Bjørn Skau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bjørn Skau (fødd 26. februar 1929 i Horten, død 2. mars 2013 i Fredrikstad)[1] var ein norsk journalist, politikar (Ap) og offentleg tenestemann.

Han var statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) i Gro Harlem Brundtland si første regjering, i tida 4. februar–14. oktober 1981.

Bjørn Skau arbeidde som journalistlærling og journalist frå 1945-1957 og 1965-1967.

Bjørn Skau var nært knytt til arbeidarrørsla frå tidlege ungdomsår, og var medlem av Larvik kommunestyre 1951–57. Han var medlem av landsstyret i Arbeidernes ungdomsfylking 1952–58 og nestformann i AUF 1952–58. Har var politisk sekretær i Sosialdepartementet i 1959 og statssekretær i Sosialdepartementet 1961-1963 og 1963-1965, berre avbrote av Lyng-regjeringa i 1963. I perioden 1961-1965 var han også formann i Framfylkingen.

Han var deretter rådmann i Skjeberg frå 1967 til 1975, seksjonssjef i Nordisk Ministerråd sitt kultursekretariat frå 1975 til 1977, sjukehussjef i Buskerud frå 1978 til 1988 og sjukehusdirektør ved Buskerud sentralsykehus 1988–93. Han var formann i Buskerud Arbeiderparti 1981–1984 og medlem av DNA sitt landsstyre 1981–85. Han var også medlem av kommunestyret og formannskapet i Drammen 1983-1987.

Då han vart utnemnd til justisminister var det noko overraskande, særleg fordi han var den første på lenge i denne stillinga som ikkje sjølv var jurist.

Bjørn Skau var også vore aktiv i fråhaldsrørsla, der han hadde ei rekkje framstånde verv:

Bjørn Skau er far til tidlegare stortingsrepresentant Per Skau. Han er også bror til misjonæren Annie Skau Berntsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidligere justisminister Bjørn Skau er død. Aftenposten (2. mars 2013).