Pamplona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pamplona
Vista Plaza del Castillo Pamplona.jpg
Flagget til Pamplona Byvåpenet til Pamplona
Flagget til Pamplona Byvåpenet til Pamplona


Plassering
Pamplona is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Navarra
Provins Navarra
Grunnlagd 74 fvt.
Borgarmeister Yolanda Barcina Angulo
Geografi
Flatevidd
 - By

23,55 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

197 275
  8 376,9 /km²
Koordinatar 42°49′″N 1°38′″WKoordinatar: 42°49′″N 1°38′″W
Høgd over havet 449 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 31001 - 31016
Telefon-retningsnummer 948
Nettstad: www.pamplona.es

Pamplona (baskisk Iruñea eller Iruña) er hovudstaden i Navarra i Spania og det tidlegare kongedømet Navarra.

Byen er verdskjend for San Fermín-festivalen frå 7. til 14. juli der okseløpet er ein av hovudattraksjonane. Byen har kring 200 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pamplona ligg midt i Navarra i den runde dalen Cuenca de Pamplona, som knyt fjella i nord til Ebrodalen. Klimaet og landskapet er ein overgang mellom dei to geografiske regionane i Navarra. Det historiske sentrumet i Pamplona ligg på høgresida av elva Arga, ei sideelv til Ebro. Byen har sidan vokse på begge sider av elva. Byen har maritimt klima med innslag av kontinentalt middelhavsklima.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bymurane i Pamplona

Vinteren 75-75 f.Kr. var området ein leir for den romerske general Pompeius i krigen mot Sertorius. Han vert rekna som grunnleggjaren av Pompaelo[1], som vart Pamplona. Ein meiner at det var hovudbyen til vaskonane og at dei kalla han Iruña, 'byen'. Den romerske Pompaelo låg i provinsen Hispania Tarraconensis, ved Ab Asturica Burdigalam, vegen frå Burdigala (dagens Bordeaux) til Asturica (dagens Astorga); [2].

Monumento a los Caídos de Sanfermines

Etter at Romarriket fall og under den vestgotiske perioden (300- til 700-talet), levde vaskonane fritt, men var truleg underlagt vestgotarane. Fleire biskopar frå Pamplona deltok på råda i Toledo. På 700-talet veksla maurarar og frankarar om å ha kontroll over byen. Den mest kjende episoden frå denne perioden var då Karl den store øydela bymurane etter at han ikkje klarte å ta Zaragoza i 778. Han vart så slått i det kjende slaget ved Roncevaux. Seint på 700-talet kjempa dei to sidene om området, men ingen av dei klarte å få permanent fotfeste, truleg på grunn av interne kampar mellom den baskiske krigsadelen. I 824 vart til slutt Íñigo Arista krona som konge av Pamplona. Dette kongedømet styrkte sjølvstendet sitt frå det svekka Frankarriket og kalifatet Córdoba. I denne perioden var likevel ikkje Pamplona ein skikkeleg by, men meir ei festning.

Frå 1000-talet førte økonomisk vekst til at byen voks. Biskopane i Pamplona tok over ei styrande rolle. Jakobsvegen og pilegrimane som vandra til Santiago de Compostela medverka ein god del til handelen og kulturelle utvekslingar med det kristne Europa på andre sida av Pyreneane. På 1100-talet vart byen utvida med to separate burgos (sjølvstendige kommunar): San Cernin og San Nicolás. Gamle Pamplona og dei nye burgosane var nesten alltid i småstridar mellom kvarandre. Den mest dramatiske episoden var øydelegginga av Navarreríaen av dei to andre kommunane og massakren av folkesetnaden i 1276. Staden vart forlaten i nesten femti år. Kong Karl III samla kommunane til ein enkelt by att i 1423.

Etter at Navarra vart ein del av Spania i 1512, vart Pamplona verande hovudstad i det sjølvstyrte kongedømet Navarra, som fekk halde sine eigne institusjonar og lover. Pamplona hadde ei nøkkelrolle i forsvaret av Pyreneane. Sørsida av byen var svakare og den navaresiske kong Ludvig I fekk bygd ei borg her tidleg på 1300-talet, der dagens Plaza del Castillo (Borgplassen) er. Etter at området vart erobra av Castilla fekk kong Ferdinand V øydelagd borga i 1513 og ei ny vart bygd like ved. Artilleriteknologien utvikla seg og dette kravde ei fornying av festningssystemet rundt byen. Kong Filip II gav ordre om å få bygd eit stjernefort på sørsida av byen og modernisere alle murar. Murane som står i dag er frå seint på 1500-talet til 1700-talet.

Like før starten på San Fermín-festivalen. Rådhusplassen.

På 1800-talet spelte festningsbyen ei viktig rolle i fleire av krigane som Spania var involvert i. Under napoleonskrigane okkuperte franske troppar byen i 1808 og hadde han fram til 1813. Under karlistkrigane (1833–1839 og 1872–1876) var Pamplona begge gongane kontrollert av dei liberale. Krigane viste at dei nye artilleria ville vere for sterke mot dei gamle murane, så styresmaktene fekk bygd ei festning på toppen av fjellet San Cristóbal, tre kilometer nord for Pamplona.

På grunn av den militære rolla, kunne ikkje byen vokse utanfor murane. Dermed vart det bygd smalare og høgare hus, og bakgardane forsvann gradvis. På 1800-talet betra vegtilhøva seg og jernbanen kom til byen i 1860. Industrien stod derimot svakt gjennom den industrielle revolusjonen på 1800-talet.

Den første verdskrigen synte at festningssystemet i Pamplona var forelda. I 1915 vart derfor murane øydelagde og byen kunne utvidast. Berre sørmuren vart rive, sidan dei andre ikkje hindra byen i å vekse. Stjernefortet var eit militært anlegg fram til 1964, men då berre som ein garnison.

Etter at militæret forlet Pamplona kunne industrialiseringa og modernseringa av Pamplona kome i gang. Dette skjedde særleg på andre halvdel av 1900-talet. Folketalet auka som følgje av innflytting frå landsbygda i Navarra i 1960- og 1970-åra, samt frå andre mindre utvikla område i Spania, hovudsakleg Castilla y León og Andalucía. Sidan 1990-åra har innflyttinga stort sett kome frå utlandet.

Pamplona vert rekna som ein av byane med høgast levestandar og livskvalitet i Spania.[3].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pamplona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ptolemaios ii. 6. § 67; Strabius iii. § 161
  2. Antonine Itinerary s. 455
  3. Pamplona, Bilbao and Gijón, the spanish cities with the best quality of life, 2007-06-21, http://www.elmundo.es/elmundo/2007/06/20/espana/1182344494.html, henta 3. november 2009