Argolikósbukta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Argolikósbukta (gresk Αργολικός Κόλπος, Argolikós Kólpos) er ei bukt i Egearhavet utafor austkysten av Peloponnes i Hellas. Den største øya her er Spétses. Bukta vert stundom omtalt i lag med Saroniabukta som Den argosaroniske bukta, medan øyane i dei to buktene blir kalla Dei argosaroniske øyane eller oftare berre Dei saroniske øyane]. Rundt bukta ligg periferieiningane Arkadía og Argolída.
Ei anna øy i bukta er Boúrtzi, ei lita øy like utafor Návplio, med ei borg som i dag er eit monument. Andre øyar i bukta er Platiá og Psilí, som ligg nær kysten av Argolída.
Det går ferjeruter over bukta mellom Návplio, Spétses, Ýdra, Tyrós, Leonídio.
Byar og landsbyar langs bukta er:
- Tyrós, SV
- Leonídio, SV
- Ástros, V
- Mýli, NV
- Néa Kíos, NV
- Návplio, N
- Toló, N
- Pórtokhéli, SA
- Spétses, SA
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Argolic Gulf frå Engelsk Wikipedia .