Arles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arles
Horisonten til Arles
Horisonten til Arles
Byvåpenet til Arles
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Bouches-du-Rhône
Geografi
Flatevidd 758,93 km²
Flatevidd
 - By

758,9 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

52 600
  66/km²
Koordinatar 43°40′41″N 04°37′46″EKoordinatar: 43°40′41″N 04°37′46″E
Høgd over havet 10 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-arles.fr
Plassering
Plassering av Arles
Plassering av Arles

Arles (oksitansk Arle) er ein by sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (administrasjonsstad) i departementet Bouches-du-Rhône i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og har om lag 55 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva Rhône deler seg i to greinar like oppfor Arles, og dannar elvedeltaet Camargue. Sidan Camargue administrativt er ein del av Arles, er heile kommunen den største kommunen i Frankrike i forhold til areal. Byen har litt meir enn 50 000 innbyggjarar, medan arealet er 759 km², som er sju gongar så stort som Paris.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Arles vart grunnlagd av grekarar500-talet fvt. med namnet Theline. Han vart erobra av keltaren Salluvii i 535 fvt., som gav han namnet Arelate. Romarane tok byen i 123 fvt. og utvida han til ein viktig by. Ein kanal vart bygd til Middelhavet i 104 fvt.. Byen slo seg saman med Julius Cæsar mot Pompeius, medan den nærliggande byen Massalia (Marseille) støtta Pompeius. Cæsar sigra, og Massalia vart reinska for rikdom, som så vart frakta til Arles. Byen vart så ein koloni for krigsveteranar i den romerske legionen.

I Arles låg den sørlegaste brua over Rhône. Brua var ikkje fast, men brukte ei rekkje båtar som var ankra opp til tårn og klaffebruer på kvar side. Årsaka til denne uvanlege utforminga var for å hanskast med dei hyppige flaumane som var i elva.

Byen nådde eit høgdpunkt på 300- og 400-talet, då romerske keisarar budde her under militære felttog. I 395 vart han sete for pretorianske prefekturet Gallia, og styrte dei vestlege delane av riket: Gallia og Hispania (Spania) og Armorica (Bretagne).

Arles vart kjend som eit kulturelt og religiøst sentert seint i romartida. Bispedømet vart halde av fleire framståande geistlege. Den første var St. Trophimus rundt 225, så St. Honoré, og så St. Hilarius på første halvdel av 400-talet.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Muslimske saracenarar og frankarar tok kontroll over byen på 700-talet. I 855 vart han hovudstad i det frankiske Kongedømet Arles, som inkluderte Burgund og delar av Provence, men vart ofte terrorisert av saracenarar og vikingar.

I 933 gav Hugo av Arles kongedømet sitt til Rudolf II, greve av Auxerre, som grunnla kongedømet Bourgogne Transjurane. Han slo i saman dei to kongedøma til eit nytt kongedømet Arles. Etterkomarane av Rudolf II overtok trona, men områda i kongedømet vart gradvis ein del av Frankrike.

Byen vart igjen politisk og økonomisk viktig på 1100-talet, då den tysk-romerske keisaren Frederik Barbarossa reiste her i 1178 for å verte krona. På 1100-talet vart byen ein fri by styrt av ein vald podestat, som peikte ut konsular. Han heldt på denne statusen til den franske revolusjonen i 1789.

Arles vart ein del av grevskapet Provence i 1239. I 1378 overlét Karl IV restane av kongedømet Arles til dauphinen av Frankrike (seinare Kong Karl VI av Frankrike) og kongedømet var løyst opp.

Det moderne Arles[endre | endre wikiteksten]

Place Du Forum i Arles i dag.
Cafe Terrace om kvelden av Vincent Van Gogh (September 1888). Viser varmen frå ein kafé i Arles.

Arles var lenge ein økonomisk viktig by med rolla som ei stor hamn ved Rhône. Då jernbanen kom på 1800-talet forsvann derimot mykje av handelen på elva, og byen hamna på sett og vis i bakevja.

Dette gjorde byen attraktiv for målaren Vincent van Gogh, som kom her 21. februar 1888. Han var fasinert av landskapet i Provence og lagde over 300 måleri og teikningar her. Mange av dei mest vidkjende måleria hans vart måla i Arles: Nattkaféen, Soverom i Arles, Stjernenatt over Rhône og L'Arlésienne. Paul Gauguin vitja Gogh i Arles. van Gogh si mentale helse vart derimot verre, og han vart urovekkande eksentrisk, noko som til slutt førte til den kjende hendinga der han kutta av seg øyra i desember 1888.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Arles er senter for eit stort jordbruksområde, og andre hushaldningsprodukt i tillegg til klede vert seld på gatemarked på Boulevard des Lices kvar laurdag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Arles