Anton L. Alvestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anton Ludvig Alvestad (fødd 7. mai 1883 i Sula, død 2. juli 1956), var ein norsk politikar, statsråd og stortingsmann. Alvestad var faglært bakar og hadde eiga bakarforretning i Ålesund. Han var vidare aktiv fråhaldsmann og medlem i IOGT.

Anton L. Alvestad kom tidleg med i arbeidarrørsla. I 1904 deltok han ved stiftinga av Ålesund Arbeiderparti. Han vart ordførar i Ålesund i åra 1920-1921, den første Arbeidarparti-ordføraren i byen. I 1921 blei han vald inn på Stortinget som representant for Mørebyane (Ålesund, Molde, Kristiansund). Dette blei starten på ein lang karriere som stortingsmann. Han var stortingsmann fram til 1936. I 1950 var han vald på nytt og var representant fram til han døydde i 1956. Frå 1954 representerte han Møre og Romsdal fylke. Alvestad var medlem av Regjeringa Hornsrud i januar–februar 1928, då som statsråd i Handelsdepartementet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]