Georges de La Tour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Falskspel med ruteress, 1635
Josef med Jesus i snikkarverkstaden, 1640-åra

Georges de La Tour (14. mars 159330. januar 1652) var ein fransk målar under barokken, som var lenge gløymd.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

La Tour var son til ein bakarmeister i Vic-sur-Seille i Lorraine i Frankrike. I 1620 opna han målarverkstad i Lunéville, heimstaden til kona. Han arbeidde for hertugen av Lothringen på 1620-talet og for den franske kongen Ludvig XIII, som utnemnde La Tour til hoffmålar i 1639. Viktigaste oppdragsgjevarane hans var likevel frå borgarskapen. Forma i La Tours bilete indikerer at han vitja Nederland og kanskje Italia, og såleis vorte inspirert av Gerard van Honthorst og særleg Caravaggios bruk av chiaroscuro.

Heile La Tours produksjon omfattar i underkant av tjue måleri, og han var ukjent for kunsthistoria til bileta hans vart oppdaga på nytt tidleg på 1900-talet. Verka hans består av bibelmotiv og sjangerscener, samtlege framstilt som nattbilete. Måleria er kjenneteikna av komposisjonar med eit fåtal store figurar, som regel plassert i forgrunnen av biletet, og med store kontrastar mellom lys- og skugge.

Måleriet Josef med Jesusbarnet i snikkarverkstaden har eit for dåtida uvanleg motiv. Berre sjeldan i biletkunsten vart den heilage Josef og Jesusbarnet framstilt utan at Jomfru Maria er nærverande. Dette nattbiletet med ein meisterleg bruk av farge og lys, er ei blanding av religiøs historie og sjangermåleri. La Tour har her avstått frå å legge helgengloriar kring figurane. I staden gir han ei livsnær skildring av arbeidet i verkstaden. Biletet får ei allsidig kristen og ikonografisk tyding, med tanke på at Jesus kallar seg sjølv for «Verdas lys» (Joh. 8:12).

La Tour og familien hans døydde 1652 i Lunéville i ein pest.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Georges de La Tour

Kjelder[endre | endre wikiteksten]