Apostelen Judas Taddeus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Judas Taddeus, måleri av Georges de La Tour, ca 1615-1620
Symbol på hans martyrdom

Apostelen Judas Taddeus var ein av Jesu læresveinar og blant dei tolv opphavlege apostlane. Han er kalla «Judas, son til Jakob» i Lukasevangeliet,[1] medan han i Johannesevangeliet er omtalt som «Judas – ikkje Judas Iskariot» [2]. Han har namnet Taddeus i Matteusevangeliet[3] og Markusevangeliet[4].

Somme tradisjonar reknar han som forfattar av Judas' brev, den kortaste boka i Det nye testamentet. Den boka skal vere skriven av «Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror»[5]. Kritisk forsking tyder likevel på at apostelen og brevforfattaren er to ulike personar. I Lukasevangeliet står det at Judas Taddeus var son til Jakob.[6]

Nokre legender fortel at Simon Seloten og Judas Taddeus var brør. Den apokryfe Simons og Judas' lidingshistorie fortel at da apostlane etter pinsedag delte verda mellom seg, fekk Simon Egypt og Judas Mesopotamia som misjonsmark. Llegenda fortel vidare at dei to apostlane seinare møtte kvarandre og forkynte evangeliet i Persia. Her leid begge martyrdøden. Judas vart slått i hel med ei kule, medan Simon vart saga i to.

Judas Taddeus var lenge «den gløymde apostelen», fordi han hadde same namnet som forrædaren Iskariot. På nokre apostelbilete har han derfor bytta plass med Paulus. Han er også forveksla med apostelkollegaen Simon, som vert feira same dag.

I kunsten er Judas Taddeus oftast framstilt med ein klubbe eller ei kule til minne martyriet hans. Han kan òg vere framstilt med ein fisk eller ei åre, sidan ein meiner han hadde ei fortid som fiskar.

Minnedagen hans er 28. oktober, ved Simonsmesse.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]