Arga
| Arga | ||
|
|
||
| Utspring | Errodalen | |
| Munning | Aragón | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 145 km | |
| Middelvassføring | 59,76 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 2759 km² | |
| Renn gjennom | Esteríbar | |
|
|
||
Arga er ei elv i Navarra i Spania og ei av sideelvane til Aragón. Arga vart kalla Runa i antikken. Ho ligg nordaust i Spania og har ei lengd på 145 km. Nedslagsfeltet hennar er 2759 km². Elva spring ut nord i Errodalen og munnar ut i Rio Aragón nær Funes.
Elva er demd opp ved Euguireservoaret nær Esteríbar, ein liten landsby i Navarra. Dammen er hovudsakleg til for å tene området i og rundt Pamplona.
Vegetasjon [endre]
I den øvre delen av elva er ho hovudsakleg omgjeve av bøkeskog og i skogen veks blåbær, cornwall-lyng, halvgras og frytle. I tillegg finn ein andre tre som or, ask, lønn, hasseltre og trollhegg. Etter demninga veks det hovudsakleg eik og furu ved elva.
I den nedste delen finst òg skjørpil, og nedanfor Belascoáin går plantelivet over frå å vere typisk kantabrisk til å verte middelhavsk med svartpoppel og kvitpil.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Arga River» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2009.