Annie Skau Berntsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Annie Margaret Skau Berntsen (fødd 29. mai 1911 i Kristiania, død 26. november 1992 i Borre i Vestfold), også kjend som Søster Annie, var ein norsk sjukepleiar og misjonær i Kina og Hong Kong.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Annie Margaret Skau vart fødd i Kristiania som eldste barnet i familien. Familien flytte snart til Horten, der Annie voks opp med fire småsysken. To av brørne hennar var tidlegare justisminister Bjørn Skau, og fagforeiningsmannen Leif Skau. Etter mellomskuleeksamen gjekk Annie sjukepleiarskulen i Horten. Ho var oppvaksen i ein kristen familie, men fekk eit meir medvite tilhøve til trua si på denne tida, og vart medlem i kyrkjelyden Betlehem som tilhøyrer Det Norske Misjonsforbund. Ho opplevde å få eit kall til å reisa ut som misjonær til Kina i november 1934. I 1937 vart ho oppteken som misjonær i forbundet, og reiste same året til London for å få opplæring i misjon og sjukepleie.

Misjonsverksemd i Kina[endre | endre wikiteksten]

Rett etter utdanningskursa reiste Annie Skau til Hong Kong, der ho steig i land 6. oktober 1938. Annie Skau var 1.93 m høg, og var den høgaste kvinna dei lokale hadde sett nokon gong. Det var meininga at ho skulle arbeida i provinsen Shaanxi i det nordlege Sentral-Kina. På denne tida låg Kina i krig med Japan, og ho måtte difor reisa dit via Hanoi i det som no er Vietnam. Reisa varte i to månader. Ho blei verande i Kina frå då av og under heile andre verdskrigen. Neste gong Søster Annie reiste tilbake til Noreg, var i 1945 då ho blei i heimlandet eit års tid. Hausten 1946 reiste ho attende til Kina att.

I åra som fylgde var det vanskeleg å driva misjonsarbeid i Kina, då kommunisthæren hans Mao Zedong la under seg heile Fastlands-Kina. Folkerepublikken Kina vart skipa i 1949, og Søster Annie vart på den tida fengsla to gonger; i 1949 og 1950. I 1951 måtte ho forlata Kina i lag med alle dei andre kristne misjonærane i landet. Ho kom til Noreg att via Hong Kong med svært svekka helse.

Håpets havn. Seinare år[endre | endre wikiteksten]

24. mars 1953 kom Annie Skau attende til det då britiske Hong Kong for å arbeida blant millionar av flyktningar som var komne dit frå Folkerepublikken Kina. Særleg jobba ho med tuberkulosesjuke. I 1955 skipa ho sanatoriet Håpets havn saman med den skotske sjukepleiaren Helen Wilson. Søster Annie vart leiar for dette sjukehuset og verka her resten av tida si som misjonær. Håpets havn fekk også god stønad frå Noreg.

Det fyrste barnet som vart fødd ved denne Vonshamna var ei jente som voks opp hjå Søster Annie og seinare vart adoptert av henne. I 1966 gifte Annie Skau seg med forretningsmannen Reidar Owren Berntsen, og dei to reiste tilbake til Noreg for godt i 1978. Adoptivdottera heiter Ling Ling Grace Skau og er i dag busett i Noreg.

Annie Skau Berntsen skreiv fleire bøker om gjerninga si i Kina. På sine gamle dagar vart ho også portrettert i NRK-programmet Dette er ditt liv med Harald Tusberg. Annie Skau Berntsen døydde i Vestfold i 1992, to år etter mannen. Begge ligg gravlagde i Horten.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker av Annie Skau[endre | endre wikiteksten]

  • Sjølvbiografi på kinesisk, 1977
  • Min kinesiske dagbok, 1986
  • Min fars datter. Fra ørkenslette til kildevang. Dagboksblader fra et liv blant kinesere, 1988

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

  • Annie Skau: Mitt hjertes glede. G. Gleason, 1966
  • Søster Annie: Dette er mitt liv! G. Gleason, 1985
  • Søster Annie – barnas beskytter S. S. Amundsen og S. O. Brechan, 1989
  • Søster Annie –: hjemme i himlen A. Møller, 1993

Kjelder[endre | endre wikiteksten]