Omnfuglar
| Omnfuglar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Furnariidae | |
Omnfuglar, Furnariidae, er ein familie med nær 300 artar av sporvefuglar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.
Dette er ei mangearta gruppe av fuglar som har fått namnet etter den omnliknande forma på reira gjort av leire hos artane i slekta Furnarius. Likevel har dei fleste artane i familien reir inne i hòl (tunnelar) i bakken eller i bergsprekker. Alle artane har overdekt reir. Dei legg opptil seks lysblåe, lysgrøne eller kvite egg som vert ruga mellom 15 og 22 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13 - 20 dagar.
Omnfuglar er små til mellomstore fuglar, storleiken varierer frå 9 til 35 centimeter i lengd. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat, alt frå byparkar med haciendaomnfugl til tropisk lågland i Amazonas med sine mange lauvgranskarar til tempererte golde Andesfjella som har fleire artar av tunnelfuglar. Ved kystane finst to bergkallar (cinclodes), fjærebergkall og brottbergkall.
Familien inkluderer underfamilien Dendrocolaptinae, treløparar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ovenbird (family) frå Engelsk Wikipedia .
Bakgrunnsstoff [endre]
- Xeno-Canto.org: Lydopptak av omnfuglar
- Videoar med omnfuglar