Arbeidarsjølvstyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arbeidarsjølvstyre (òg kalla «autogestion») er ei form for avgjerdstaking på arbeidsplassen der arbeidarane sjølve blir samde om kva dei skal gjere (til dømes når det gjeld kundebehandling, produksjonsmetodar, planlegging, arbeidsdeling, osv). Dette i staden for at ein eigar eller tradisjonell arbeidsleiar fortel arbeidarane kva dei skal gjere, korleis dei skal gjere det og kor hen dei skal gjere det.

Døme på slikt arbeidarsjølvstyre finn ein under den spanske borgarkrigen, i Jugoslavia under Tito, i dei «tilbaketekne fabrikkane» i Argentina (fábrica recuperada), i LIP-fabrikken i Frankrike på 1970-talet, i Mondragón Cooperative Corporation i Baskarland, i AK Press i USA, osv.

Arbeidarsjølvstyre er ofte den styringsmodellen som blir bruka i kooperative økonomiske arrangement som arbeidar-samvirke, arbeidarråd, og liknande opplegg der arbeidsplassar fungerer utan ein tradisjonell sjef.

Autogestion vart først teoretisert av Pierre-Joseph Proudhon. Så vart prinsippet ein viktig del av grunnlaget for somme fagorganisasjonar, særleg anarkosyndikalistiske. Arbeidarsjølvstyre har til dømes vore fremja av organisasjonen Industrial Workers of the World (IWW) sidan han vart grunnlagd i USA i 1905.

Ein av dei verste vanskane arbeidarsjølvstyrte bedrifter møter, er tilhøvet til det tradisjonelle økonomiske systemet, da dei vanlege bedriftene ikkje vil samarbeide med eller handle med «tilbaketekne» bedrifter. Arbeidarsjølvstyrte bedrifter finn det derfor ofte lettare å etablere eit alternativt nettverk av bedrifter bygd på same ideologi, altså å byggje eit alternativt økonomisk system. Da kan ein oppnå den styrken ein treng for å forhandle med vanlege kapitalistiske firma.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Worker self-management, som lesen 10. mars 2009.