nok til at ho kunne fullføra det:[5] L'Amour selon Mme de Rênal. Ho er gravlagd ved Cimetière du Montparnasse. Eit år etter at ho døydde, i 2007, gav veninna Nancy Huston ut Passions d'Annie Leclerc på Actes Sud.[8] Sambuaren hennar Paul Aïm døydde åtte år seinare, den 25. februar 2015.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Le Pont du nord, coll. Blanche, Gallimard, Paris, 1967, 224 p., roman.
  • Parole de femme, Grasset, Paris, 1974, 200 s., gjenutgjev. coll. Babel, Actes Sud, Arles, 2001, 208 s.
  • Épousailles, Grasset, Paris, 1976, 200 s.
  • Au feu du jour, Grasset, Paris, 1978, 192 s.
  • Hommes et femmes, Grasset, Paris, 1985, 224 s.
  • Le Mal de mère, Grasset, Paris, 1986, 168 s.
  • Origines, Grasset, Paris, 1988, 280 s.
  • Clé, Grasset, Paris, 1989, 80 s.
  • Exercices de mémoire, Grasset, Paris, 1992, 256 s.
  • Toi, Pénélope, Actes Sud, Arles, 2001, 240 s. ISBN 978-2742730834.
  • Eloge de la nage, Actes Sud, Arles, 2002, 96 s. ISBN 978-2742738052.
  • L'enfant, le prisonnier, Actes Sud, Arles, 2003, 224 s. ISBN 978-2742742561.

Posthume utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Préf. N. Huston, L'Amour selon Mme de Rênal, coll. Un endroit où aller, Actes Sud, Arles, octobre 2007, 70 p. ISBN 978-2742770342.
  • Préf. N. Huston, Paedophilia ou L'amour des enfants, Actes Sud, Arles, 2010, 144 p. ISBN 978-2742788354.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. État civil trouvé dans la base MatchId des fichiers de décès en ligne du Ministère de l'Intérieur avec les données INSEE (consultation 4 mai 2020)
  2. Quatrième de couverture, i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 9, Actes Sud, Arles, 2007 ISBN 978-2742770342.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 R. de Ceccatty, « Annie Leclerc, philosophe. », i Le Monde, Paris, 20. oktober 2006.
  4. N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 9, Actes Sud, Arles, 2007 ISBN 978-2742770342.
  5. 5,0 5,1 N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », in A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 7, Actes Sud, Arles, 2007 ISBN 978-2742770342.
  6. M. Chollet (oktober 2003). «Annie Leclerc, philosophe - Penser sans entraves». Périphéries. 
  7. N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 8, Actes Sud, Arles, 2007 ISBN 978-2742770342.
  8. « Passions d'Annie Leclerc », Actes Sud, Arles, 2007.