Tornstjertar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aphrastura)
Tornstjertar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Tornstjertar Aphrastura
Oberholser, 1899

Tornstjertar (Aphrastura) er ei lita biologisk slekt i omnfuglfamilien av sporvefuglar. Slekta inkluderer berre to artar, begge med utbreiing i Sør-Amerika, og ein øyart er kritisk trua.

Dette er småvaksne omnfuglar med karakteristiske flisete, stive, piggete halefjørerfjører. Dei rører seg snøgt i skog, krattskog, tuegras og anna vegetasjon.

Artslista etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Gulbryntornstjert, Aphrastura spinicauda, Thorn-tailed Rayadito, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
13-14 cm lang, har utbreiing frå Coquimbo-regionen i Chile sørover til Eldlandet, dels inn i Argentina.
  • Masafueratornstjert, Aphrastura masafuerae, Masafuera Rayadito, (Philippi & Landbeck, 1866), (CR)
14-15 cm lang, endemisk for Alejandro Selkirk-øya, Chile

Det er skildra fire underartar for gulbryntornstjert. I 2022 blei ein av dei, A. s. subantarctica, føreslått klassifisert om til sin eigen art. A. s. subantarctica er endemisk for Diego Ramírez-øyane.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2023. IOC World Bird List (v13.1). doi : 10.14344/IOC.ML.13.1 Henta 7. mars 2023
  2. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
  3. Rozzi, R.; Quilodrán, C.S.; Botero-Delgadillo, E.; Napolitano, C.; Torres-Mura, J.C.; Barroso, O.; Crego, R.D.; Bravo, C.; Ippi, S.; Quirici, V.; Mackenzie, R.; Suazo, C.G.; Rivero-de-Aguilar, J.; Goffinet, B.; Kempenaers, B.; Poulin, E.; Vásquez, R.A. (2022). «The Subantarctic Rayadito (Aphrastura subantarctica), a new bird species on the southernmost islands of the Americas». Scientific Reports 12 (1): 13957. doi:10.1038/s41598-022-17985-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tornstjertar